Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Hausten 2014 - November

Sida er sist endra 9.11.14

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Sjå bileta frå Grunnlovsjubileet i Ølen

Grøn og mild Haust
Steinar 16.11.2014
Midt i november månad.  var bakkane ennå grøne. Dei syner teikn på at graset veks.  Ekstra flott var det med sol frå blå himmel over Vikebygd den helga. Når November tonar ut vil temperaturane ennå liggja på 3-7 grader i første del av desember.  


Vi er midt i november månad.  Likefullt er bakkane ennå grøne og syner teikn på at graset veks.  Ekstra flott var det med sol frå blå himmel over Vikebygd denne helga.

Vasslivatnet, nord i Vikebygd 
Ved Vasslivatnet
Svanene er komne til vinterheimen sin

av Steinar Skartland 16.11.2014

Heilt sør i Vasslivatnet var det 8 svaner som beita på sivet søndag. Truleg dei same som har vore her år etter år. Fire songsvaner, kjenneteikna av sine gule nebb, kvite fjørdrakt og rette hals. Dei symde saman med fire ungfuglar, truleg borna frå kulla i vår. Fødde kanskje i Finnmark eller nord i Russland. Ungfuglane av songsvanene er i fasong like dei vaksne, men med grå fjørdrakt og grå-lyseraude nebb.

Vasslivatnet (også kalla Skartlandsvatnet) er ein god stad for songsvanene å bu gjennom vinteren. Vekslar litt mellom Bruarvatnet (Bakkavatnet) og andre tjern i bygda. Songsvanene lever mest utelukkande av vassplanter. Dei beitar mest på botnplanter og føretrekkjer grunne innsjøar med mykje vegetasjon, gjerne mindre vatn i skoglandskap.
Les meir om songsvaner her.


Er det interesse for at det blir starta opp igjen ein
UNGDOMSKLUBB
    i bygda?

Ungdomsklubben 'First Floor' var aktiv i fleire år. Nå er dette lenge sidan.  Klubben, som var for ungdom i alderen 13 - 18 år, heldt til på klubbrommet på Bygdahuset og var open annankvar laurdag.

Er DU interessert i at det igjen blir aktivitet i klubben?
Viss ja - då vil me gjerne vita det, treffa deg - og planleggja vidare saman med deg!
Ta kontakt med Ola, Solveig eller Line.



Varden som Roald Årvik mura på Dyraskorfjellet i vår, er godt synleg nede frå bygda.  Ekstragodt om ein nyttar ein kikkert.  Link til artikkelen

Berre ein skikklege hardhaus i bygda
Arne Tveit 30.10.14

Roald Årvik var den einaste som fullførte alle toppane på ein dag, sist søndag.
 
Nå utfordrar Arne Tveit til ny tur søndag 2. november.

Hardhausen del 2:
Det er berre ein skikklege hardhaus i bygda, det var berre Roald som fullførte alle toppane i griseværet sist søndag. Søndag 2. nov. blir det ny mulighet for å ta dei 3 toppane i Sørafjellet. Start frå Bjordal kl. 13.00. Ta med lykt til siste del av turen.

Slutt på nutakasse-sesongen for i år
Også den 2. november var vêret dårleg.  Nokre få tok turen for å ta inn bøkene i nutakassane. Nå er sesongen definitivt slutt.
 


Bakeglade vikebuar vert invitert til
Felles JULEKAKEBAKING på Bygdahuset
• onsdag 19.november (kl 18 – ca. 21)
• torsdag 20.november (kl 18 – ca. 21),
melder Gunn Vikingstad, styreleiar i Bygdahuset.

- I år arrangerer me felles julekakebaking på Bygdahuset, fortel Gunn Vikingstad, og held fram: - Nå har me fått så god omn at me reknar med at det vil gå unna!  Det er lagt opp til to kveldar. Blir det fullt på dei får me prøve å få til fleire.

- Me kjøper inn alle ingrediensar (og lagar kanskje nokre deigar) på førehand. Så går kvelden med til å bake minst 7 sortar, drikke kaffi, prate og ha det hyggeleg saman! Før me går heim deler me baksten (og kostnadane). Dermed er dei fleste av oss ferdige med julebaksten for i år! Påmelding til Solveig - tlf 959 00 136 - eller Gunn 488 91 754 seinast 9. november.

Gunn ynskjer velkommen til alle som har lyst å vere med og oppleve ein ny "vri" på julekakebaksten!
Sjå plakaten her


Klikk her for å lese meir om BingoenVikebuen inviterer til
BINGO
Stad: Vikebygd Bygdahus
Dato: 13.november og 11.desember
Tid: kl 20:00

Vikebuen vil arrangere to torsdags-bingoar i haust,
etter go` gammeldags oppskrift!! 
Sjå plakaten her
Arr.:  Vikebuen

VIKEBYGD GRENDAUTVAL INFORMERER:

ÅRSMØTE 25. nov.
Det blir årsmøte tirsdag 25. november kl 19:00, på bygdahuset.

Ordførar Ole Johan Vierdal kjem og vil halde eit innlegg med tema:
"Vikebygd si framtid, kommunen sine tankar omkring dette."

Grendautvalget vil informere om saker som gjeld alle i bygda vår.

Det vil bli servering av kaffi og noko attåt.

Vel møtt til et konstruktivt og kreativt årsmøte.    Last ned plakaten


VIKEBUEN ARRANGERER
JULEMESSE
På Bygdahuset i Vikebygd Laurdag 29.november 2014,
Kl.12:00 – 16:00, 
Sjå programmet her.

SPEIDARANE I VIKEBYGD INVITERER TIL

GLOBALKAFÉ
PÅ BEDEHUSET
ONSDAG 12. NOV KL. 18:00 – 20:00

Sal av kaffi, bollar og kaker. Inntektene går til KFUK/KFUM Speidarane sin Globalaksjon som i år er til barn og unge i Tanzania. (Ilula Orphan Program og Ilula Ywca)

Småspeidarane går rundt i bygda med bøsser same dag frå kl 17.00 til 18.30
og samlar inn til same formål.  Sjå plakaten her.



av Vikebuen, v/ Inger Kathrine Sundve, 2.10.2014
Frist for innsending av forslag: 10. november 2014
Kven som blir Årets Vikebu 2014 blir offentleggjort på
Julemessa 29. november.
Klikk her for å lese meir om saka
Tittelen Årets Vikebu tildelt
Roald Årvik

"for imponerande innsats med rydding og tilrettelegging av turar i nærmiljø og fjellheim."

Dette var velfortent heider for det flotte arbeidet Roald har drive med dei seinare åra.  Han var ikkje sjølv til stades under utdelinga, men familien fekk med seg diplom, blomar og ein krystall med inskripsjon.  Så reknar vi med at Roald Årvik også i åra frametter vert å sjå når han stikk ein tur opp i Vikefjella.
Klikk her for å sjå ei større utgåve

Julemesse i Vikebygd
Utdelinga var prikken over i'en og siste post på ein travel og kjekk dag på bygdahuset.  Her var ei rad med utstillarar med salsboder.  Mange fekk ordna med julegåvene denne laurdagen.  Andre var der for å treffa kjende og slå av ein prat over ein tallerken med graut eller kake og kaffi.
Kjør film....

Sjå fleire bilete frå julemessa her, og les resten av artikkelen.
 

 
 
 
 
 
 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Ymse frå november 2014
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg