Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Hausten 2014 - Oktober

Sida er sist endra 9.11.14

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Berre ein skikklege hardhaus i bygda
Arne Tveit 30.10.14

Roald Årvik var den einaste som fullførte alle toppane på ein dag, sist søndag.
 
Nå utfordrar Arne Tveit til ny tur søndag 2. november.

Hardhausen del 2:
Det er berre ein skikklege hardhaus i bygda, det var berre Roald som fullførte alle toppane i griseværet sist søndag. Søndag 2. nov. blir det ny mulighet for å ta dei 3 toppane i Sørafjellet. Start frå Bjordal kl. 13.00. Ta med lykt til siste del av turen.

Slutt på nutakasse-sesongen for i år
Også den 2. november var vêret dårleg.  Nokre få tok turen for å ta inn bøkene i nutakassane. Nå er sesongen definitivt slutt.
 


Innsamling av kler til Ukraina
Onsdag 22. og torsdag 23. oktober vart det samla inn sekker med kler på bedehuset i Vikebygd. Torsdag ettermiddag kom lastebil frå organisasjonen "Opne Heart" og henta desse.  Sekkene vert seinare sortert og transportert til Ukraina. 
Les om innsamlinga i fjor, her.

Fylkesmannen si beredskapsavdeling varsla om
Flom, jordskred og høgt tidevatn

av Steinar Skartland 25.10.14

Laurdag 25.10., klokka 16, sende Fylkesmannen si Beredskapsavdeling ut fylgjande:
Mykje regn vert varsla på søndag.  Mest i nordlege deler av Rogaland fylke. NVE har sendt flom og jordskredvarsel. 

I tillegg har Met varsla høgt tidevatn søndag, frå Stavanger og nordover. Opptil 165 cm over sjøkartnull.  Sjå flo og fjøretider, og havnivå for Vikebygd, her.

Vikebygd har truleg føre seg ei våt veke med vind frå sør dei første dagane.
Les her meldinga frå YR.NO for dei neste 10 dagane.


Badminton i Vikebygd
Stein Andor Sundve inviterer igjen til trening på Bygdahuset
Søndag 26. okt., klokka 18:00-21:00.
Info her eller:
Stein Andor Sundve, Mobil: 480 91 384, E-post: stein.andor@sundve.no

Øyvind inviterer deg til:
Ut på fjelltur, søndag.
Hardhausen - tur frå Skartland til Bjordal via seks fjelltoppar
.
Start frå Skartland sundag 26. Oktober klokka 9:30.

Ca 8 timar jamn gange.
Gje beskjed om at du blir med til telefon 950 51 159.
 

Hausten er komen - Ingen veg tilbake


Bakkafossen      foto:  Steinar Skartland 4.10.2014



Klikk her for å lese meir om saka

Volleyballtrening for Ungdom
startar opp på Bygdahuset

for gutar og jenter frå 7.kl – .. og oppover

Onsdagar klokka 19:30-20:30
….er det vaksne som har lyst å læra og spela
volleyball, er desse også hjarteleg velkomne.

Fyrste trening blir:
ONSDAG 15.oktober kl 19:30-20:30
…..og trenar blir Arne, Siv Bente og Solveig.

DAME OG HERRE TRENING: Onsdagar kl 20:30-22:00

 Les meir om tilbodet her                          -Volleyballgruppa-



Les meir her


Heile Rogaland les Grand Manila av Kjartan Fløgstad.
av biblioteksjef Any Heggebø  19.9.2014

I 2014 fyller Saudabuen og forfattaren Kjartan Fløgstad 70 år. Dette blir feira i heile Rogaland gjennom prosjektet «Hele Rogaland leser». 40 000 eksemplar av romanen Grand Manila blir delt ut gratis, til alle som vil ha.

Handlinga i Grand Manila tek utgangspunkt i den fiktive industribyen Lovra i Ryfylke, og følgjer ei rekke familiar og livsløp frå tida etter 2. verdskrig og fram til våre dagar. Person-galleriet tek oss med til India, USA, Finland og Forus. Grand Manila byr på industrihistorie, røvarhistorier, brylkrem og kjærleik.

Onsdag 1. oktober, kl 19.00 kjem dei til Vindafjord bibliotek
Som ein del av denne feiringa, legg Kjartan Fløgstad ut på turne saman med journalisten Cathrine Sannes.  Onsdag 1. oktober, kl 19.00 kjem dei til Vindafjord bibliotek.  Nytt høve til å møte forfattaren Kjartan Fløgstad i samtale med journalisten Catrine Sannes.
Informasjon her


Fullmåne 8. oktober
Vêromslag kjem ved fullmåne eller nymåne?

av steinar Skartland

- Det korte svaret er at ja, månefasen påverkar i teorien været, svarar meteorologen hos YR.no.  - Men verknaden er veldig liten, og vi klarar ikkje heilt å fastslå akkurat korleis det skjer. 

På same måten som månen set opp ei tidevassbølgje i havet på grunn av tyngdekraft si, vil den også setje opp ein bølgjebevegelse i atmosfæren.  Vi kan kanskje omtale det som «tideluft».

Jorda passerar gjennom eit støvband - kan gi meteorregn
Kjelde: Numerologen

8.-9. oktober så kan det toppa seg med stjerneskot fordi då passerar Jorda gjennom eit støvband frå kometen Giacobini-Zinner, også kalla Draconid.

Denne kometen ga eit fantastisk skue på himmelen med meir enn 10000 meteorar i timen i 1933 og 1946, og ga mindre utbrot i 1985, 1998, 2005 og 2011. Det er visstnok sjeldan at vi får stjerneskot frå denne, men ein kan aldri veta. I 2011 blei det observert opptil 600 meteorar i timen frå Draconid, noko også er svært imponerande.


Heile Vindafjord syng!
Hausten 2014 går kultureininga saman om:

Ein syngjande skule
+ Song i eldreomsorga
+
Song og helse
+ Song for alle
= Ein syngjande kommune

Eining kultur i Vindafjord kommune satsar denne hausten på «Heile Vindafjord syng». Allsong skaper god helse, fellesskap og positive haldningar!  Det er laga eit songhefte som skular, institusjonar, privatpersonar, lag og organisasjonar kan få gratis på Servicetorget.

Det er og laga eit melodihefte med besifring for dei som treng det. I samband med prosjektet blir det arrangert allsongkonsertar på skulane, institusjonar og elles nytta song i kommunestyret og ved andre høve. Prosjektgruppa ynskjer at songheftet og allsong vert tatt i bruk på alle tenkelege og utenkelege arenaer denne hausten.

Hent songhefte i Servicetorget på rådhuset, og stem i!
Kontaktperson ved behov for meir informasjon er: Guri L. Ravatn. Tlf 53655861

Last ned brosjyre  og  plakaten for meir informasjon.


Tysvær Vepro
tilbyr stell av graver i Vikebygd
Steinar 20.10.2014

- Vi har nå inngått avtale med kyrkjeverja i Vindafjord, fortel driftsleiar Nils Bernt Stråtveit i Tysvær Vepro. - I Vindafjord vil vi foreløpig kunna tilby denne tenesta på kyrkjegardane i Skjold, Vikebygd, Bjoa, Ølen og Vats.

Dei har to typar stelleavtalar. Ein «vår/sommaravtale» og ein «Heilårsavtale». Ein føresetnad for å laga ein stelleavtale er at det vert sett ned ein "sjølv-vatnings-plantekasse" på gravstaden.  For denne betalar festaren ein eingongssum. Deretter vil Tysvær Vepro planta i kassen ut frå kva avtale dei har inngått.

- Etter å ha planta på gravplassen, kan vi ta bilde og senda på mobiltelefonen til dei som ønskjer det. Dei som har spørsmål, eller ønskjer seg ein gravstellavtale, kan ta kontakt med: Mirjam Fjeldheim-Berge, på telefon 932 16 679, eller 5275 8860.

Kven er så Tysvær Vepro?
Tysvær Vepro er ei kommunal sysselsetjingsverksemd som gir muligheit for tilrettelagd arbeid for arbeidstakarane. Hovudmålet er å gi den einskilde arbeidstakar auka livskvalitet i ein meiningsfull arbeidsdag, med ulike arbeidsoppgåver.

- Vi driv med mange ulike arbeidsaktivitetar og kan nå mellom anna tilby gravstell, fortel Nils Bernt Stråtveit. - Andre tenester som vi gjer er produksjon av ved og tenneved for sal. Vi driv også ein liten brukt butikk, har ein snikkarverkstad, mattevaskeri, dekkskift og plenslått. I tillegg gjer vi andre oppgåver for Tysvær kommune


Haustfargar i Vikebygd i oktober

Haust i Vikebygd
Haustfargar pregar bygda.  Her sett opp mot Såta 11. oktober.  Den siste tida har vind, kraftig regn og torevêr prega kvardagar og netter. Då fell også lauvet raskt av greinene.
Oktober
 
Flotte haustfargar i fjellet og i bygda. Her: Longåsdalsvatnet.
Longåsdalen 5. oktober
 
Ved Bakkafossen i oktober
Ved Bakkafossen  4. oktober     

foto:  Steinar Skartland 4.10.2014
 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg