Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Fotballkampar og arbeid for kunstgrasbane

Sida er sist endra 24. sept. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Ekstraordinært årsmøte
- sjå her


Fotballkveld på Vikebygd stadion onsdag 24.9.
J10 jentene frå Vikebygd slo Bjoa 3-1

av Steinar Skartland 24.9.2014

Det var duka for idrett på fleire nivå i Vikebygd onsdag 24. september.  På fotballbanen kjempa mini-jentene frå Vikebygd mot jentene frå Ølen. Her var det gjestene som vann
2-1.  På nabobanen var det 10-års laget som slo Bjoa 3-1. Jentene er 5 spelarar på kvart lag.  I tillegg er det fleire innbytarar slik at dei kan skifta i å vera på banen.  Litt regn i lufta, men stort sett opplett så lenge kampane varte. 


Smil og glade ansikt prega jentene som spela for Vikebygd og Ølen.


To gonger klarte "minijentene" frå Ølen å få ballen inn mellom stengene hos Vikebygd, som svara med eitt mål.


På banen ved sida av spela 10 års-gruppa av jentene frå Vikebygd mot Bjoa sitt J10 lag.  Også her var det 5 på banen frå kvart lag.  Etter ein spennande første omgang leia Bjoa 1-0 over Vikebygd.  Men i andre omgang snudde Vikebuen resultatet til ein siger på 3-1.


Ekstraordinært årsmøte i Idrettslaget
Vil sats
e 3 mill. på hall med kunstgrasbane
av Steinar Skartland 24.9.2014

Det møtte 19 vaksne medlemmer i idrettslaget til det ekstraordinære årsmøtet 24. september, på Bygdahuset. Her var berre ei sak:  Vedtak om å jobbe vidare med planane om å byggja ein hall på 48 x 28 meter på grusbanen.  Denne skal romma ein kunstgrasbane på 40 x 20 meter.

Martin Larsen og Rune Hetland i prosjektgruppa for hall 
Rune Hetland frå "arbeidsgruppa for kunstgrasbane under tak," orienterte om planane med budsjett og finansieringsplan.  Idrettslaget har alt sikra seg byggjeleiar.  Det er Martin Larsen, som også set i arbeidsgruppa. Han orienterte om planane for sjølve byggjearbeidet på hallen, som er av typen rubbhall.

Samla årsmøte bak vedtaket
Det var ingen som flagga at dei var kritiske, men det kom ei rekkje spørsmål til prosjektet.  M.a. korleis ein skal løysa parkering under Vikeputten når grusbanen vert bygd på. Det er ikkje planlagt nye parkeringsplassar, men dette må løysast både med å låna vegen til transformatorstasjonen, skuleplassen og ved kyrkja.  I tillegg til parkering langs hovudvegen. Dei røysteføre medlemmene (17) som var møtt fram røysta samla for å gå vidare med arbeidet.  Men det er likevel fleire forhold som må falla på plass før ein endeleg kan tinga hallen.  M.a. gjeld dette finansieringa, men her har styret og prosjektgruppa ein realistisk plan.  Rune Hetland har stor tru på at dei skal koma i gong med hallen nå i vinter og få den klar til bruk alt før våren kjem.

Les protokollen frå årsmøtet her.

Finansiering nær i boks
Kostnaden er totalt kalkulert til 3 millionar kroner pluss moms.  Årsmøtet vedtok å oppretta eit aksjeselskap som skal stå for bygging og drift av hallen.  Dermed vil dei kunna få fråtrekk for momsen.  Aksjeselskapet skal så leiga ut hallen til idrettslaget og andre aktuelle leigetakarar. Sjølv om hallen primært vert bygd for fotball, er det også planar at den skal kunna nyttast til fleire ulike idrettar.  M.a. handball, basketball, volleyball, friidrett m.m.  Utfordringa her er at ein fotballbane skal ha eit mjukare underlag enn t.d. handball som krev meir sprett i golvet.  Dette vert tilpassa m.a. med tjukna på gummi under kunstgraset, men det kan ikkje endrast seinare.

Idrettslaget har sjølv midlar til å kunna stilla med eigenkapital på 1 million kroner, og reknar med ein betydeleg dugnadsinnsats, spesielt på betongarbeid. Midlane er m.a. spara opp frå overskott frå "Vikeputten" og andre arrangement. SR-bank har gjeve melding om at dei kan yta lån på inntil 1,2 mill. mot pant i hallen.  Styret vonar at dei skal klara seg med eit lån på 1 mill. som skal nedbetalast over 10 år.

Dei har tilsegn på kr 200.000 frå Thomas og Liv Bakkevigs fond for støtte til barne- og ungdomsarbeidet i Vikebygd. Her kan dei også søkja støtte for 2015.  Vindafjord Arbeidsgjevar Forum (VAF) skal avgjera søknad om midlar ein av dei første dagane.

Styret i idrettslaget sat samla framføre årsmøtet.

For liten hall til tippemidlar.
Det er ikkje teknisk mulig å dela opp prosjektet og byggja banen først og hallen seinare. Det må skje samla. Til Rubbhallar blir det ikkje gjeve tippemidlar, skriv prosjektgruppa. Idrettslaget prøver å klara finansieringa utan. Dei ser på fleire andre muligheiter for å søkje støtte.

 

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Det vert halde ekstraordinært årsmøte i Vikebygd Idrettslag onsdag 24. september 2014 kl 19:00.

Saksliste:  Oppføring av kunstgrasbane i Hall.

Stad: Klubbhuset, 24 09 14 kl 19.00
Styret for Vikebygd IL
 
 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg