Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Rettferdig handel

Sida er sist endra 22. sept. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Vindafjord kommune
Godkjend som Fairtrade kommune

av Steinar Skartland 23.9.2014.

Les om Fairtrade Norge-Fairtrade er ikkje eit produkt eller ein produsent, men ei godkjenningsordning, påpeika Andreas Feen Sørensen frå Fairtrade Norge då han kunne overrekkja godkjenning som Fairtrade kommune til Vindafjord. 

-Fairtrade er verdas største og mest kjende merkeordning for rettferdig handel.  Fairtrade-standardane sikrar betre arbeids-forhold og handelsvilkår for bønder og arbeidarar i utviklingsland, slik at dei kan investera i produksjon, lokalsamfunn og ei bærekraftig framtid. Bønder i fattige land kan slik sikra seg ei inntekt gjennom å få seld dei produkta som dei dyrkar.

Måndag 22. september var det ei høgtideleg markering på rådhuset av at Vindafjord er godkjend som Fairtrade kommune.  Ordførar fekk overekt innramma diplom som skal syna at kommunen har forplikta seg til å leva opp til dei prinsippa som Fairtrade har lagt til grunn for godkjenninga.

Programmet starta med flott musikk av Lasse Jarmer og Kjell Ravatn.  Noko som enda med allsong i Rådhuset denne kvelden. 


Fremst står medlemmane i den kommunale Fairtrade komiteen:
Torunn Tvedt (KrF), Gunnbjørg Nesbu (servicetorget/kommunen), Guri Ravatne (SV). Bak står John Leiv Dahlseng (Tysvær Fairtrade), Ole Johan Vierdal (ordførar) og Andreas Feen Sørensen frå Fairtrade Norge, som informerte om Fairtrade og overrekte diploma til ordførar på vegne av kommunen.

Gunnbjørg Nesbu viser fram Fairtrade prroduktNå utfordrar dei alle innbyggjarar i kommunen om å sjå etter Fairtrade merket på matvarer når dei skal handla i butikkane.  Det produktet som står for den nest største omsetninga i Noreg, er kaffi.  Alle leverandørane av kaffi til den norske marknaden, er godkjente fairtrade  verksemder og leverer fairtrade kaffi i varespekteret sitt.  Men det betyr ikkje at all kaffi bidreg til rettferdig handel.  Det er det du som avgjer gjennom å velja dei produkta som har fairtrade merket.  Eller å spørja i butikken etter fairtrade produkta.
Gunnbjørg Nesbu som er sekretær for styringsgruppa, og kommunen sin representant, viser fram nokre av dei mange Fairtrade merka produkta.  Sjokolade, frukt, blomar, kaffi, te eller juice, er nokre av desse.  Dei som møtte til arrangementet fekk ikkje berre informasjon, men også smaka på fleire produkt.

Desse produkta er like gode som andre dei konkurrerer med.  Det er berre å prøva.
 

Sjå her oversikt over Fairtrade godkjente kommunar i Noreg


John Leiv Dahlseng overrekkjer blomar frå Tysvær Fairtrade til prosjektleiar Gunnbjørg Nesbu i Vindafjord kommune.

 
Invitasjonen:
 

Fairtrade NorgeDu vert invitert til ope møte
på Rådhuset i Ølen, om:

FAIRTRADE VINDAFJORD


Det vert halde eit ope møte i samband med etableringa av Fairtrade Vindafjord,
den 22. september kl.19:.00 på Rådhuset i Ølen.


Her ynskjer me å samle ulike aktørar i kommunen for å få til eit samarbeid og ein felles ståstad for rettferdig handel.  (Les meir om Fairtrade)

Program for samlinga:
Kulturelt innslag
Innlegg av representant frå Fairtrade Norge – Informasjon og utnemning
Innlegg av Fairtrade kontakt i Tysvær kommune – John Leiv Dahlseng
Smak av Fairtrade produkt
Innlegg om planar for vidare arbeid i Fairtrade Vindafjord
Innspel og dialog

Velkommen til ein kveld med eit spennande tema. Håpar mange vil setje av kvelden.
Helsing Gunnbjørg Nesbu
Sekretær i Fairtrade Vindafjord
 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg