Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Aktivitetsdagen på idrettsplassen

Sida er sist endra 20. sept. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Vikebygd Idrettslag samla familiane til
AKTIVITETSDAGEN på idrettsplassen

LAURDAG 20. SEPTEMBER

av Steinar Skartland 20.9.14
 

Trass regn i lufta så var det omlag 100 store og små som stilte opp på idrettsplassen då klokka passerte halv tolv.  Ikkje for å bli bygdemeister, men for å ha det gøy i lag.  Vikebuen veit å få slikt til. 

Born og vaksne deltok i fleire idrettsaktivitetar saman denne dagen.  Andre valde å vera tilskodarar og kosa seg med kaker, kaffi og grillmat.  Dette er ein tradisjon som avløyste mange år med Kvamsåsen Rundt då det løpet vart nedlagt.


Her går starten på 60 meteren. Inndelt i fleire puljar etter alder.  Premie fekk alle som stilte opp i konkurransane: 
• Fotballferdigheiter, lengdehopp, Kulestøyt, Speedorientering, Sykkelferdigheiter,
• 60 m løp og 400 m baneløp med fellesstart
• Triatlon kamp mellom grendene i bygda (med stylter, 60 m løp og sykling)


Sørabygda vann ein overlegen seier i Triatlon for vaksne.  Her er rundar Jon Magne siste sving mot mål på sykkel.

Det var profesjonell tidtaking på deltakarane som sprang 60 meteren og 400 meteren. Stein Anton sørgde for digital tidtaking, mens Gunnar Birkeland måtte ha hjelp av fleire for å halda oversikt over rekkjefylgja dei kom i mål på.  Alle skulle skrivast inn med rett tid.

 

 



Idrettslaget sitt klubbhus kjem godt til nytte på slike dagar.  I den store kiosken var fleire på dugnadsarbeid med å selja kaker, kaffi, pølser og hamburgar, rett frå grillen utanfor. 

Aktivitetsdagen hadde også sikra seg ein dyktig speaker som både ga informasjon og kommentarar over høgtalarane frå dei ulike
Anne Marthe Waage Tveit i aktivitet som speakerkonkurransane og aktivitetane. 

Anne Marthe kjenner namna på både store og små, etter fleire år som lærar og rektor på skulen i Vikebygd.  Det gjorde kommenteringa ekstra levande, sjølv om ho bomma på kven som kom først mot mål i Triatlon.

Dette er eit av fleire arrangement der folket i Vikebygd står saman om å få det til.  Tiltak som byggjer fellesskap og bidrar til trivsel i bygda. 
 


Dag Hans Nagel Alne i mål på andre plass i Triatlon.


Frå starten av Triatlon for vaksne. Håvard Tveit på veg til veksling, tett følgd av Steinar Skartland og Jorun Tjoflot.

Sjå bilete frå aktivitetsdagen 2013


AKTIVITETSDAG
PÅ IDRETTSPLASSEN I VIKEBYGD LAURDAG 20. SEPTEMBER Gjeld alle aldrar! 

ALLE PÅMELDTE ER MED I FYLGJANDE TREKNINGAR:
0-17år: To billettar til FK Haugesund
Over 17år: Gåvekort på 2 mnd. trening frå Joker Vikebygd Treningssenter
PROGRAM:
Påmelding kl 11:30. 
Kr 50,- pr. deltakar;  kr 150,- for familie. Alle påmelde får premie.
12:00 – Aktivitetar:
• Lengdehopp, Kule, Orientering/Speedorientering, Fotballferdigheiter
• Sykkelferdigheiter (ta gjerne med sykkel og hjelm), 60m løp
• Triatlon kamp mellom bygde (sykkel, stylter & løp)
• 400 m Baneløp (Fellesstart alle aldersklassar)
Resultat/premiar, slutt seinast kl 14:30
Klikk her og sjå bilete frå 2013SAL:
Under heile arrangementet blir det sal av
pølser, lappar, kaker, havregrynsuppe, brus
og kaffi.

Heile arrangementet skjer utandørs.
Husk kler etter vêrforholda.
Arrangør: Vikebygd Idrettslag

Sjå bilete frå aktivitetsdagen 2013

 


EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Det vert halde ekstraordinært årsmøte i Vikebygd Idrettslag onsdag 24. september 2014 kl 19:00.

Saksliste:  Oppføring av kunstgrasbane i Hall.

Stad: Klubbhuset, 24 09 14 kl 19.00
Styret for Vikebygd IL
  

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg