Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Vikestølsmarsjen 7. september 2014

Sida er sist endra 8. sept. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Vikestølsmarsjen 25 år
Stina slo sjølv dei mest erfarne i konkurranse

av Steinar Skartland 7.9.14

Omlag 90 store og små tok turen til Vikestølen søndag 7. september og fekk ein fin dag med sol, lapskaus, kaker og hesteskokast.  Dei vart imponerte av Stina Nes som slo sjølv dei mest erfarne vaksne i hesteskokast.
 

Ved sida av Vikestølshytta hadde Ola Harald Alne rigga opp bane for hesteskokasting.  Klok av tidlegare erfaring var banen sperra av med stigar som var lagde på høgkant.  Det Ola Harald Alne reknar ut poengsummen for Stinavar også i år nok av eksempel på hestesko som spratt og trilla langt ut i grøft og skogkant.  Trond Halvorsen og Øystein Sandsgård var nok rekna som favorittar.  Kjende for å ha delteke mange gonger og rykta seier at dei har trena mykje opp gjennom åra.  Trond enda på 33 poeng og førsteplass mellom menn.  Øystein måtte nøya seg med 26 poeng. 

Men då Stina tok dei 5 metall-hesteskoa i hand, vart også veteranane i denne spesielle sporten imponerte.  Ein etter ein la hesteskoa seg inntil eller rundt jarnpinnen som var målet. Ho enda på heile 69 poeng og med alle skoa teljande.  To av dei rundt pinnen.  kanskje ein bør premiere også vinnar uansett klasse?

- Me må kanskje endra på reglane neste gong, føreslo Jarle Sandsgård, - for der var det ei jente som knuste samtlege med heile 69 poeng!

Imponerande kast der skoa falt ned meir samla enn ein til vanleg opplever. Elles var vinnarane i klassane  Gutar: Kristoffer Sandsgård (9 p); Damer: Anne Lise Sandsgård (10 p.) og i Herreklassen: Trond Halvorsen (33p).

Meldt ekstremvêr - men ikkje på Vikestølen
Det var meldt ekstremnedbør i Rogaland. Meteorologisk institutt ga ei prognose på inntil 100 millimeter nedbør i døgeret fram til søndag.  Men det råka ikkje Vikestølen.  Grått, men opplett vêr var starten på dagen, og etter kvart kom sola fram.  Dette førte også til at ein del kom litt seint av garde. Deltakartalet enda likevel på 90 personar som kunne kosa seg på stølen.  I hytteboka med gratislodd var det skreve inn 830 personar siste året. Dette er som normalt, men då ikkje alle skriv seg inn er nok talet besøkjande godt over 1000 i året.

På turboka vart trekt ut ein tursekk mellom deltakarane.  Vinnaren i år vart Laila Espeland.  I tillegg var det seld lodd der dei trekte ut mange vinnarar.

Vikestølsmarsjen 2014Inntektene går til Vikestølshytta og her skal dei nå til å fiksa ein av veggene, fortalde Jarle Sandsgård.  Det går med både pengar og dugnadstimar til å halda dette bygget ved like.  Opphavleg var det ei skulestove på Bjoa som etter endt teneste der vart plukka ned.  Tømmeret merkt og transportert opp til stølen der dei sette bygget saman igjen.  Dei siste åra har idrettslaga på Bjoa og i Vikebygd gjort mykje arbeid med maling, bordkledning og anna for å sikra eit godt turmål for dei som vil gå til fots innover skogsvegane frå Eikås eller Vikebygd.  Også frå Ølensvåg og Vats er det stiar og skogsvegar som folk nyttar hit.
 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg