Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Sjømannsmisjonsforeininga i Vikebygd - 23. august 2014

Sida er sist endra 23.aug. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
 
Sjømannsmisjons-foreninga markerte 150 års jubileum i 2014
MISJONEN FEIRA MED GRAUT OG BASAR i Vikebygd

av Steinar Skartland 30.8.2014

Vikebygd har hatt ei aktiv foreining for Den norske sjømannsmisjon i mange år.  Dei arbeider for sjømannskyrkjene, som nå vert kalla: Norsk Kirke i utlandet.  Før var det norske sjøfolk sitt møte med ein bit av Noreg i ei framand hamn.  I dag er dei like mykje til for sjåførar på langtransport, nordmenn på oljeplattformar og norske turistar i utlandet.  Sjømannskyrkja på Gran Canaria er vel eit eksempel på det siste.  Kvinnene i foreininga har vore med i mange år.  Før gjekk samlingane på omgang mellom heimane deira.  Nå er det bedehuset som er samlingsstaden.

Graut, basar og misjon

I år kan Sjømannsmisjonen feire sitt 150 års jubileum.  I Vikebygd inviterte den lokale foreininga inn til å kjøpa graut på bedehuset på laurdag den 23. august.  Dei vart overraska over kor mange som tok imot tilbodet.  Kvinnene bak arrangementet måtte i hu og hast få laga meir graut.  Plakaten som fortalde om stor og liten porsjon vart redusert til "liten porsjon", sjølv om nok dei fleste syntes at også den var stor. Det var folk i alle aldrar som kom til graut og sosialt samvær.

Langs veggene hang rader med klær, dukar og sokkar.  Kvinnene i misjonsforeininga har vore flittige med å strikka, hekla og sy, noko som har kjenneteikna dette arbeidet frå det starta opp. Klokka to (14:00) kunne Anne Lise Auestad ynskje velkommen til basar der 50-60 personar vart med.  Ho er ikkje berre aktiv i den lokale foreininga, men brukar mange veker kvart år ved ei av sjømannskyrkjene i Spania, der ho også tek del i arbeidet.  Ho starta basaren med å minnast ein av dei trufaste medlemmene, Anne Marie Bjørnevik, som gjekk bort før sommaren.  Det vart eit minutt stillhet for å markere henne. 

Det var også ei anna Anne Lise med på basaren.  Ho er ein glad sangevangelist som har sunge inn fleire CD'ar. Etternamnet er Brekke Lien. I det siste har ho gjort seg kjend med å arrangera gospelkor saman med Lene Bjerga.  Dette for folk i alle aldrar og med konsert i juni.  Dei held fram i haust.

Under basaren spela ho og song ei rekkje jublande songar der ho også fekk med seg folket i salen. 
 
Jubileumsfeiringa

Geir Myklebust, sjømannskyrkja sin områdeleiar for Vestlandet, deltok i arrangementet med film og informasjon om arbeidet, Jubileumsturen med skoleskipet Gann og jubileet som også vert feira laurdag 30. august i Vår Frelsers kirke, i Haugesund.  Dei har også stand på oljemessa i Stavanger, der dei 10 nordsjøprestane deltek.  Gannturen var ei festreise i samband med Sjømannskyrkja sitt 150 års jubileum. Dei segla m.a. til Aberdeen, London, Rotterdam og Hamburg for å besøkja og markera Sjømannskyrkja sitt arbeid.

Målet for sjømannskyrkja er å gå med Guds ord til alle.  Å vise Guds ord i praksis.  Mange på ferie i 'Syden' som har vorte sjuke eller robba, har også funne hjelp her, fortalde Arne Myklebust, som peika på at vi alle er skapt i Guds bilete med ein unik verdi.

I Vikebygd vart jubileet markert med kaker og kaffi før det var tid for åresalg og trekking av dei mange flotte premiane, laga av kvinnene i sjømannsmisjonsforeininga i Vikebygd, supplert med både gåver og innkjøpte gevinstar.

Vi ynskjer foreininga og sjømannsmisjonen lukke til vidare i arbeidet.

Start for 150 år sidan
Johan Cordt Harmens (Storjohan 1832-1914). 
Den Norske Sjømannsmisjon
blei stifta den 31. august 1864, under namnet "Forening til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne". Det var den bergenskfødde Johan Cordt Harmens Storjohan som tok initiativet til det som skulle bli "eit lite stykke Noreg" for så mange norske sjømenn i utanriksfart.  Han skulle eigentlig ta over faren si forretningsverksemd i Bergen, men dette låg ikkje for han. I staden tok han teologisk embetseksamen i 1860. 

Han gifta seg i Bergen med Hanna Holmboe. Gjennom dette ekteskapet kom han i større grad i kontakt med det misjonsinteresserte miljøet i byen. Hausten 1863 drog han på studiereise til Skottland for å setje seg inn i kyrkje- og skuleforhold.  På eige initiativ heldt han ei gudsteneste for norske sjømenn i Leith, og blei gjennom samtale med en av tilhøyrarane overbevist om nødvendigheita av kyrkjeleg arbeid for norske sjømenn i utlandet. Han prøvde å vekkja interesse for dette arbeidet under Det norske Missionsselskabs generalforsamling i Bergen sommaren 1864, men fikk ingen respons. 

Den 31. august same år samla han derfor 7 menn som han visste var interessert, og stifta organisasjonen. I den påfølgande tida reiste han rundt i Noreg og fikk stifta lokale støtteforeininger i 27 byer. Han blei den første norske sjømannsprest i London i 1868.

Les meir her  (kjelde: Riksarkivet og Statsarkivene)

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg