Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Nytt kjøkken ferdig på Bygdahuset

Sida er sist endra 21. sept. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
BygdahusetBygdahuset i Vikebygd
Nytt kjøkken kunne
endeleg takast i bruk

LAURDAG 20. SEPTEMBER

av Steinar Skartland 21.9.14
Stor innsats for å gjera bygda si storstove betre eigna for lokale arrangement.
 
Nytt og moderne storkjøkken på Bygdahuset i Vikebygd
Laurdag 20. september kunne dei første leigetakarane av Bygdahuset arrangera selskap der maten vart servert frå det nye storkjøkkenet.

Det har vore gjort ein stor dugnadsinnsats frå mange i bygda for å få ferdig kjøkkenet i tide.  Godt var det kanskje også å ha ein tidsfrist då det måtte vera klart.  Alt er skifta ut og det som nå er på plass er både topp moderne og tilrettelagt for at bygda skal kunna ha store arrangement med servering av mat.  Ola Harald Alne er ein av dei som har gjort mykje arbeid her og han kunne stolt visa fram resultatet.  Ikkje berre er utstyret skifta, men arealet er også utvida.  Døropningar er skorne ut slik at det er samanhengande mellom både hovudkjøkkenet, det tidlegare kjølerommet og inn til det som før var stollager.  -Finansieringa er ikkje heilt i boks ennå, fortel Ola Harald, men dei har fått god støtte med mellom anna 175.000 frå VAF og ein del innsamla midlar i bygda.  Elles er det brukt av midlar som var avsett frå drifta tidlegare.


- Me hadde planlagt at alt skulle vera ferdig til skulestart, fortalde leiar i styret, Gunn Vikingstad, for ein månad sidan. -Det var så varmt i sommar at me utsette dugnaden noko. -Det blir eit reint produksjonskjøkken med alt i stål. 

Fleire rom er slegne saman til eit endå større og betre storkjøkkenNå har dei stått på og kan sjå nøgd på det ferdige resultatet.  Dei måtte mellom anna hogga opp golvet for å laga nye slukar og nytt elektrisk. Ola Harald laga hol i veggen mellom rommet der kjøla var og stollageret, slik at dette inngår i det nye kjøkkenet.

-Me skal ha restauranttraller som alle koppar og kjørel står i staden for skapene, slik at vi har til 50-60 mann og kan kjøra trallene rett ut i salen når det skal dekkast, fortalde Gunn.

- Nå er kjøkkenet ferdig, men Litlesalen står for tur.  Den treng også oppussing, fortalde Ola Harald under omvisninga.  Styret i Bygdahuset har ennå mykje å ta tak i. 

Korleis er dette finansiert?
-Kostnaden kjem totalt på 600.000 og me har sett oss som mål å klara dette utan å ta opp lån.  Me hadde ein del penger på bok og VAF har gitt tilsegn om kr 175.000, men dei får me ikkje ut før me er ferdige.  I tillegg har det starta å siga inn pengar på giroane me sendte ut i postkassane tidlegare i sommar, så me håpar me skal klara det på denne vegen.  Styret arrangerte også eit loppemarked før sommaren, til inntekt for nytt kjøkken. For dei som ikkje finn igjen giroen, nummeret er:3330.25.65177.

Les meir her meir om arbeidet og kjøkkenet


Bygdahuset klart om ein månad
Nytt kjøkken skal monterast når elektrikar er ferdig

av Steinar Skartland 15.8.2014

Kjøkkenet på Bygdahuset er reinska for alt utstyr.  Veggplatene er rivne ned og elektrikar Leif Magne Nonslid frå Helgevold Elektro var torsdag i full gang med å klargjere det nye elektriske opplegget. 

-Det står helst på meg nå kva tid det er klart for å montera kjøkkenet, sa han og tok på seg gummihanskar for å ta fatt på hovudstraum-inntaket. Han trudde at det ville vera klart til å montere innreiinga om eit par veker.


- Me hadde planlagt at alt skulle vera ferdig til skulestart, fortel Gunn Vikingstad då eg trefte henne på butikken etterpå.
-Det var så varmt i sommar at me utsette dugnaden, men om ein månad så må alt vera ferdig. Så måtte me hogga opp golvet for å laga nye slukar og nytt elektrisk.  Alt det blei gjort i forgårs og dei støypte i går kveld.

Inne i Litlesalen står fullt av nye maskiner og storkjøkkenutstyr klart for montering.  -Me får ikkje dei gamle skapene, fortel Gunn.  -Det blir eit reint produksjonskjøkken med alt i stål. 

Torsdag skulle Ola Harald ta hol i veggen mellom rommet der kjøla var og stollageret, slik at dette kan inngå i nytt kjøkken.
-Me skal ha restauranttraller som alle koppar og kjørel står i staden for skapene, slik at vi har til 50-60 mann og kan kjøra trallene rett ut i salen når det skal dekkast, kan Gunn fortelje.  Ho er leiar i styret for Bygdahuset.

Korleis er dette finansiert?
-Kostnaden kjem totalt på 600.000 og me har sett oss som mål å klara dette utan å ta opp lån.  Me hadde ein del penger på bok og VAF har gitt tilsegn om kr 175.000, men dei får me ikkje ut før me er ferdige.  I tillegg har det starta å siga inn pengar på giroane me sendte ut i postkassane tidlegare i sommar, så me håpar me skal klara det på denne vegen.  Styret arrangerte også eit loppemarked før sommaren, til inntekt for nytt kjøkken. For dei som ikkje finn igjen giroen, nummeret er: 3330.25.65177

Bygda får etter dette eit hus som er godt teneleg til arrangement med middag og matservering.  Elles er huset godt brukt av ulike grupper til m.a. idrett.  Her er også eit klubblokale som vart laga til på dugnad då her var ungdomsklubb.  Rommet står der og det er av og til klassar og foreldre som ynskjer å laga til noko og bruka rommet. Bygdahuset har og avtale med skulen om å bruka det vederlagsfritt i staden for Muna bygget når det skal lagast til noko, men til nå har dette berre vore nokre få gonger.

 


Full innspurt med kjøkkenet på Bygdahuset
Gunn Vikingstad oppfordrar til dugnad NÅ!

av Steinar Skartland 7.9.14

BygdahusetKjøkkenet på Bygdahuset er snart ferdig, men nå trengs det dugnad frå bygda.

Ryddejobben står igjen
- Nå går jobben mot slutten, fortel Gunn Vikingstad. - Ventilatorar og kjøkken blir montert denne veka (veke 37 som tek til 8.9.) og då er det ryddejobben som gjenstår. Alt av "koppar og kar" skal vaskast og setjast på plass - og til det treng me litt folk!

- Eg veit ikkje heilt kor lang tid det går, men huset er utleigd den 20. september - så siste frist for å sette sluttstrek er 19.september.

Dugnad dagleg 14. - 19. september - meld deg til Gunn tlf 488 91 754
-Me startar opp søndag ettermiddag (14.september) kl 17:00, og jobbar kvar kveld til me er ferdige (i vekedagane frå kl 18.00). Alle som kan bidra med nokre arbeidstimar er velkommen! seier Gunn. - Det hadde vore flott om den/dei som kan bidra tar kontakt på tlf 488 91 754 slik at eg får "ordna køen"...!

Leiaren i styret for Bygdahuset, Gunn Vikingstad, håpar det stiller godt med folk slik at dei blir ferdige til neste helg! -Det nye kjøkkenet blir kjempefint! Det skal bli kjekt å ta det i bruk! sluttar Gunn av med. 

 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg