Klikk her og gå til framsida

Sommar i Vikebygd

Fotballkamp i Vikebygd

Sida er sist endra 9. aug. 2014

Vikebygd - Bjoa  5-2
av Steinar Skartland 9.8.2014

I den andre kampen mellom Vikebygd og Bjoa kom Vikebygd sigrande ut.  Målmannen på Bjoalaget måtte heile fem gonger sjå langt etter ballen som hamna i nettet bak han.

Det er blitt ein tradisjon med to A-lagskampar mellom Bjoa og Vikebygd om sommaren. Då stiller godt vaksne og unge vaksne frå begge bygdene opp og spelar ein kamp i kvar bygd.  Desse kampane er og ein inspirasjon til treningar for dei vaksne gjennom sommaren.  I Vikebygd starta dei med treninga i juni og hadde faste treningar gjennom sommaren.  Resten av året er spelarane på skule eller arbeid på ulike stader.  Alderen varierer også mykje mellom dei yngste og eldste på laget, men dei var likevel godt samspelte gjennom kampen.

Den første av kampane gjekk på Bjoa sist laurdag. Vikebygd vann 2-1 etter skåringar av Martin Nesse (straffe) og Victor Erdal.  Bjoa hadde nok sett for seg revansj denne dagen, men måtte venda heim til Bjoa med nok eit tap mot Vikebygd.



 

Det mangla ikkje på ballar mot Vikebygd sitt mål, men Kjetil Andre gjorde ein god innsats og stansa dei fleste.  Berre to gonger klarte Bjoa-laget å få ballen inn mellom stolpane i målet.

Veldig bra jobba både av målmannen og spelarane frå Vikebygd som heldt oppe farten og innsatsen gjennom heile kampen.  Laget frå Bjoa gjorde også ein god innsats, men bar tydeleg preg av å vera slitne og litt motlause då det femte målet gjekk til Vikebygd og dei innsåg at slaget nok var tapt for denne gongen.

Vi reknar likevel med at dei kjem tilbake for fullt på ny kamp neste sommar. 
 


Det varsla ekstremvêret let heldigvis venta på seg, sjølv om spelarane måtte tola noko varmt sommarregn gjennom denne kampen.

Det la heller ikkje dempar på publikummet som stilte opp frå begge bygdene. 


 

Klikk her for å sjå plakaten

  

 
 
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Fotballkamp  Vikebygd-Bjoa  A-Lag
På Vikebygd idrettsplass
Laurdag 9. august 2014, Kl. 14:00
Sendt inn av Rune Hetland - VIL

Det er blitt ein tradisjon med to A-lagskampar mellom Bjoa og Vikebygd om sommaren. Då stiller godt vaksne og unge vaksne frå begge bygdene opp og spelar ein kamp i kvar bygd.  Desse kampane er og ein inspirasjon til treningar for dei vaksne gjennom sommaren.

Den første av kampane gjekk på Bjoa sist laurdag. Vikebygd vann 2-1 etter skoringar av Martin Nesse (straffe) og Victor Erdal.


Komande laurdag kl.14:00 går returkampen i Vikebygd. Bjoa jaktar revansje og sin første siger i desse kampane, medan Vikebygd nok vil gjera alt dei kan for å vinna nok ein gong.

Tidlegare år har det vore godt med publikum
og me håpar på god stemning også i år.
Ingenting er som ekte lokaloppgjer!

Me håpar at mange vil vera med å støtta våre
godt vaksne, og først og fremst unge vaksne!

Salg av kaffi, kaker, is og brus!
Vel møtt!
PS! Gratis inngang                  
Sjå plakaten her 

 
 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg