Klikk her og gå til framsida

Sommar i Vikebygd

På leit etter røtene i Vikebygd

Sida er sist endra 8.aug. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

 
Norsk-Amerikanar frå Minnesota
Kom for å finna sine norske røter på Fossel

av Steinar Skartland 8.8.2014

Dei er vel vane med 'Lefse' og 'Tusen Takk'. Ord som ennå lever mellom dei engelske glosene i Midt-Vesten.  Det er tettast mellom norskamerikanarane i Minnesota, Nord- og Sør-Dakota.  Men også i Iowa, Canada og heilt vest i m.a. Seattle finn vi mange med røter frå Vikebygd.  Ved den amerikanske folketeljinga i 2000 blei det registrert 4,5 millionar med deler av norske aner i Amerika.  Etter kvart er dette blanda med folk som stammar frå andre land, for det meste i Europa. 

Titt og ofte kjem nokre av etterkomarane av desse som utvandra på slutten av 1800-talet og i dei første ti-åra av 1900-talet, for å leita opp heimstaden til forfedrar og -mødrar.  Så oppdagar dei at: -Jammen lever det mange her som vi er i slekt med.


Leanne, John, Anne og Linnea utanfor huset på Fossel.

Torsdag var ein familie innom bygda på leiting.  Det var John Savereide (som stammar frå Fossel, Skartland og Etne) med kona Leanne (som har sine røter i England og Tyskland).  Saman med dei var døtrene Anne og Linnea.  John var sist på Fossel i 1969, då han var 13 år gammal.

- Eg hugsar me var på besøk i eit lite hus nede ved ein stor foss.  Der budde det ei svært gammal dame, fortel John.  Han siktar til Berta Bakkjen (Årvik) som dreiv krambua si kombinert med postkontor, ved Bakkafossen til ho var over 90 år. 

Bestemor til John var Pauline Fossel, som var fødd på garden Fossel i 1882.  Ved folketeljinga i år 1900 stod ho oppført som "Kreaturrøgter".  Då ho var 19 år (1901) reiste ho til Amerika.  Ho var dotter til Tjæran Tøresøn Fossel (f.1855) og Guro Nielsdatter Gangstø.  Tjæran var igjen son av Tøres Tørresen Fossel (f.1780).  Tøres var blitt 64 år gammal då han gifte seg med den fjerde kona si, Valbor Olsdatter Skartland, som kom frå småbruket Stien på Skartland.  Dei fekk fire born saman, og Tøres hadde seks born frå tidlegare. (Tøres døydde i 1859 og Valbor gifte seg på ny med Paul i 1862).

Sentrum i gammal tid
Så her var det mykje å ta tak i.  Eg tok dei med slik at dei kunne få sjå over til det gamle "sentrumet" for området i gamald tid, Fjellberg.  Så måtte bilete takast av det nye skiltet med Gangstøvegen.  Hadde ikkje tid til å køyra ned der som Guro kom frå.  Ved Bakkafossen vart det nye bilete.  Krambua og huset er blitt til feriestad, men fossen og brua ligg der.  Ein gong var dette eit sentrum for Nordabygda.  Her var skule, butikk, post, bedehus og sagbruk.  Vegen gjekk opptil Fossel, nord til Tindeland, ned til Årvik og sør til Skartland (Skatland).  Folk gjekk til fots mellom grendene. Ikkje alltid på vegar, men på stiar.  Mellom gardane Stien (Skatland) og Fossel går ein av desse.  Tek ikkje lange stunda å gå.  Nå er dette del av den merka løypa opp til Såta.

Fossel og Stien
Oppe på Fossel var vi heldige.  Ågot og Rolv (som har lagt ned eit stort arbeid i å restaurere våningshus og å byggja opp att eldhuset i original stil, var der på ferie.  John og familie vart inviterte inn og fekk sjå seg rundt i dette velhalde huset i gammal stil.  På loftet var eitt rom ennå slik at dei kunne sjå den gamle konstruksjonen og bjødnane som bar sutaket.  Huset var bygd i tre etappar, fortalde dei.  Vanleg før i tida.  Med ei stove i kvar ende, kjøken og inngang på midten.  John var spesielt oppteken av å finna ei kjelde med og ein spring.  Derfrå hadde far hans i 1969 teke med seg ei kanne med kjeldevatn.  Det vatn bruka dei til å døypa alle borna i familien med.  Nå var oppkoma borte, men Rolv kunne minnast at det ein gong var ei kjelde bak eldhuset.  Derfrå hadde dei lagd røyr og ført vatnet inn til fjosen.

Dei fekk også ei ein tur innom det gamle huset i Stien.  Det er Jone Ingvald Skartland som eig dette nå.  Huset har stått utan bebuarar sidan Gurina Stien (Gurine Sørhus) budde der ein periode på 60-talet. 

Døtrene til John, Anne og Linnea var heldige som fekk høvet til å oppleva desse husa og sjå korleis forfedrane og formødrene deira i Vikebygd levde før dei tok ut over havet til det ukjende.  Dei reiste frå småhus og små jordlappar, ulendt og bratt, til Minnesota.  Der det er flatt som ei lefse så langt auga kan nå.  Dei fekk reisa Bjoavegen, som dei kanskje opplevde som ein sti samanlikna med dei breie vegane i Minnesota, som er streka opp med linjal. Eg minnest ein annan bonde og norskamerikanar som var her for eit par år sidan.  Han spurte litt om jordbruket i bygda.  Jo, sa han, også dei dreiv sambruk.  Tre gardar med samdrift der dei m.a. dyrka korn og mais.  30.000 mål i ei flate. 

Då vert Stien og Fossel små i samanlikning.  Men likefullt.  Det er røtene deira.  Og vi har noko felles.  Gleda over å leita i slektshistoria bakover.  Finna ut kven vi stammar frå, korleis dei levde - og oppdaga gleda over at - vi er i slekt.  Vi tok turen til Tindeland.  Her fekk John møta Gerhard som han er firmenning til.  Eg kunne peika rundt på husa og seia til Anne og Linnea at:  -Der bur dei som er dine cousins.  Fem-menningar blir det.  Vi tok turen ned til Årvik. Også her bur både firmenningar og fem-menningar i fleire av husa.  Vi enda opp ned på kaien.  -Denne vegen har sikkert Guro gått mange gonger, kommenterte Leanne.  -Ja, det hadde ho nok rett i.  Det er noko spesielt å få koma til ein plass der generasjonane før dei har traska med sine tresko. 

Meirsmak
Så kan dei reise heimover til MidtVesten. -Me må koma igjen neste år.  Då må søster mi få vera med og oppleva dette, seier John.  Han vil helst koma seg til Isvik før mørkret senkar seg.  Kjenner seg ikkje trygg der han skal skal køyra den smale og svingete vegstrekninga som bitt Skartland og Vikebygd saman med omverda.

Takk til dei som opna dørene sine i Vikebygd Slik at John og familien kunne få helsa på slekta, sjå kor dei stamma i frå, og litt korleis dei hadde levd.

 


Kven er dette?  Stikkord:  Fossel - på 60 talet
Kan nokon hjelpe oss med namnet

av Steinar Skartland 4.10.2014

Kven kan dette vera?  60-talet i Vikebygd?Dette bildet fekk eg sendt frå John Savereide som bur i USA, men har sine røter på garden Fossel, nord i Vikebygd.  John er barnebarn til Pauline Fossel og var i Noreg saman med faren i 1969. I bildene frå den turen finn han dette bildet som han trur er teke i Vikebygd.  Men kven er denne personen på bildet? Er det ein som har budd i Vikebygd tidlegare?

Dersom du har eit tips, så ta kontakt med Steinar Skartland, evt. send e-post til:  tips@vikebygd.org.

Far til John Savereide var på Fossel også i 1961.  Bildet kan evt. ha vore frå den turen.  Då faren var liten gut kom han til Noreg saman med foreldra ein tur i 1915 (da han var 10 år).  Dei skulle vere her i ein månad, men den første verdskrigen pågjekk.  På grunn av tyske u-båtar kunne dei ikkje reisa tilbake til USA før etter eitt år, i 1916. 
Les også om besøket deira i sommar her

Nyare opplysningar peikar på at dette kan ha vore:

Harald Kvamme.
Bror til Osmund Kvamme, gift med Marie Duesund

 

Les også om:
Leif Skartland og Jeremy Camp på konsert turne
Frå Iowa for å finne slekt i Vikebygd
Helsing frå Texas
Gunder Bertinius Olsen Skartland
Slektsøk i Vikebygd
 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg