Klikk her og gå til framsida

Sommar i Vikebygd

Vikebygdfestivalen 2014

Sida er sist endra 20. juli 2014

Festivaltale og -opning
Frantz Lea

Franz Lea, innflytta med papir på at han er  Vikebu, kjend for sitt engasjement i Grendautvalet for veg, nabbar og gatelys. Han framførte ein tale full av lovord om det han presenterte som "den finaste bygda" med plass til fleire, sjølv om folketalet har auka til 559, sa han.
 
Roald Årvik sin store personlege innsats for å rydda og merka gamle og nye stiar i fjella og til nutakassane, måtte rosast i talen.  Han får stå som eit symbol på dugnadsånda som både har lagt til rette Bryggjebakken med bade, grillplass med rom for festlege aktivitetar.

Inntektene av festivalen, fortalde Franz,  går til det aktive musikkorpset og idrettslaget, som nå arbeidar for innandørs fotballbane.

Gondolbane opp til Trodlanibba slik at alle kan koma seg opp, er Frantz sin store draum.  Kanskje kjem den ein dag?  Uansett så er han nestleiar i eit grendautval som er svært aktivt og går i bresjen for mange positive tiltak i bygda.


Fiskefestival med trippelvinnar

Trippel vinnar Eirik Larsson

Vikebygdfestivalen er bygd opp rundt temaet:  Fiskefestival.  Noko som har røter langt tilbake i Vikebygd. 

I år var det 153 som melde seg på.  Då "skipsklokka" på Plasset ringde klokka 14:00 så strøymde mange båtar utover Vikevika for å nå fram til det beste fiskefeltet.  Var det mange som ikkje fekk fisk, mon tru? I alle fall var det ein liten kø ved oppveginga der Lauritz Bjørnevik styrte den gamle kjøpmannsvekta.

Eirik Larsson fekk med seg heile 3 pokalar heim.  Den største fisken (8,63 kg) ga han også pokal for mest fisk i herreklassen og mest fisk uansett klasse.

Oppveging av fisk
Roald Årvik, Hilde Stene Bauge og Lauritz Bjørnevik var del av dugnadsgjengen.  Her med ansvar for fiskekort, oppveging/registrering av fangst og premiering.

Vi har nettopp det du treng
Salgsboder på festivalen
Ein var ikkje komen langt inn på festivalområdet før ein møtte dei første salsbodane.  Celine og Øyvind Lie frå Karmøy hadde rigga seg stand med sal av alovera, kremar og middel for hud og tenner mm.

Andre standar selde både lokal produsert saft og bær, målerier, strikkasokkar eller fisk.  Hilde Fredriksen hadde teke med seg heimalaga frå Klokkargarden -butikken sin du finn opp vegen frå Joker. 

Galleri Vik vil opne i år også

Cathrine Nordseth hadde bod med sal av gammal keramikk, service, parafinlampe mm.  I Vikebygd er ho kjend for Galleri Vik som ho og mannen, Fin Egenfeldt, har hatt ope dei siste to åra.  Denne gongen blir det måleri av  Trygve Tvedt Wee og
Severin Loge, men litt enklare utstilling.

Bjoabu i bur
Kristian og Solveig

Festivalgeneral for den 12. Vikebygd-festivalen, arresterte den innflytta Bjoabuen og lokalpolitikar, Kristian Resset.  Han måtte sitja i kanarifuglbur og eta bananar.  For sikkerheits skuld var buret merka "Ikkje mat Bjoabuen".  Uvist om dette var med tanke på at Bjoa nå er utan butikk, men vi ynskjer sjølvsagt alle Bjoabuar velkomne til Vikebygd, kanskje også for å handle hos Rolf'en eller til å eta på Plassabakeriet.

Så var det heile eit stunt for å få til ein humoristisk dialog. Og Solveig lova at neste år skulle dei ha ein annan kandidat til buret.


153 melde seg på konkurransen
Ut for å fiske

Resultatlista:
Guteklassen
1. Isak Birkeland   5,19 kg
2. Andreas Nesse   2,23 kg
3. Thomas Dommersnes  2,22 kg

Jenteklassen
1. Agnes Birekeland  2,83 kg
2. Hanna Owe Hope  2,49 kg
3. Hellen Espedal  1,50 kg

Herreklassen
1. Eirik Larsson  8,63 kg
2. Ove Træthaug  5,74 kg
3. Stian Kallevik  5,59 kg

Dameklassen
1. Ann Kristin Nygård  3,43 kg
2. Eva Dommersnes  3,24 kg
3. Torhild Alsaker  2,65 kg

Stinteklassen
1. Jon Kristian Kalstveit

Størst fisk
Eirik Larsson  8,63 kg

Mest fisk uansett klasse
Eirik Larsson  8,63 kg

 

 Vinnarsjansar også utan fisk
Inger Katrine Sundve

Ved sida av det store matteltet var det bod med lykkehjul.  Inger Katrine Sundve hadde sett seg til rettes med basarbøker og mange heldige kunne gå heim med gevinstar etter trekkinga.

Snurringar med historisk sus
Steinar Onarheim og Marthe Vågen


Nybakte snurringar, baka i den gamle vedfyrte bakaromnen, er ein tradisjon på Vikebygd-festivalen.  Bjørn, som har vore fast bakar her sommars-laurdagar og festivaldagar i mange år, måtte ta seg ein pause i år, men andre stod klar til å ta over og sikra at snurringane var på plass til stor glede for alle som kom. 

Steinar Onarheim stod for steikejobben inne i bakeriet mens Marthe Vågen tok seg av salet ute. Dei hadde hjelp av fleire.  Interessa var stor også i år, men det vart nok til alle.  Plasset stod elles for god mat og diska opp med skaldyr-bord:  Krabbe, reker, salat, fiskesuppe med laks og reker,   kjøtsuppe mm.  Margareth styrte eit stort arbeidslag som sikra at alle som tok turen innom teltet fekk mat og drikke.  Bjørn nytta høvet til å ta runden og preika med alle gjestene.

Bygda set stor pris på denne lokale serveringsstaden.  Skulle berre vore ope heile året.
 


Kristian Resset fortalde at han flytta til Bjoa fordi han ville bu på ein avsidesliggjande plass.  Men hadde han visst om Vikebygd, hadde han heller flytta dit. Denne dagen ville han til ein endå meir avsidesliggjande stad ved å fylgja krøtterstien innover Ålfjorden, og der oppdaga han Vikebygd, sa han, og vart sett i bur.

Men Bjoabu i bur var eit morsomt innslag som var med på å setja ein spiss på eit arrangement som samla både bygdefolk, hyttefolk, Bjoabuar og Skjoldabuar.  Vi tar vel imot alle.

 


Personleg rekord
Aslaug
Agnes Birkeland med fisken som ga henne første plassen for jenter.  Det var også den største fisken ho nokon gong hadde fått, sa ho.

Ut på fjorden for å fiske
Sjøen kokte då båtane kappast utover Vikevika.

Bakgrunnsmusikk i to rader
Oggi på torader
Bakgrunnsmusikk med Oggi på torader. 


VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Sommarvêret hadde pause nokre dagar,
14.-17. juli, men til helga kom sol og varme igjen
Onsdag, midt på dagen, braut sola igjennom og temperaturen steig
til 19 - 20 grader utover dagen.  Torsdagen hølja det ned.
Godt for graset, skogbrannfare og kjelder.
Laurdag klatra tempen godt over 20 grader.



 

 

 


Tropenetter i Vikebygd andre veka av juli
Natt til torsdag og fredag er det meldt om temperaturar over 20 grader gjennom heile nettene. Fredag ettermiddag kan det skya til, likevel er det mulig at termometeret vil halde seg over 20 talet også gjennom den natta.

Nyt det så lenge det varer.  Det kjem tids nok regn :)

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg