Direktesendt radioshow direkte frå Plassabakeriet
Radio 102 samla fullt hus på Plassabakeriet
av Steinar Skartland 16.7.2014

Radio 102 er på vegen og lagar direktesendte show frå bygdene på
Haugalandet. Onsdag 16. juli hadde dei rigga seg til ved uterestauranten
på Plassabakeriet. 80-90 personar møtte fram for å delta, og for å kjøpa
nysteikte snurringar frå den gamle bakaromnen. Det rauk frå skorsteinen gjennom
natta då ein her må fyra eit halvt døger før steinane er varme nok til å fungera
godt som bakaromn.
Til helga er det Vikebygdfestivalen.
Solveig Hortman som er leiar for arrangementet, vart intervjua om dette.
Dermed fekk ho presentere Vikebygd og festivalen for heile Haugalandet.
Med godt vêr så kan det kanskje bli fullt i bygda på laurdagen?
Arrangementet går som tillyst på
dagen, men kveldsarrangementet er avlyst grunna sjukdom. |
 |
|
Vikebuar og feriegjester vart engasjerte i ulike aktivitetar

Under programmet var det tillyst konkurranse i å eta snurringar. Ei rekkje
born meldte seg på der målet var å bli den første til å eta to snurringar.
Johannes Helgesen vart den raskaste med 2 minutt og 41 sekund.
Programleiarane kasta også ut ein del flasker i sjøen, som borna kunne symja
etter. Inni kvar var det ein premie.

Hanne og Helge frå Radio 102 intervjua Margareth Onarheim om Plassabakeriet si
historie. Programmet vart god reklame både for restauranten Plassabakeriet
og for Vikebygd.
|
Sommarvêret hadde pause nokre dagar,
14.-17. juli,
men varsel om sol og varme i helga
Onsdag, midt på dagen, braut sola igjennom
og temperaturen steig
til 19 - 20 grader utover dagen. Torsdagen hølja det ned.
Godt for graset, skogbrannfare og kjelder.


 |

Roald Årvik tek imot fisk for veging

Solveig Hortman, Festivalgeneral.

Frå bakinga i 2013, i gamlebakeriet. |
Ynskjer velkommen til
Vikebygdfestivalen
med fiskekonkurranse |
Laurdag 19. juli
Fiskefestival med mykje attåt |
|
12:00 |
Festivalen opnar
NB! Gratis inngang om dagen
- Sal av nybakte snurringar
mm i bakeriet
- Marknad med salsboder
- Aktivitetar for born og vaksne
- Grillmat, is og brus
i festivaltelt v/kaien
|
13:00 |
Offisiell opning
Skalldyrbord på plasset |
14:00
->
16:30 |
Fiskekonkurranse
Påmelding kl 12 - 14
Alle med fiskekort er med i
trekning av Gåvekort til verdi
kr 4.000,-.
|
|
Restaurantkvelden er avlyst
grunna sjukdom, men programmet om dagen vert som tillyst. |
Eller
les om festivalen som var i 2013 |
 |
Tropenetter i Vikebygd andre veka av juli
Natt til torsdag og fredag er det meldt om temperaturar over 20 grader gjennom heile nettene.
Fredag ettermiddag kan det skya til, likevel er det mulig at
termometeret vil halde seg over 20 talet også gjennom den natta.
Nyt det så lenge det varer. Det kjem tids nok regn :) |
Likar du Vikebygd.org?
Følg gjerne med på
Twitter
|
|
|
Link til FOTOALBUM
for Vikebygd
|
Fleire reportasjar
frå Vikebygd 2014 ser du her.
|