Godt Nytt År i Vikebygd

 

STRANDLOPPER FOR BYGDAHUSET

Sida er sist endra 21. juni 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 


Vikebygd Bygdahus med
Strandlopper på Bryggjebakken
av Steinar Skartland, 21.juni 2014
 
- Nå blir det nytt kjøkken på Bygdahuset! Renoveringsarbeidet startar i juli - og me håpar å ha nytt kjøkken klar i løpet av august, fortel leiar i styret, Gunn Vikingstad.

Eit av tiltaka for å skaffa dei 600.000 kronene som skal til, var å arrangera loppemarknad på Bryggjebakken ved båthamna, laurdag 21. juni. Borda i to lange telt var fulle med gjenstandar. Nokre kundar kom med klare mål på kva dei var ute etter. - Eg har ein del gammalt service som har nokre manglar, og er for å sjå om det er noko av same slaget her, fortalde ein av kundane.  Andre var nyfikne på om det var noko spennande her som dei kunne få med seg.  Oppe ved den store steinen på Bryggjabakken var del lagt ut litt finare ting som ein kunne gje bod på. Her kom prisane vesentleg høgare enn på det som var i telta. Biletet syner leiarane Gunn Vikingstad, Jarle Årvik og Hilde Fredriksen som tek avgjerda på kven som ga dei høgaste boda.  Så måtte dei ringa rundt til dei som fekk tilslag. Dei oppfordrar også bygdefolk som vil støtte opprustinga av bygdahuset om å nytta giroen som er sendt i postkassane (3330.25.65177).
Les meir her.

Men ikkje alt sal var til inntekt for Bygdahuset.  Det var invitert til at dei som sjølv hadde noko å selja, også kunne få seg ein plass, og betala 100 kroner.  Mange bagasjeromsluker stod opne der både bygdefolk og tilreisande baud fram varene sine.


Marita Kolltveit var ein av dei som hadde rigga seg til i sola.  -Eg har teke på meg å selja for Bakkevik, fortalde ho.  Dei hadde avtala å dela fortenesta, men ho hadde også nokre få ting med sjølv, heimanfrå.  M.a. ein stor vinballong av glas.  Noko vart seld, men då det nærma seg slutten av dagen halverte dei prisane. 

Sjølv om det var ein flott og solrik dag så var det ikkje så stor tilstrøyming av folk.  Mykje varer var igjen ved slutten av dagen, også i Bygdahuset sine telt.  Likevel var det fleire som stolte viste fram dei skattane dei hadde funne.  Det var mykje fint og også ein del praktiske ting ein kunne nytta.

- Vi må sortera det som er igjen.  Noko vil nok hamna i bruktskuret på Toraneset, men det beste tar vi vare på til seinare, fortalde Hilde Fredriksen som tok imot pengar inne i teltet.


Mor og dotter, Elsa og Serina Ljung, var komne frå Haugesund for å selja varene sine.
- Me driv ein nettbutikk heimanfrå, fortalde dei og synte fram mange flotte varer. Måleri, tallerkar, gamle seriar av Alle Kvinners og Morgan Kane bøker var mellom det dei hadde med seg.  Nettbutikken finn du på epla.no (http://epla.no/shops/fruljung/) når du søkjer på Ljung, kunne Elsa fortelje.  Ho hadde via nettet seld varer til eit stort område.
- Me har pakka og sendt gjenstandar både til Nederland og Hammerfest, men i dag hadde me visst tent meir med å sitja heime og jobba.  Elsa Ljung meinte det var kiosken som hadde størst aktivitet i dag. Men oppfordringa gjekk til dei som var interessert i Fru Ljung sine spesialitetar, om å vitja nettbutikken hennar.  Her er varene utstilte.

Dei bruka ikkje å reisa rundt på messer med tinga sine, men Vikebygd var så nær, så nå ville dei freista det.

Dag Hans Nagel-Alne var ein av dei som nøye studerte nokre av produkta som var utstilte.

Ei lang rekkje med arrangement i heile distriktet denne helga, gjorde nok sitt til at det vart færre besøkjande i år.  Men kanskje kjem det fleire Loppis i Vikebygd?

Ein må kunne konstatera at talet på arr-angement og aktivitetar i Vikebygd er svært høgt når ein reknar det etter folketalet. Både som leiarar og deltakarar finn vi ofte dei same som går igjen. Samfunnsengasjerte folk som likar å få det til.  Vi må rette ei takk til desse for pågangsmot og initiativ som er med å skaper liv og røre, noko som lett blir ein folkefest der Vikebuen og "hyttefolk" møter fram.

På ein stol nede ved steinmuren fann vi Signe Alise Birkeland som er med i den lokale bygdeboknemnda.  Med seg hadde ho notisbok i vona om å få med seg nokre gode historier frå gammal tid.  Nå oppfordrar ho om at dei som har bilete frå eldre tid kan sende inn desse, eller låna dei ut til skanning.  Ikkje reine familiebilete, men slike som viser kvardagsliv og folk i arbeid og syslar.   Eller også gode historier frå kvardagen.  Dei kan vera fine å ha med i boka.

Arbeidet med bygdeboka er nå kome omlag halvvegs og dei er i rute.  Dei som har interessant stoff, vert bedne om å kontakta skrivarane på e-post eller telefon.  Les meir her om dette.

 



Styret i bygdahuset ber om gåver til

Nytt kjøkken på Bygdahuset
av Gunn Vikingstad, 19. juni 2014

Nå blir det nytt kjøkken på Bygdahuset! Renoveringsarbeidet startar i juli - og me håpar å ha nytt kjøkken klar i løpet av august. Det blir flott når det er ferdig! Me reknar med at sluttsummen vil ligge rundt 600 000. VAF har gitt støtte, Bygdahuset vil bruke av oppsparte midlar - og det er sendt søknadar til diverse "instansar", men så langt utan positiv respons.

No "frir" me til bygdefolket - inkl. "hyttefolket"! Vil du gi ei gåve til nytt kjøkken på Bygdahuset? I desse dagar legg me ut giroar i postkassane og er svært glad for alle som ynskjer å nytte desse! *:) glad.  På førehand TAKK FOR GÅVA!

I tilfelle du ikkje har fått giro så er kontonummeret: 3330.25.65177

Så mykje som mogleg av arbeidet skal utførast på dugnad. Kan du delta?
Ring/send melding til Gunn på tlf 488 91 754.

Mvh Styret i Bygdahuset

 


Bygdebokprosjektet for Vindafjord
(Vikebygd, Sandeid og Vikedal)  Signe Alice B. 19.6.2014

Har du bilete? Har du historier?

Bygdebokprosjektet for Vindafjord nærmar seg halvgått tid for skriving av gards- og ættesogene. Mykje står att, men mykje er også gjort. Bygdeboknemndene byrjar nå å førebu seg på den siste delen av arbeidet, på innsamling av bilete og anna materiale som kan illustrera kvardagshistoria, menneske, livet slik det var, men også større hendingar. Det kan vera av folk, hus, stader før i tida, bilete som illustrerer arbeid og gardsdrift, familiebilete og anna. I utgangspunktet spør vi om gamle bilete og om å låne desse for å fotografere dei av. Om kvaliteten ikkje er så god på bileta, kan ny teknikk i stor grad bøta på manglane. Nye familiebilete (frå dei siste tiåra) er ikkje så interessante i denne samanhengen. Dersom du har bilete som du trur kan brukast, vil me (skrivarane ved Universitetet i Stavanger) svært gjerne ha tips om det.

Når det gjeld historier om personar, situasjonar, kvardagsliv og helgeliv, har vi noko stoff, først og fremst samla inn gjennom spørjeskjema som er sendt alle husstandar. Enten du har svart på skjema eller ikkje, kan det hende du har episodar, hendingar, replikkar det kunne ha vore fint å få med for å levandegjera personar og teksten.

Dersom de har interessant stoff, ber me (skrivarane) om å bli kontakta på e-post eller telefon.

Venleg helsing
Arne Langhelle, 518331417/90940166, e-post arne.langhelle@uis.no
Kari G. Hempel, 51833054/92486948, e-post kari.hempel@uis.no


- Eg kjem til å vera på Strandloppedagen, fortel Signe Alice Birkeland, medlem i bygdeboknemnda.  Så då kan jo folk ta kontakt med henne også der om dei har noko å bidra med.  (Steinar S)

 



Vikebygd Bygdahus  inviterer til
STRANDLOPPER PÅ BRYGGJEBAKKEN 21. JUNI

Innsendt av Solveig Hortman

Laurdag 21.juni 2014, kl. 11:00 – 15:00.

Vi freistar med:
• «Bagasjeromsalg»
    Pris: 100,-/bil for vaksne – barn under 12 år gratis
• «Ordinært» loppemarked
•  Strandkafe

Lopper kan leverast på Bryggjebakken fredag 20.06.14. klokka 17:00 - 19:00.
 
VELKOMMEN!      Sjå plakaten her.

Les også om arrangementet i 2013, her.

 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.

Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg