Godt Nytt År i Vikebygd

 

17. mai feiring i Vikebygd

Sida er sist endra 15. mai 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
 

Reidar samla bondelaget sine medlemmer
Tende vardar over landet

av Steinar Skartland 15.mai 2014

Reidar Bjordal, leiar i Vikebygd bondelag, hadde ein travel dag torsdag 15. mai.  Føremiddagen nytta han til å senda ut meldingar til alle 35 bøndene som er medlemmer i laget.  Oppfordringa var å samlast på Alna om kvelden.  Her hadde Knut Øvstedal laga til eit stort bål etter oppfordring frå bondelaget sentralt.  Båla skulle lysa som vardar over heile landet og minna folk på at bøndene står samla i kravet om eit betre oppgjer.

-Oppfordringa var at det skulle vera 3 bål i kvar bygd, fortel Reidar Bjordal.  -Men me valde heller å ha eit stort bål oppe på Alna, kor det er synleg for store delar av bygda. 

Reidar Bjordal som sjølv driv gard med grisehald på Svendsbø, kunne telja opp 23 bønder på Alna denne kvelden. I tillegg var det nokre born som nok såg fram til sjølv å få ta over gardar ein dag. -Dei unge bøndene har reist til Skjold der dei skulle samlast på Haugen Gard, fortel Reidar.  -Elles hadde vi vel vore fleire her. Han var godt nøgd med frammøtet.


Bondelaget sitt bål lyste utover bøndene og bygda frå garden på Alna.

I Vikebygd produserer 10 bønder omlag 1,3 millionar liter mjølk i året.  Det er 32 stader i Skjold og Vikebygd at tankbilen frå meieriet hentar mjølk nå. Mange bønder har kvotar på 100-130 tusen liter i året kvar og driv gjerne ei kombinert drift med sau, gris og kyr.  Desse kjem dårleg ut.  Det nye kvotetaket er sett til 1,2 millionar liter i året.  Noko som tilseier at ein bonde åleine kan produsera all mjølk som i dag vert produsert i Vikebygd.  Men så lett er det ikkje.  Knut Øvstedal peikar på at gardane her i bygda er mange mindre jorder over eit stort distrikt.  Det er ikkje lett å få utnytta desse areala i ei einsarta drift.  Han viser skråninga oppover frå fjosen og til bålet.  Eit område som nok er godt eigna for sau, men mindre for kyr som også trakkar opp jorda når dei er her på beite.

Bøndene kjem inn på historier om då traktorar og tilhengjarar med fulle silogras lass har teke ut nedover dei bratte ekrene på Alna.  Her må ofte mindre maskiner og handsprøyting mot ugras til.  Slike gardar fryktar dei vil bli liggjande aude om den nye landbrukspolitikken vert innført.

I Vikebygd er det fleire bønder som vågar å satsa.  Knut Øvstedal har nett bygd nytt sauehus på garden.  Har omlag 120 sauer, kan kanskje ha opp mot 170.  I tillegg har han 18-20 kyr.  Likevel vil dette vera for lite til å få lønsam drift om ein ikkje får betra jordbruksoppgjeret. 
-Det er dei som driv kombinert drift som vert taparar.  Hadde det vore etter at vi fekk dagens regjering eg skulle byggja, så hadde eg ikkje våga, seier Knut.  Men nå er fjosen på plass.  Inne er det fleire suer med små lam.  Dei vart fødde litt seint og må enno få vera inne.

Ein annan som har våga å satsa er Karl Larsen som har investert i mjølkerobot og har kvote på 400.000 liter.  Det er mange gode bruk i bygda og ein del unge står klar til å overta, om vilkåra er dei rette. 
Knut Øvstedal, bonde frå Alna.

 


Brot i landbruksforhandlingane
Vikebygd Bondelag aksjonerer med bålbrenning på Alna

av Steinar Skartland 15.mai 2014
 
Bondeorganisasjonane valde å bryta forhandlingane med staten om ny avtale og dei protesterer med aksjonar over heile landet. Onsdag demonstrerte dei i Ølen med å samla mange med traktorar der. Frå i dag er det sett i verk aksjonar der ein ikkje leverer egg til butikkane. Rundt heile landet er det lokale aksjonar der bøndene vil ha fokus på at det ikkje er sjølvsagt at vi finn norsk mat i butikkhyllene i framtida.

-Me har 36-37 medlemmer i Vikebygd Bondelag, og har fått fleire i seinare tid, fortel leiar Reidar Bjordal på telefon. -Torsdag 15. mai samlar me alle medlemmer og familiane deira oppe på garden til Knut Øvstedal på Alna. Her blir det bålbrenning som vil synast på lang lei. Dette er ein del av ein landsomfattande aksjon, seier han og reknar med stor oppslutnad denne kvelden.

Reidar seier vidare at tilbodet frå staten gjer at 90% av bøndene får dårlegare kår og 10% vil få meir. Det er dei store gardane. På Vestlandet er gardane oppdelt i mange teigar og det er ikkje mogeleg å få til ei slik stordrift at dette vil gi levelege kår etter vilkåra i framlegget frå regjeringa.
-Dei tar frå den lille og gir til dei store, seier Bjordal på telefon til Vikebygd.org.

Leiaren i Vikebygd Bondelag kan visa til fleire bønder som har store og moderne gardar. Likevel blir dei taparar i tilbodet frå staten då dei har fleire dyreslag som drifta er delt på, og ikkje reindyrka eit dyreslag og drift.

Vindafjord er den 5. største landbrukskommunen i Noreg, rekna etter dyretal. 10% av all slakt i Noreg skjer i Vindafjord. Ei endring som gjer at lokale bønder må leggja ned bil ikkje berre merkast på talet traktorar. I det siste har det vore i media at Nortura sitt slakteri i Sandeid står overfor store utfordringar då Nortura har overkapasitet. Endringar som fører til at fleire bønder sluttar av drifta kan få konsekvensar med vesentlege reduksjonar i talet på arbeidsplassar i Vindafjord.
Grannar: Slakteri under lupa

 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
Heile ÅRET 2013

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg