Godt Nytt År i Vikebygd

 

Kyrkje og sokneråd

Sida er sist endra 30. april 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Soknerådet arrangerte soknemøte i Vikebygd kyrkje
Soknerådet vil søkja om samanslåing med Skjold

av Steinar Skartland 29.4.2014 LINK TIL INFORMASJON OM SAK OG MØTE

Soknemøtet som vart halde om kvelden den 29. april, i Vikebygd kyrkje, samla berre sju personar som var interesserte i dette spørsmålet. Men den vesle gruppa var samde om at det var ynskjeleg å søkja om lov til å prøva ei ordning med felles sokneråd for Skjold og Vats i neste soknerådsperiode, frå 2015 til 2019. Dette føreset sjølvsagt at Skjold gjer det same vedtaket. Dei skal ha sitt møte den 6. mai.

-Det er likevel ikkje sikkert at ordninga vert godkjent, seier Øyvind Valen som er med i soknerådet. Den ordninga dei søkjer på var i hovudsak meint å gjelda for kapellsokn.
 
Les orienteringa om dette her

 


Soknerådet inviterer alle kyrkjemedlemmer i Vikebygd til:
Kyrkjelydsmøte 29. april kl 19:30 - i kyrkja
-Sak: Skal Vikebygd og Skjold få felles sokneråd?

av Steinar Skartland 24.4.2014      LINK TIL INFORMASJON OM SAK OG MØTE

Kva er eit kyrkjelydsmøte ?
(også kalla menighetsmøte eller soknemøte, Ref Handbok for sokneråd kap 2,4)

Ordninga med kyrkjelydsmøte har eksistert heilt sidan 1873, altså godt over eit halvt hundreår før vi fekk sokneråd. Føremålet er at ein samla kyrkjelyd, gjennom eit «allmøte», skal kunne uttale seg om viktige saker.  

I kyrkjelova § 10 og 11 finn ein dei grunnleggjande lovreglane om kyrkjelydsmøtet, kven som kan delta og røyste på møtet, kven som kan kalle inn til møtet, i kva saker kyrkjelydsmøtet har avgjerdsrett, og i kva saker det berre kan eller skal uttale seg.  Kyrkjelydsmøtet er først og fremst eit rådgivande organ, men har òg avgjerdsrett i visse spørsmål.  Les meir her.

     

Skjold og Vikebygd - Eit sokn med to kyrkjer?

Det dei to sokneråda no går inn for, og legg fram for kyrkjelydsmøtet, er m.a.:

  • Dei to sokna søkjer om å få ha ein forsøksperiode på fire år (2015-19) som eit sokn.

  • I fireårsperioden blir det eit felles sokneråd med ein leiar:
    Tre representantar frå Vikebygd og fem frå Skjold.

  • Felles soknemøte i perioden med mindre det kjem saker som etter lova
    krev eige soknemøte.

  • Ein felles økonomi gjennom at det blir ført eit felles rekneskap.

  • Det nye felles soknerådet set ned underutval.
    T.d. to separate kyrkjebyggutval, to trusopplæringsutval som samarbeider,
    gudstenesteutval for kvar kyrkje.

  • To separate soknemøte i 2018/19 avgjer om ein skal søkja fast samanslåing etter
    forsøksperioden

  • Dersom dei to sokna slår seg saman kan ikkje bygdene sjølv avgjerda dette,
    men vedtak vert gjort av Kongen i statsråd.

Eit soknemøte (Kyrkjelydsmøte) skal avgjera om det skal sendast søknad om ei prøveordning ved komande soknerådsval hausten 2015. 

Les heile orienteringsskrivet frå soknerådet her.

Du kan også lese ei orientering om saka i kyrkjebladet Hyrdingen, nr 2-2014.

Vikebygd Sokneråd ved Øyvind Valen skriv m.a. i Hyrdingen:
-Fellesmøtet for alle sokneråda sette i 2012 ned ei gruppe som skulle vurdera om det kunne vera tenleg med samanslåingar av sokn i kommunen. Dei undersøkte og vurderte, og alle sokneråda har i etterkant handsama spørsmålet. Sokneråda i Bjoa og Ølen, og sokneråda i Vikebygd og Skjold, har vedteke at dei vil gå vidare i eit formalisert samarbeid.

-I april og mai er soknemøta i desse fire sokna invitert til å bestemma om sokna skal søkja om ei forsøksordning kor Vikebygd/Skjold og Bjoa/Ølen har felles sokneråd i perioden 2016-2020. Det ligg då i korta at dersom forsøket blir vurdert som vellukka søkjer ein om samanslåing av sokna frå 2020, men dette blir det nye soknemøte som avgjer i 2019.

Les meir her

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare


Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg