Godt Nytt År i Vikebygd

 

April 2014

Sida er sist endra 26. april 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Fotballturnering med nye rekord i deltaking
79 lag spela 121 kampar på Vikeputten

av Steinar Skartland 26.4.2014


Mellom 600 og 700 unge fotballspelarar deltok i 121 kampar på idrettsbanen i Vikebygd.  Det mangla ikkje på innsats der borna kjempa om å få fotballen inn i motstandaren sitt mål. Om det av og til kunne gå hardt for seg i taklingane var det berre smil og glede å spore.  Termometeret klatra til 19 grader, men sola gjorde at det opplevdes svært varmt ute.  Ikkje minst for dei som spela fotball.

Vikeputt-generalen, Tore Espeland-Me har ikkje hatt skader.  Berre litt behov for isposar av og til, kunne ein nøgd sjef for Vikeputten, Tore Espeland fortelje.  -Men me har både sjukepleiarar og båre i beredskap om det skulle vera trong for det.  Hjartestartar har me jo og, men den må i så fall hentast på butikken. Reknar ikkje med at det blir bruk for den på så unge spelarar, legg han til.

Med høgtalaranlegget på full spiker måtte ein vera svært tunghøyrt i bygda om ikkje skulle få med seg Tore sine opplesingar av namna på lag og spelarar etter kvart som dei kom fram for å få diplom og medalje.  Han rose alle for deira flotte innsats. -Me lagar ikkje oversikt over resultata av kampane utover å skriva det inn på oppslag på veggen, sa Tore. -Her er det deltakinga som tel.  Alle får same diplom og medalje. Etterpå gløymer me resultata.

30 dommarar, 700 spelarar og 2000 tilskodarar.

Vikeputten har lange tradisjonar og folk stiller opp på dugnad for å få denne flotte idrettsdagen av stabelen.  Tore rekna med at 80-90 dugnadsfolk var i arbeid, men han var ikkje heilt sikker.  Dei gjekk på to skift med skifte midt på dagen.  Sikkert 25-30 dommarar.  -Her er vi heilt avhengige av hjelp frå nabobygdene. To dommarar kom frå Bjoa og åtte frå Skjold/Vats.  I Kafeen og kiosken meinte han det var 20 på dugnad.  Vanskeleg å seia nøyaktig.  Foreldre og andre stiller opp.

Alt gjekk knirkefritt.  Berre eitt leitt tilfelle der ein ung dommar fekk kjeft av oppmenn og trenarar.  Slik skal ikkje skje.  Dei angra seg etterpå. Nokre trenarar har deltek på Vikebygd J 12 laget har fått diplomanetrenarkurs, men mange har berre god og lang fotballerfaring.  Flott var det å høyra dei positive tilropa frå sidelinja.  Ikkje kjefting, men ros, jubel og positive råd.  Trenarane ropa ut namna på spelarane og dirigerte dei på rett plass. -Heng dåke på dei kvite. La ikkje ein kvitkledd vera fri! ropte ein til spelarane då korneren skulle takast.

Sjølv om sjefen sjølv hadde utruleg god kontroll og leiing, måtte Tore visa til 'Vikeputten sin far', Rune Hetland, for å få fram litt av historikken. -Det har vore Vikeputt-arrangement frå før eg kom til Bygda, meinte Tore.

-Me starta med Vikeputten tidleg på 80-talet, kunne Rune Hetland fortelja.  -Då var det i mykje mindre målestokk.  10-12 lag berre.  Men i 1993 slutta dei med Vikeputten og hadde ein pause fram til 2002. Nå er arrangementet i sitt trettande år og heile 82 lag var påmelde.  Tre av dei trekte seg og dagen vart avvikla med 79 spelande lag med 700 spelarar.  Reknar ein 2-3 vaksen / familiemedlem og tilskodarar pr spelar, så var det mellom 2000 og 2500 ved idrettsbanen denne dagen.

-Eg sende mange hyttefolk og turistar bort på arrangementet, fortalde Rolf Alne som meinte det måtte ha vore 100-200 som slik kom i tillegg.  -Dei visste ikkje om Vikeputten Christine Berg Bjørnevik fotograferer Vikebygd lagetdå dei kom på butikken, men ville bort for å sjå på kampane og få seg kaffi når eg sa det til dei.  

Alle laga vart fotograferte. Ikkje lett å klara å få alle til å sjå same vegen - samtidig, men fotografane var dyktige. 

På loftet i idrettslagshuset var det travel aktivitet med å laga og skriva ut diplomar med bilde.  Ein til kvar spelar og ein til lagleiaren.  Oddmund Skogen hadde teke på seg oppdraget.

-Eg har Oddmund Skogen og Johannes Skartlandgod erfaring frå nokre vikariat i Grannar, fortalde han mens eit lagbilde vart sett på plass. Johannes Skartland var eksperten som var hanka inn for å sikra at printer og utstyr fungerte.  Her kunne ein ikkje risikere stopp.  700 diplomar skulle lagast.  79 ulike. 

Oddmund kunne konsentrere seg om det grafiske.  Johannes fiksa papirkrasj når det trongst. 

Det var fullt av bilar både ved Bygdahuset og områda ved skulen.  I tillegg langs heile vegen sørover til butikken. Men organiseringa fungert veldig bra. Gjestene var svært nøgde med dagen og lovord kom det mange av.  Mellom anna lydde det mellom tilskodarane:
-Kjekkaste fotballcupen me har vore på dette.  -Knallbra! -Inndeling av banen og alle kampane samla var veldig bra!  -Veldig flott med god høgtalar så alle høyrer informasjonen.

Fotoglimt frå Vikeputten 2014

 

 

 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg