Godt Nytt År i Vikebygd

 

Utviding av gardar

Sida er sist endra 11. april 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Myra på Skartland vert grøfta på ny
75 mål vart grøfta for hand for over 100 år sidan
av Steinar Skartland 11.4.2014
 

Naturen hadde starta å ta tilbake myra på Skartland. Nå skal den igjen bli i drift.

Løkjen og kanalane på Skatlandsmyra vert opna igjenEin kan ikkje køyra forbi Skartland utan å leggja merke til den store flate myra nedanfor hovudvegen.  Så flat at det ikkje er lett å få ut vatnet. 

Frå mi oppveksttid på Skartland var vi vane med at det såg ut som ein innsjø her når det var mykje nedbør. Om sommaren stod hesjene tett. Når traktor og fôrhaustar tok over for hesten så var det ikkje uvanleg at ein sette fast hjula i den blaute myrjorda.  Då måtte naboar hjelpa til med sine traktorar for å dra opp den som la seg nedpå. 

Store-Per vart han kalla, han som dyrka opp denne myra på siste del av 1800 talet og utover.  Fødd på Tindeland i 1852 med namnet Per Johan Knutsen Tindeland, men overtok garden på Skartland ca 1870. Her grøfta og dyrka han opp 75 mål med handemakt, det meste med myr.  Eitt eller fleire mål i året, stod det om han i Bergens Tidende i mars 1927. 

Men elva Løkjen gror igjen og fallet er lite nordover til Strøytevad.  Far min fortalde at han som ungdom fekk jobb med å grava opp elva Løkjen for hand frå Skartland til Strøytevad.  Så fekk dei ut vatnet den gongen. Med tida har elvar og grøfter igjen tetta seg til.  Dei seinare åra har jorda berre vore nytta som beite og trea har igjen slege rot innover. 

Nå er det på ny vorte aktivitet der nede ved Løkjen.  Det er ikkje handemakt som vert nytta.  Cat beltegravemaskin  gjer jobben med å opna opp kanalane og elva.  Igjen skal vatnet ut og det skal veksa og gro noko som kan haustast og gi inntekt.  Nye generasjonar satsar.  Bøndene Kjetil Skartland og Jone Ingvald Skartland tek over kvar sin del av denne garden som Peder og Gudrun Skartland dreiv i si tid.  Jorda vil bidra til at desse bøndene får større marker og betre inntektsgrunnlag for drifta. Kjetil legg den store flate myra og bakkane nedanfor vegen til sin gard.  Tippoldefaren var Per Johan.  Det er framtida for eit levande landbruk der maskiner med flust av hestekrefter gjer den jobben ein før måtte gjera med handemakt og hjelp av ein hest.  nbsp;
 

Frå ministerialbok Sveio 1852

Sjå også Kyrkjeboka for Fjelberg mars 1852 her

 
 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg