Godt Nytt År i Vikebygd

 

Formannskapssaker 8. april

Sida er sist endra 30. august 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Les her:
Plan for veg mellom Lio1 og Lio2
Motorbåtforeininga leiger Prestabryggja

Vindafjord Kommune
Lio-feltet, Offentleg høyring

lagt ut av Steinar 29.4.2014

Sak: Endring av reguleringsplan for Lio-feltet i Vikebygd - offentleg ettersyn
Framlegg til endring av reguleringsplan for Lio-feltet i Vikebygd er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 5-2 og 12-10.

Sjå saksdokumenta her eller på Teknisk bygg i Sandeid.

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Eining areal og forvaltning, Teknisk bygg, 5585 Sandeid eller til:
landbruk@vindafjord.kommune.no    innan 14.06.2014.

 


Formannskapet skal vedta
Plan for veg mellom Lio1 og Lio2

av Steinar Skartland 4.4.2014.

Endring av reguleringsplan for Lio feltet
I gjeldande reguleringsplan frå 1978 er tilkomsten til del 1 av Lio-feltet planlagt frå Naustvikvegen, ca 100 meter før denne svingar utover langs naustrekka. Denne vegen er
aldri blitt bygd, men bebuarane i denne del av Liofeltet har nytta tilkomst via Naustvikvegen ca 200 meter lengre ute. -Denne tilkomstvegen er ikkje tilfredsstillande på grunn av stigningstilhøva, skriv rådmannen i si utgreiing. 

Høyring
Saka vert på tysdag 8. april lagt fram for Formannskapet som skal ta stilling til om den skal sendast ut på høyring.  Det medfører då at dei som har synspunkt på saka kan koma med innspel før den vert endeleg handsama og vedteken seinare.

Knyter felta saman øvst oppe
Foreslått endring vil gi Lio 1 ny tilkomst ovanfrå via vegen i Lio 2. Vegen gjennom Lio 2 har stigningsforhold og breidde som er tilstrekkeleg for vegkrava. Vegen i Lio 2 må forlengast vestover for så å svinge mot sør i møte med dagens veg i Lio 1. Tilkomstvegen blir med andre ord mellom bnr 130 og 135, dei to øvste husa i Lio 1. Vegen oppover i Lio 1 vil ikkje overstige 10 % stigning.

Føresetnaden for ei slik løysing er av dagens tilkomst vert stengt nede i feltet og at bnr 141 er første hus som skal køyre oppover. Eining kommunaltekniske tenester har målt opp og vurdert forslaget, og finn at dette er ei tilfredsstillande løysing.

Lio Velforeining la i møtet med kommunen fram eit eige forslag til endring der ny tilkomst vert via Lio 2, men via veg som går forbi eksisterande leikeplass og kjem inn i Lio 1 mellom bnr 124 og 125.  I si vurdering av dette framlegget seier Rådmannen:
-Velforeininga sitt forslag til endring er heller ikkje problemfri. Det er i seinare tid bygd ein garasje på bnr 125 som skapar tilsvarande dårlege siktforhold som ved bnr 130. I tillegg er
det ikkje noko optimal løysing å føre gjennomgangstrafikk forbi leikearealet.

Rådmannen kan ikkje sjå at velforeininga sitt forslag til løysinga blir betre for trafikk-tryggleiken totalt sett.  Han peikar på at Velforeininga, på lik line med andre, vil kunna ta saka opp til vurdering når ho vert sendt på høyring.

Les saksdokumentet her

Sjå her alle saksdokument til møtet

 


Ny handsaming i møte 26. august.
Avtalen samrøystes vedteken
av Steinar Skartland 30.8.2014

I formannskapet sitt møte tysdag 26. august vart avtalen mellom kommunen og Motorbåtforeininga samrøystes vedteken. Dei er alt i gong med tilrettelegging for framtidig bruk av kai og båthamn. 

FS-078/14 VEDTAK SAMRØYSTES (MED 8 RØYSTER):
Vikebygd motorbåtforeining får leiga Prestabrygga som beskrive i vedlagt avtale og
kart.  Les også: Saksdokumentet  Avtalen


Sak til handsaming i Formannskapet 8. april
Motorbåtforeininga vil leige Prestabryggja
av Steinar Skartland 4.4.2014

Vikebygd Motorbåtforeining ynskjer å overta og leiga kaien i Vikevik, også kalla for Prestabryggja. Rådmannen innstiller positivt til Formannskapet om å godkjenna den framforhandla leigeavtalen i møtet den 8. april.  (Sjå sakspapiret)

Det går fram av sakspapira at Oddmund Tjoflåt har avtale med kommunen i det aktuelle området, men han har sagt seg villig til å overføra avtalen til Vikebygd motorbåtforeining og kommunen har laga ny avtale.

Bakgrunn
Vikebygd motorbåtforeining vil syte for at ålmenta vil få kunna nytta området til fiske,
båtplassar og liknande. Naustet vil bli nytta som lager for båtforeininga. Dei vil også
sørgja for at kaien ikkje vil bli nytta som lagringsplass og ser også at kaien vil gi plass til
djuptgåande båtar. 

Vikebygd Motorbåtforening har også ynskje om å utvida arealet. Etter møte med kommunen blei søknaden utvida til å leiga gnr. 331 bnr. 18, 28, 58, 84 og del av 80. Sjå vedlagt kart datert 19.02.2014. I møtet grunngjev dei utvidinga av søknaden med at dei ynskjer at ålmenta skal få tilgang til heile området ved at båtforeininga leiger området og held det ope for ålmenta. Dei vil også drifte og vedlikehalde desse teigane.

Ved at det ligg ein avtale i botn for å leiga dette området bør det vera ein fordel for området at båtforeininga overtek drifta og vedlikehaldet av dei omsøkte teigane, skriv Rådmannen i si vurdering. Ein slik praksis er også gjennomført i andre båthamner som Ølen båthamn og Vikedal båthamn.

Handsaming i formannskapet 8. april:
Dei fleste i formannskapet sa at dette var eit veldig positivt tiltak.  Men under handsaminga vart det diskutert kva ansvar kommunen som eigar ville ha for anlegget når det var utleigd, m.a. ansvar for opprusting av kaien (utover vedlikehald) og uhell som kunne skje med denne om han ikkje var i forsvarleg stand.  Ordførar sette fram forslag om å utsetja saka til neste møte, slik at dette kunne avklarast.  Forslaget vart vedteke.
 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Dåpsskulen
Utviding av gardsbruk
Lio-veg og Prestebryggja
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg