Godt Nytt År i Vikebygd

 

Vik Skule sin kulturettermiddag 25.3.2014

Sida er sist endra 25. mars 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

 
Fullt hus og godt program på

Vik Skule sin kulturettermiddag 25. mars 2014

av Steinar Skartland 25.03.2014

Rektor Anne Marte Tveit ynskjer velkommen til kulturkvelden og introduserer konferansierane.Som avslutning på ein ettermiddag med kjøtkakekafé og elevane si utstilling som presenterte kommunen Vindafjord, kunne Rektor Anne Marte Tveit ved Vik skule ynskja velkommen til det åttande året med kulturettermiddag. Det blir betre år for år. Skulen har nå 62 elevar i klassetrinna 1-7.

Kvart år kjem det eit nytt kull med elevar inn i skulen.  Engasjerte elevar som gjennom forarbeidet til kulturettermiddagen får kunnskap om lokalsamfunnet og kulturen i Vikebygd og i kommunen Vindafjord.  Også dette året hadde dei vore på rundtur med buss til bedrifter og rådhus.  Det dei hadde sett og høyrt undervegs hadde dei forma både i utstillinga og med ord og tonar.  Noko dei fekk både syne og framføre denne kvelden.

Det var laga ein konkurranse med spørsmål frå heile kommunen og her kunna kvar og ein få prøva seg på lokalkunnskapen sin.  Seinare viste det seg at berre tre hadde alle svara rette. Om ordføraren var ein av dei, vei vi ikkje, men skulen trekte ut ein av desse som vinnar.  Den heldige vart Marita Koltveit.

Kirsten Nesse og ordførar Ole Johan Vierdal
Kirsten Nesse og ordførar Ole Johan Vierdal diskuterer svara på konkurranse.  Fotoalbum

Konferansierane Marita og Viktoria leia arrangementet med stødig hand.Men rektoren fekk ikkje så lange stunda på scenen før elevane sjølv tok over.  Marita og Viktoria hadde oppdraget å leia festen, noko dei gjorde ein god jobb på.  Heile skulen stod på scenen og song ein innhaldsrik sang om Vindafjord bygdene, som elevar og vaksne hadde dikta i lag. Deretter var det 1. og 2. klasse sin tur til både å spela på trommer dei hadde laga sjølv og til å fortelja ombedriftene og bygdene dei hadde vitja på bussturen.


Konferansierane Marita og Viktoria leia festen     Fotoalbum
 


To og tre i saman framførte dei rapp som elevane sjølve hadde laga om kommunen.

3.-4. klasse gjorde suksess med eit stort utval rappar dei sjølve hadde laga og framførte 2 og 3 i lag.  Applausen frå den fullsette salen viste at foreldre, familiemedlemmer og bygdefolk var imponerte over både framføring og innhald.  Dei såg ikkje mykje nervøse ut, borna. Tvert imot så kosa deg seg på scenen.  7. klassingane Victoria og Tonje song duett før ei gruppe av dei største borna framførte ein dans dei hadde laga sjølv.  Det var stor variasjon i programmet, der Johannes, Petter og Marius viste film dei hadde laga med tittelen Justin Bieber fans.

Ole Johan Vierdal ffølgjer med når dei 62 elevane syng om kommunen og bygdene der.
Ordførar Ole Johan Vierdal sat som eit skulelys på første rad og utan tvil storkosa han seg. 

Saman med FKH-spelaren Kristoffer Haraldseid måtte han på scenen til intervju av elevane Helene og Birge.  Spørsmåla var mange og varierte stort, men begge intervjuobjekta hadde fått spørsmåla på førehand og førebudd seg godt.

Intervju av ordførar og fotballspelar
Elevane lurte svært på kva ordføraren gjer på og korleis han vart ordførar.  Rådet han ga elevane var å halda fram slik dei har gjort denne kvelden.  Vera på scenen, ta ordet og delta.  Og så må ein vera medlem i eit politisk parti, om ein skal bli vald som ordførar.  Vierdal har sjølv spela fotball og vore trenar for far til Haraldseid. Dei er begge Vatsbuar.

Astrid Mortveit som tok andre plassen i musikkonkurransen StjernåÅ ha fått ein ekte FKH spelar på scenen var spennande for borna som ville vita kva lag han heia mest på.  Det var nok Liverpool, fortalde Kristoffer som definerte seg sjølv som fotballpotet som kunne spela over alt på banen.

Kvelden var avslutta med meir song.  Astrid Mortveit song fleire songar før kommunen sitt eige kor: Kor'e Vindafjord entra scenen.  Koret består av tilsette i ulike einingar i kommunen, men under leiing av Lasse Jarmer som spela piano til songane, så har dei utvikla seg til eit proff kor av høg kvalitet.

Kor'e Vindafjord
Fotoalbum
 

Fotoalbum frå kvelden

 

Vik Skule inviterte tysdag 25. mars til
Skulen sin kulturettermiddag

TYSDAG 25.03.2014

Tema:  Vindafjord kommune
    (Foto frå Vik skule sin plakat)

PROGRAM: 
15:30-17:30 Kjøtkakekafé + sal av kaffi/kaker
16:30 Dørene til storsalen opnar. Her er det utstilling og konkurranse laga av elevane.
18:00 - 19:40:
  - Underhaldning av elevar.
  - Intervju med ordførar Ole Johan Vierdal og FKH spelar Kristoffer Haraldseid.
  - Svar på konkurransen ”Kjenner du Vindafjord kommune?”
  - Songinnslag av Kor`e Vindafjord og Astrid Mortveit.
Velkommen !                                       Sjå plakaten her 

 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg