Godt Nytt År i Vikebygd

Roald skaper nye vegar til fjells

Sida er sist endra 23. mars 2014

Roald Årvik sitt prosjekt - ei gåve til Vikebygd:
Ny løype: Bygdahuset-Dyraskorfjell-Trodlanibbo

av Roald Årvik

Etter å ha kjempa meg igjennom tett brakeskog og ei lang ur for å koma meg opp Glommeskar eit par gonger, så byrja eg seinsommaren i fjor på å få rydda ein sti opp skaret, stien endar på toppen av Dyraskorfjell. Det tok ein del tid på å få denne klar, då eg måtte mure inn mange trinn i ura opp Glommeskar slik at ein slepp hoppe frå stein til stein, samt at det var ein del andre detaljer som skulle på plass.

Løypa byrjar ved Bygdahuset, det er berre å fylgje same vegen som til Trodlanibbo.  Ta av ved skilt merka Dyraskorfjell og fylg merkt løype vidare til toppen
(sjå blå løype på kart og bilete).

 

På toppen så har eg mura opp ein ny varde som det ligg ei bok inne i, slik at ein kan føra opp namnet sitt, eller sjå om naboane har vore der (Ikkje sant Tore og Laila? De er hermed utfordra).
 

     

Løypa er litt kortare enn opp til Trodlanibbo, men ein brukar om lag same tid opp. Det kan vera glatt på steinane i ura i Glommeskar om været er fuktig, særleg på veg ned, så eg har laga ei alternativ rute til Trodlanibbo om ein ynskjer å ta ein annan veg ned (sjå grøn rute på kart og bilete). Om ein ikkje vil gå både opp og ned Glommeskar så vil eg anbefala å gå opp, og ta seg tid til pausar, for her er ei utruleg fin utsikt og vill natur. På ein solskinsdag så er det ikkje mykje som kan måla seg med naturopplevinga ein får der, er du heldig så kan du få både ramn og ørn svevande over deg.

Vel ein dag der det er tørt i været før du legg i veg, sjølve løypa er ikkje blaut, men det er som sagt det at steinane er glatte i fuktig vær.

 

På toppen av Dyraskorfjell, så er det utsyn til mange kommunar, Etne, Kvinnherad, Tysvær, Bokn, Utsira, Haugesund, Karmøy, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og sikkert nokre til. Om ein går litt lengre nord for toppen så får ein også utsyn ned til Dyraskorvatnet.

Løypa som er vist på bilete er meir som ein illustrasjon å rekne, for å vise kor ein endar, det blir ikkje fjellklatring slik som bilete kan gje inntrykk av. Men ein kjenner det nok litt i låra på veg opp, men ikkje verre enn at eg har hatt både kone og vesle guten med opp til topps.

Når ein står på toppen så har ein kanskje også lært noko nytt, den som tek turen får sjå.

Då har eg fått gjort meir enn eg hadde planlagt i vinter, eg har et par tre idear til, men alderen byrjar å krevja sitt, så me får sjå om det blir noko av.

God tur.



Roald Årvik i Vikefjella
Sti merka mellom Børkjelandsskar og Longavatnet

Steinar Skartland 22.1.2014

Les meir her

Stimerking i Vikefjella
Roald Årvik sitt stimerkingsprosjekt
Vikefjella meir tilgjengelege for turgåarar 8.2.2014
Les meir her
 

Ut på tur i Vikebygd:
Nymerka turløyper i skog og fjell.
av: Steinar Skartland 7. aug 2013
- Det er no merka sti i frå Såto til Trodlanibbo via Dyraskorvatnet og frå før ei ny turløype som Roald har kalla: Våbrekkeruta. 
Les artikkelen her
 

Kongegrava (klikk for stort bilde)
Lokal historie eller segn?
Kongegrava ved Trodlanibbo

av Roald Årvik 28. juli 2013
På tur til nuten Trodlanibbo kan du sjå ein haug med steinar merka med skiltet: Kongegrava.

Les meir her


Vikestølsmarsjen 1.sept. 2013.

av Steinar Skartland 1.9.2013
Omlag 60 deltok trass i regn. God stemning med hestesko-kasting, premiering og mat. 

 
Les meir her

Haust i Skjeljavika
Vakkert haustvêr
Mange nytta helga 11.-13. okt. til tur i skog og mark 

av Steinar 13.10.2013 

Les meir her

 


Trodlafjell 637 meter over havet
Friluftsfolk på vandring til Trodlafjell

av Steinar Skartland, 6.10.2013

Les heile artikkelen her

 




Ny turløype i Vikefjella
Roald Årvik har rydda og
merka ny løype i fjellet 
21.6.13 

Les meir her
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg