Godt Nytt År i Vikebygd

 

Språk og dialekt

Sida er sist endra 14. mars 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Dei utryddingstrua orda og formene
Vert språket vårt kjønnslaust?
av Steinar Skartland 14.3.2014

Vi har ein flott dialekt i Vikebygd.  Slik eg hugsar orda og uttrykka frå eg var liten.  Den gongen då vi kunne høyre tydeleg forskjell på folk frå ulike bygder.  Dei som sa bygdå og dei som sa bygdo. Dei som sa kjerro og dei som sa kjerrå. Det var forskjellar frå bygd til bygd. Og så leika vi Trebonius eller reila. Me gjekk gjedna ein tur bortijønå gilå òg, eller fiska i Løkjen. Det er vel snart på tide at riksantikvaren vernar desse utryddingstrua orda?

At det skjer endringar i eit språk er heilt naturleg.  Påverknad frå andre språk er også normalt.  Men nå merkar me korleis bokmål i aukande grad set sitt preg på lokale dialektar.  Når me her seier ein gut og ei jente, brukar bokmål 'en' om begge kjønna.  Truleg årsaka til at folk blandar kjønna også i våre lokale dialektar.  Dei seier 'ein' om ord som er typiske hokjønnsord, og skulle hatt 'ei' føre seg. Spesielt gjeld dette ord som endar på -ing.  Ei melding, ei opning, ei handling, heiter det. Kjem dei snart til å seia 'ein jente' også? 

Går vi nokre få generasjonar bakover så hadde vi også kasus i det norske språket, slik vi kjenner det frå t.d. tysk (Nominativ, akkusativ, genitiv og dativ).  Det er også for det meste borte.  Dativ bøyingar som honom og deim nyttar vi ikkje lengre, men det sleng nokre genitivsformer innimellom, som når vi går til fjells, set oss til bords eller drar til sjøs. Førebels står dei formene støtt. Det tredje offisielle språket i Noreg, samisk, har 12 kasus.  For det meste i form av etterhengte preposisjonar.  Der me seier 'til' let dei orda enda på bokstaven ' i ' (kasuset: Illativ).  Dei har aldri hatt kjønnsinndeling.  Der heiter det 'son' om me på norsk seier: han, ho eller det.  Dei greier seg godt dei òg.

Jobba i unge år saman med ei frå Austlandet.  Ho flirte når eg sa at eg "sko pitla bêr" eller "pitla opp det som datt på gålve".  Etter ei stund var det eg som måtte trekkje på smilet og spørje:  Kva sa du nå?  Eg merka ho sa 'pitla' og andre av 'mine ord' når ho snakka med meg.  Me som har ein flott Vikebygd dialekt treng ikkje leggja om til Oslo-dialekt når me snakkar med andre.  Held du på din dialekt så både forstår dei, og tek etter ditt språk.

På same måten som eg fort starta å svara 'Bonjour' når eg kom inn i butikkar i Paris, som eit svar på deira smilande 'bonjour' i møte med meg. (Bon=god  jour=dag).  Minnest også mi tid der eg dreiv ungdomsherberge i Finnmark.  Det kom meir gjester frå andre land (heile verda) enn frå Noreg.  Også mange finske.  Der nytta det ikkje med engelsk eller tysk, så eg gjorde mitt beste for å pitla opp finske ord og uttrykk.  Fekk ei godt vaksen dame (som ikkje kunne anna enn finsk) til å lære meg å telja på finsk.  Det kom vel med når eg skulle ta imot betaling. 

Nå er det ein aukande mengde med framandspråklege som arbeider i verksemdene våre her i Noreg.  Har den siste veka halde er rekkje foredrag om HMS.  For fleire av gruppene måtte dette gjerast på engelsk.  Det var ingen der frå England.  Men det var det felles språket som flest forstod.  Eg merkar at det er utfordrande når språka er svært ulike.  Korleis påverkar dette vår kommunikasjon?  Gjennom engelsk, som kom inn utan at folk heilt forstod kva dei sa, så har vi fått ein del merkelege ord.  Eit av desse er 'trailer'.  Når eg høyrer folk seier: Ein trailer køyrde utfor vegen, så brukar eg å spørja:  Og korleis gjekk det med trekkvogna?  For ordet 'trailer' er vel eit av dei mest misforståtte orda nordmenn har pitla opp.  Det tyder: tilhengar.  I England heiter det 'Lorry and trailer' i Amerika heiter det:  'Truck and trailer'.  I Noreg heiter det 'bil og hengjar', eller som det offisielle norske ordet norske her er:  Vogntog. Men me likar å vera important, derfor seier vi: trailer og av og til supplaibåt. 

Låneord er ikkje noko særskilt for oss her i Noreg.  Eg har merka meg at russisk er eit av dei språka som har flest låneord frå latin og europeiske språk.  Noko som vart ei overrasking då eg lærte med det russiske (kyrilliske) alfabetet.  At heis heiter: lift, og apotek heiter apteka, er vel ikkje så spesielt.  Men at svin heiter svinina (свинина) og biff heiter steik (стейк) var litt uventa. 

Så endrar også vårt språk seg gradvis.  Etter 600 år er normalt endringane så store at det vert rekna som eit heilt anna språk.  Vi kan ikkje hindre det, men vi kan likevel ta vare på dei utryddingstrua orda.  Bruka dei som vi arvar frå foreldre og generasjonar føre oss.  Det gjer språket rikare og meir interessant.

Orda har sitt opphav.  Dei betyr noko.  Å kjenna bakgrunnen kan auka interessa for orda.  Kvifor heiter det t.d. Kvamme?  Eller Bjoa?

Kvamme er ein trang dal (Namnet er ei dativform av det gammalnorske hvammr, dativ: hvammi, og tyder ein liten dal med høge bakkar kring).  Bjoa kjem frå det gammalnorske: Bjodr, som betyr suppeskål.  Så ser kanhende Bjoa landet ut som ei opp-ned suppeskål, ute frå sjøen?  Der landet rundar inn mot Ålfjorden og andre vegen inn mot Ølsfjorden og fjellet reiser seg bratt etter ei slak skråning inn frå sjøen.

Det er vanleg å seia at Engelsk språk har 50% fleire ord enn norsk.  Det merkar vi når ein norsk tekst skal omsetjast til engelsk.  Han treng større plass.

Men likevel.  Norsk språk har også mange fleire ord enn vi vedkjennest.  Vi deler dei i Nynorsk og Bokmål, og i tillegg i ulike dialektar, - der ikkje alle orda er aksepterte som del av korkje nynorsk eller bokmål.  Vågar vi å akseptera alle desse orda, så har vi eit stort og rikt språk også her i Noreg. 

Så bruk gjerne dei utryddingstrua orda.  Pitla dei opp frå dei gamle som ennå nyttar dei.
 


Litt praktisk nynorsk?

Ordkløyveri

Minigrammatikk

Nynorsk for studentar 

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg