Godt Nytt År i Vikebygd

 

Arbeid med båthamna og Bryggjebakken

Sida er sist endra 11. mars 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Grendautvalet legg til rette Bryggjebakken
Byggjer mur og grillhytte ved båthamna

av Steinar Skartland 11.3.2014


Ein flott natursteinsmur skiljer nå Bryggjebakken og parkeringsplassen ved båthamna

- Bryggjebakken er ein plass alle skal kunna nytta, fortel Jens Morten Koltveit som har hatt arbeidet med å mura natursteinsmuren langs parkeringsplassen. Han er også med i Grendautvalet. - Det førre Grendautvalet fekk godkjent arbeidet med mur og grillhytte, me har berre fått gjort jobben.  Det er også støypt fundament og grunnmur for ei grillhytte.  Lauritz Bjørnevik har teke på seg å byggja tak over denne. Utforminga av murar og grillhytte er teikna av Arne Tveit på dugnad.  Grendautvalet skal også få lagt ut ein kant mot badestranda og fylla på sand.  Midlar dei vart innvilga frå Vindafjord Arbeidsgjevarforum (VAF) dekkjer halve kostnaden.  Resten av midlane måtte skaffast frå anna hald.

Motorbåtforeninga har ordna med lysstolpar som skal setjast opp på muren og kablane er alt på plass.  Styret i Motorbåtforeninga er slik i samarbeid med Grendautvalet om dette, fortel Jens Morten Koltveit, som også har hatt arbeid med utfylling av masse og forlenging av moloen i båthamna. - Den er bygd ut med 10 meter og er nå totalt 33 meter lang, kan han fortelje.  Her vil det vera plass til fleire båtar når alt er klart.  Vert det tilrettelagt for store båtar vert det berre 4 plassar, men det kan også lagast til for fleire mindre båtar.


Grillhytta vert liggjande rett sør for Motorbåtforeninga sitt bygg. Det skal bli tak, men opne vegger med søyler.

Til våren og sommaren vert denne felles bade- og uteplassen eit flott tilbod til bygda som nokså sikkert vil bli mykje brukt.

I krysset ved innkøyringa til båthamna er det komen opp ein bautastein. -Eg fann ein stein som eg syntes var for flott til å bli lagt i muren og føreslo for motorbåtforeninga å setja denn opp her ved vegen, fortel Jens Morten Koltveit.  Sigbjørn Tjoflot, styreleiar i Vikebygd Motorbåtforening, tok dette opp med styret som syntes dette var ein god ide.  Tanken er at motorbåtforeninga skal ha eit skilt på steinen med informasjon om båtforeninga.   Les meir her.

 


Bygging på Dommersnes Industriområde
Hybelbygg / brakkerigg for 160 arbeidarar

av Steinar Skartland 11.3.2014

Hybelbygg vert sett opp på Dommarsnes Industriområde
På den sør-austre delen av Dommersnes Industriområde er det nå sett i gong arbeid med bygging av fundamenter for brakkeriggar langs hovudvegen.  Oppå desse skal det setjast bustadbrakkeriggar for arbeidsfolk som pendlar til arbeid i Vindafjord.  Dermed kan det kanskje bli fleire kundar på butikken i bygda etter kvart som brakkeriggane vert tekne i bruk.

Det er selskapet Multi Vedlikehold Drift AS som har fått mellombels løyve til oppføring av 2 hybelbygg på gnr. 332 bnr. 60, på Dommersnes industriområde i Vikebygd.  Brakkeriggane vil få 80 rom til overnatting for opptil 160 personar. Dei skal plasseras på parkeringsplass ved vegen og koplast til privat vatn og offentleg kloakk. Rigg 1 og 2 er like store.  Det er Vindafjord kommune som eig eigedomen. 

Dei to hybelbygga skal brukas til midlertidig formål i inntil 2 år av arbeidsfolk som jobbar i
distriktet i forbindelse med oppdrag på Westcon og andre bedrifter, står det i kommunen si saksutgreiing, der dei gir godkjenning for riggane.

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg