Godt Nytt År i Vikebygd

 

Husmorlaget og Vikebuen

Sida er sist endra 8. mars 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Til alle bygdekvinner - Gratulerer med dagen 


Frå protokollen til Vikebygd Husmorlag 1946
Vikebygd kvinnene i etterkrigstida

av Ingrid Sørvåg 8.3.2014

...hadde der vært kvinner med i styret i denne bygd, så hadde vi ikke behøvd å sitte med talgelys, men sikkert hatt elektrisk lys for lenge siden...

Ingrid Sørvåg8.mars blir den Internasjonale kvinnedagen feira, ein dag som blir feira på ulikt vis rundt om i verda. I denne samanhengen kan det vera på sin plass å sjå på kva formødrene våre var opptatt av:

Mandag 23.september 1946 var det møte i husmorlaget. Møtet begynte med en sang, og med andakt. Fru Thea Tunge var til stede og holdt eit gildt foredrag. Hun hadde til emne «Kvinna som samfunnstjener». Fru Tunge mente blant annet at når kvinna hadde fått stemmerett så måtte de og bruke den, og man måtte få flere kvinner med i styre og stell, for hun trodde ikke verden hadde sett slik ut i dag hadde der vært flere kvinner med. Det synet at kvinna bare hørte til på kjøkkenet måtte bort. Hun trodde også at hadde der vært kvinner med i styret i denne bygd, så hadde vi ikke behøvd å sitte med talgelys, men sikkert hatt elektrisk lys for lenge siden og kanskje innlagt vann også.

Foredraget var meget interessant og lærerikt og høstet kraftig bifall. Så blei kaffien servert. Det ble satt fram rikelig, men god mat som medlemmane hadde båret med seg på fat, for å gjera møtet meir festleg enn vanleg. Ja bordet reint bugna av mat, blomster, lys og flagg.
 


Frå dei gamle protokollane
Vikebygd Husmorlag stifta i 1935

Ingrid Sørvåg
Ingrid Sørvåg har vore så heldig og få tak i protokollen til Husmorlaget.  Ho jobbar nå med å skriva noko om dette, og lar oss her få del i ein smakebit av dette, som ein liten appetizer.

av Ingrid Sørvåg 5.3.2014

Vikebygd husmorlag blei stifta 21.sept 1935 på Fortsettelsesskolehuset. 21 damer møtte opp, høyrde foredrag av ein representant frå Norges Husmorforbund og blei einige om å stifta lag. Sitert frå protokollen til husmorlaget:

"Fyremålet med husmorlagi var å læra ei husmor å fylle plassen sin i heimen og samfundet. Og ho heldt fram kor turvande det var for husmødrene å læra dei rette samansetjingar i næringsemna, so ei sunn og sterk slekt kunde vekse upp. I det store og heile virka husmorlaga for at etterslekta skulle få levelegare vilkår enn oss. –Ho tala og um dei mange tiltak lagi gjorde kringum i bygdane t.d å få i gang arbeidsstover for ungdomen, og mykje anna. Me fekk i det store og heile fullt ut vita fyremunene med eit husmorlag."

Dei første medlemmene var: Serine Alne, Signy Falkeid, Marta Tøresdal, Synnøve Rotvold, Karoline Eriksen, Sally Eikehaugen, Marie Rotvold, Guri Knapphus, Anna Johnsson, Gina Owe, Petra Vik, Tomine Vik, Bergit Frøvik, Sigrid Dommersnes, Ingrid Owe, Elise Titland, Berta Birkeland, Anna Framnes, Rebekka Alne, Kristianne Alne, Hjørdis Vik og Berta Helgesen."

Husmorlaget var i drift i mange år, med møter, festar og turar, men er no eit avslutta kapittel. For 10 år sidan blei laget Vikebuen stifta, med same formål som husmorlaget, men utan å vera tilslutta nokon organisasjon.

 

Aktive kvinner i Vikebygd
VI HAR PLASS TIL NYE MEDLEMMER! seier 'Vikebuen'
1.3.2014

-Er du ei dame i akkurat DIN beste alder, så vil vi gjerne kunne ønskje deg velkommen som medlem, skriv Vikebuen i det flotte programmet dei har sendt ut i alle postkassane i bygda. Og damene i bresjen, ja det er: Hilde Fredriksen, Solveig Hortman, Ellen Skretteberg, Inger Kathrine Sundve, Else Karrin Vesbø og Mona Schnabel.  Ingen av dei likar å kalla seg leiar, men dei får det til, det dei set seg føre.  I dei samanhengar underteikna vankar er det krav til minst 40% av kvart kjønn i alle fora.  Men det gjeld ikkje for laget 'Vikebuen'.  Her rår kvinnene.

Programmet og informasjon om kva som skjer i 2014, deler dei ut til alle husstandar i bygda.  Her er temakveldar på bygdahuset eit par torsdagskveldar i månaden; Strikkekafé på Gamlatunet tysdagskveldar og fire Bingo-kveldar i månaden.  Møtetida er "etter fjostid", for dei møtest først når mørkret har seinka seg og klokka slår åtte slag.

Nå inviterer dei fleire til å teikna seg som medlem
Medlemskontingenten er på kr 100,- og betalast til:
Vikebuens kontonummer: 3240.16.57737

INFORMASJON PÅ E-POST
Ynskje om effektiv og rimeleg kontakt med medlemmane, gjer at Vikebuen vil sende informasjon på e-post til så mange som mulig av sine medlemmer. For å samle e-post adresser på ein rask måte ber 'Vikebuen' om at medlemmane sender ei helsing til laget frå den e-postadressa laget kan registrere og bruke. - Send ein e-post til: vikebuen@outlook.com oppfordrar dei.  Det treng ikkje stå noko i e-posten utanom personen sitt namn.   

Laget er 10 år dette året.
Dette vil dei markere og kjem tilbake til datoen. Men torsdag 24. april, kl.1700 er det sett av tid til ”MINI-MESSE”. Der born kan selje leiker, bøker, ting dei har laga – eller berre ha ein byttehandel. Middag kan det og bli mulig å få kjøpt.

Last ned programmet

 



Klikk på programmet
om du vil sjå eit som er større

Litt usikker databrukar?
Minikurs i bruken av officepakken

av Hanne Jorunn Helgeland

Det blir et minikurs i bruken av officepakken den 4 og 13 mars. Dette er for alle som "så gjerne vil men får det ikkje helt til." Bli med då vel... Solveig på Alne loser oss gjennom dette med sin lune og gode humor:)) Meld dåken på til Hanne Jorun. 

 

Vikebuen arrangerte Julemesse 30. november 2013
Les om denne her

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn?Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg