Godt Nytt År i Vikebygd

 

Årsmøte for Vikebygd kyrkje

Sida er sist endra 23. febr. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
 

Årsmøtet for Vikebygd kyrkjelyd, søndag 23. februar
Skal Vikebygd og Skjold få felles sokneråd?

av Steinar Skartland 23.2.2014, sist endra 24.2.14

Les årsmeldinga for 2013 her

Soknerådet i Vikebygd inviterte bygda til kyrkjekaffi og årsmøte etter gudstenesta sundag 23. februar. I tillegg til årsmelding og rekneskap så var det orientering om arbeidet som er gjort for å sjå om det er stemning for å søkja om samanslåing av Skjold og Vikebygd.  Øyvind Valen har sete i ei felles nemnd med deltakarar frå alle dei 8 sokneråda.

Øyvind Valen orienterer om økonomien og arbeidet med samanslåing av sokn.
Øyvind Valen orienterer om ein god økonomi
og planar om samanslåing av sokneråd.

- Det er 8 sokneråd i Vindafjord. I Karmøy er det 8 eller 9 med 40.000 innbyggjarar og i Haugesund berre 3, fortalde Øyvind Valen om bakgrunnen for å vurdera samanslåing av sokn. 

Då kvart sokn (eller bygd) skal leggja tilrette for trusopplæring for den oppveksande slekt frå 0 - 18 år, så er dette krevjande. Nå har sokna fått statlege tilskott til trusopplæring.  Det har også vist seg å vera vanskeleg å få nok folk til å stilla til val for sokneråda.  Ei samanslåing vil vera ei rasjonalisering. 

Mellom dei åtte sokneråda i Vindafjord var det fire som ikkje ynskjer å gå vidare med denne tanken, og fire som ser på samanslåing som interessant.  Ølen og Bjoa vurderer dette på same måte som Vikebygd og Skjold.

I dette årsmøtet er det berre lagt fram som orienteringssak der kyrkjelyden vart oppfordra til å koma med innspel.  Soknerådet kunngjorde at neste steg er å kalla inn til eit soknemøte tysdag 29. april.  Dette møtet skal avgjera om det skal sendast søknad om ei prøveordning ved komande soknerådsval hausten 2015.

Vikebygd og Skjold sokn som eit?  
I tillegg til den munnlege orienteringa ved Øyvind Valen, delte soknerådet ut ei skriftleg orientering.  Dersom to sokn slår seg saman kan ikkje bygdene sjølv avgjerda dette.  Frå skrivet går fylgjande fram:

  • Vedtak skal gjerast av kongen i statsråd
  • Det er høve til å ha eigne lister for kvar bygd, men alle kan stemma på listene.
  • Fellesrådet har framleis ansvaret for begge kyrkjebygga (som i dag),
    men det er høve for soknerådet til å setja ned fleire eigne underutval.
  • Viss det er fem eller fleire sokn skal kvart sokn ha ein representant i fellesrådet,
    uavhengig av storleik.

Det sokneråda no går inn for er fylgjande:

  1. Dei to sokna søkjer om å få ha ein forsøksperiode på fire år (2015-19) som eit sokn. To separate soknemøte i 2018/19 avgjer om ein skal søkja fast samanslåing etter forsøksperioden. 
    a. Det blir søkt om å få stilla med to lister i 2015, ei i Skjold og ei i Vikebygd,
        kor det blir valt tre frå Vikebygdlista og fem frå Skjoldlista.
    b. Det blir søkt om å oppretthalda to representantar i fellesrådet.
    c. Det blir ikkje søkt om endringar i talet på forordna gudstenester i dei to kyrkjene.
     

  2. I forsøksperioden på fire år:
    a. I fireårsperioden blir det eit felles sokneråd med ein leiar.
        Tre representantar frå Vikebygd og fem frå Skjold.
    b. Det blir felles soknemøte i perioden med mindre det kjem saker
        som etter lova krev eige soknemøte.
    c. Det blir ein økonomi gjennom at det blir ført eit felles rekneskap.
        Dersom ein etter forsøksperioden fortset som to sokneråd, skal kvart sokn
        få tilbake den kapitalen dei gjekk inn med. Eventuelt
        overskot/underskot i fireårsperioden skal delast 50/50.
    d. Det blir det nye felles soknerådet som set ned underutval. Dei to noverande
        sokneråda er innstilt på at det skal vera to separate kyrkjebyggutval,
        samt to trusopplæringsutval som samarbeider tett. Det vil også vera aktuelt
        å ha eige gudstenesteutval for kvar kyrkje.
     

  3. Vidaregang:
    a. Informasjon og innkalling til soknemøte i Hyrdingen sitt påskenummer.
    b. Soknemøte skal avgjera om det skal sendast søknad på
    møte tysdag 29. april.

Les orienteringsskrivet her

Bygda skal få seia kva dei meiner i soknemøte 29. april 2014
Til dette møtet bør då dei som har tankar om saka møta opp og koma med sine innspel.  Sjølv om Vikebygd har godt frammøte i gudstenestene (gjennomsnitt på 89 i dei 16 ordinære gudstenestene i 2013), så ser ein at det er både vanskelegare å få folk til å ta leiaroppgåver og større krav til lokal innsats på mange område. 

Ei årsak til at deltakartalet ved gudstenestene i Vikebygd er høgt er at ein har lagt opp mange familiegudstenester der mange blir inkluderte.  Musikkorpset, speidarane, laurdagsklubben og konfirmantane er eksempel på grupper som har fått setja sitt preg på ein del av gudstenestene.  Då kjem mange.  På julafta kom bortimot 300.  Det er flott.


Leiar i soknerådet, Brit Nelly Ness Tveit, kunne leggja fram ei årsmelding
som synte eit aktivt år for sokneråd og kyrkjelyd.  521 er medlemmer av Den norske Kyrkja her i Vikebygd.  I tillegg til møter og arbeidet i sokneråd og fellesråd, har dei vore med i strukturnemnda, Felles utval for trusopplæring, lokalt sopplæringsutval og diakoninemnd.

Men soknerådet har også teke på seg tenestene som medliturg (tidlegare: klokkar) og kyrkjetenar (tek seg av det praktiske med å leggja tilrette kyrkjerommet for gudstenestene, klokkeringing mm).  I tillegg til soknerådet sitt arbeid innan fireårsfase, 11 års fase og konfirmantarbeid, driv frivillige eit godt trusopplæringsarbeid i td TrippTrapp, Laurdagsklubben, speidaren mm. Soknerådet står også for tiltak gjennom diakoniutvalet og har elles gjort mykje dugnad på kyrkjegardar, rundt kyrkja og i parken.  Dei har vore aktive pådrivarar og initiativtakarar overfor fellesrådet med tanke på oppussing og vedlikehald på kyrkja.  M.a. vert det arbeida med planar om toalett i kyrkja.

Medlemmene av soknerådet (7 medlemmer og 5 varamedlemar) gjer alle ein flott jobb som vi er takksame for. Ved inngangen til 2014 er dei:  Brit Nelly Ness Tveit (leiar), Rolf Alne (nestleiar), Øyvind Valen (sekretær), Dag Hans Nagel-Alne (repr. i Fellesrådet), Brita Laugaland (diakoninemnd), sokneprest Jon Ådnøy, Jarle Årvik og 1. varamann Hilde Stene Bauge. 

Les årsmeldinga for 2013 her

Vikebygd sokneråd inviterer til
Gudsteneste og årsmøte 23. februar

av Brit Nelly N. Tveit

Sundag 23. februar er det årsmøte etter gudstenesta klokka 16.00. Som vanleg skal både årsmeldinga og rekneskapet for 2013 bli presentert.

Sak: Samarbeid med Skjold sokn.
I tillegg er det ein annan viktig sak som det skal informerast om: Eventuelt formalisert samarbeid med Skjold sokn.

I 2012 blei det oppnemnd representantar frå alle 8 sokna i Vindafjord til eit utval som skulle vurdera samanslåing av to eller fleire sokn. Arbeidet har pågått eitt år, og Vikebygd sokneråd har vedteke at ein vil gå vidare for å legga fram eit forslag kor ein søkjer om fire års forsøk med felles sokneråd med Skjold. Dette skal eventuelt vedtakast på eit eige soknemøte i april.

På årsmøtet no 23. februar vil soknerådet orientera grundig om dette slik at alle kan i god tid kan få innblikk i saka som kjem opp i eige møte etter påske.

Medlemmer i Den norske Kyrkja har røysterett
Både på årsmøtet og det komande soknemøtet har alle medlemmer i kyrkja som er busett i Vikebygd møte og røysterett.

Helsing soknerådet

 

 
 
 
 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Vegard vidare i Norske Talenter
Vikebygd og Skjold eitt sokn?
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg