Godt Nytt År i Vikebygd

 

Speidarane sin Årsfest

Sida er sist endra 16. febr. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Speidarleiarane Nutafantane


Vikebygd KFUK-KFUM Speidarar arrangerte
SPEIDARÅRSFEST med NUTAFANTAR
av Steinar Skartland 16.2.2014

Speidararbeidet har lange tradisjonar i Vikebygd.  Både besteforeldre og foreldre til speidarane i dag minnest tida då dei sjølv gjekk i speidarskjorte og generasjonen før dei var leiarar.  Storparten av borna i skulealder er med i speidartroppen.  Eit arbeid dei fleste som har vakse opp i Vikebygd har vore innom eller har eit forhold til.


Speidarane helsar ved avslutninga av arrangementet.
 

Denne dagen kunne foreldre og familiemedlemmer sessa seg rundt bord i storsalen på Bygdahuset og beundra den store flokken med born og ungdom på scenen. 
- Me som var leiarar før var litt redde for at arbeidet ikkje skulle bli vidareført då me ga oss, sa Brit Nelly Tveit. Men speidartroppen held fram og nokre av dei som gjekk gradene frå småspeidaren og oppover til Storspeidar og Rover, står nå sjølv i bresjen for arbeider.  Til glede både for borna og foreldra.

Håvard Tveit leier speidaropet (klikk for større bilde)

Ja, det kan sjå ut som om nokre gir alt i arbeidet, og borna ser opp til dei som leier med slik ein glød og iver.  Noko som verkeleg kunne høyrast gjennom eit stigande brøl i Håvard Tveit leier speidarropetspeidar-ropet som Håvard Tveit drog i gong saman med speidarane.

 
Speidarleiarane i dag er:
 
Speidartroppen:
Håvard Tveit
Johannes Skartland
Iselin Eidhammer Tveit
 
 
Småspeidarane:
Inger Marie Sjo
Eli Nesse
Alfred Trovåg
Ola Harald Alne
Inger Kathrine Sundve
Men dei "gamle" har ikkje heilt lagt frå seg speidaroppgåva, og er ennå med. Nå i gruppe- leiinga: Arne Tveit (gruppeleiar), Brit Nelly Tveit, Øyvind Valen og Else T. Valen. Ein gong speidar, alltid speidar, heiter det.  (Oversikt)

NUTAFANTANE 2013
Vinnar av nutastaven imponerte med 118 nuteringar

Øyvind Valen kunne presentere eit imponerande tal på personar som i 2013 hadde skreve seg inn i nutabøkene.  - 56 personar har vore på alle nutane dette året, 21 av desse for fyrste gong! kunne han fortelja. Alle fekk eit merke - som fortent!

Men den som var i ein særklasse var Mona Hetland Fostenes.  Gjennom sommaren har ho skreve seg inn i nutakassane heile 118 gonger.  - Eg gjekk ofte 3 nutar på same turen, men kjende det godt i leggene når hausten kom, sa ho.  Det må vel vera den sprekaste kvinne i Vikebygd. Ho hadde god margin ned til neste mann, Roald Årvik, med 44 nutar og Vegard Skartland med 39 nutar.  Vegard fekk med dette eit napp i staven for ungdom.

Men scenen fyltes også opp av ein stor flokk med turgåarar som hadde nytta seg av tilbodet i Vikefjella.

Mona Hetland Fostenes
Mona Hetland Fostenes
med nutastaven 2013

Nutafantane i Vikebygd, 2013
Scenen fyltes av folk i alle aldrar som hadde vore til fjells.  Mellom dei var også Kirsten Bjørnevik som kunne skilte med 13. året på alle nutane.  Kan nutaturar vera eit godt middel for ei god helse, så har mange ein god grunn til å nytta seg av tilbodet. Sesongen vart avslutta med Hardhausen, ein tur til alle toppane på same dagen.
 Snart er det tid for ny sesong med nuteringar.

Når Roald Årvik nå har sytt for å merka mange nye stiar så kan det bli spennande med turar og oppleva noko meir av den  vakre naturen i Vikebygd.

Men møter foreldre opp på speidarane sin årsfest, så må dei vera førebudde på å bli trekt med i det som skjer.  Det to vaksne som måtte opp på scenen gjekk inn for oppgåva med liv og lyst. Først for å dukke etter eit eple og deretter å finne godteri i ei skål med mjøl.

Mona og Stein Andor stilte opp med liv og lyst og vekte stor glede hos speidarar og familiemedlemmer.

Her kan du sjå liste over dei som har gått på alle nutane i same året gjennom tidene.
 


ÅRSFEST I
SPEIDAREN

Søndag 16. februar klokka 17:00 på Bygdahuset i Vikebygd.

Ta med deg foreldre, sysken, besteforeldre og bygdafolk!


 
PROGRAM:
Sketsjar og underhaldning
Ljosbilete frå speidaråret
Utdeling av nutastavar og -merke.
Andakt
Kafé med salg av pølser, brus og kaffimat
Loddsalg med enkel utlodding 

NUTAKASSANE:
Ny rekord - 56 personar har vore på alle nutane dette året, 21 av desse for fyrste gong! Alle skal få merket - som fortent!

Minner om at alle som har gått på nutane er velkomne på årsfesten til speidarane. Her vil merker og utmerkingar bli delt ut. 
Velkommen!
 

 

 
 
 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Vegard vidare i Norske Talenter
Vikebygd og Skjold eitt sokn?
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg