Godt Nytt År i Vikebygd

 

Uvêr i det nye året

Sida er sist endra 18. januar 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Uværshelg på Vestlandet
Stiv kuling tok med seg fleire tak i bygda

av Steinar Skartland 18.1.2014

Stormen som råka Vikebygd frå torsdag 16. januar held fram gjennom helga med vindstyrke på liten til stiv kuling.  Den auka på utover fredagen frå søraust og dei kraftige vindkasta tek med seg alt som er laust.  Men Stormen tok seg opp igjen fleire gonger til ut i første delen av februar.  Tørt vêr og vind gjorde at faren for brann i skog, lyng og gras var stor.  Brannsjefen i Vindafjord og Etne gjekk ut og innførte forbod mot bruk av open eld ute.  Mange stader i landet vart det store skogbrannar, særleg i Trøndelag.

Første helga i februar kom det litt nedbør slik at brannfaren avtok, men risikoen er stor så lenge det ikkje kjem ei god bløyte.  Vinden tørkar fort opp gras og lyng.


Stormen, som skal ha vore oppe i 30 meter pr sekund, tok delar av taket på reiskapshuset til Jens Morten Koltveit i Kvamme.   Han mista også fleire takstein på bustadhuset og måtte få fagfolk til å hjelpe med sikring og utbetring. 


Brakketak i vegkanten på Dommersnes

På vegen kunne ein brått treffa på greiner og anna som vart knekt av trea. Fleire tre måtte gi etter for stormen og rotvelta. 

På Dommersnes hamna heile den møna takkonstruksjonen på ein brakkerigg nede i veggrøfta.


Dommersnes
 


Deler av uthustak i Kvamme

I Kvamme reiv vinden laus takplater av stål på ein driftsbygning og kasta desse saman med treplankar frå taket, heilt over hovudvegen.

For dei som hadde tenkt seg nordover frå Stavanger over Mortavika-Arsvågen på fredag ettermiddag, vart turen lang.  Klokka 17 vart sambandet stengd då vinden frå aust var så kraftig at ferja ikkje kunne leggja til på Arsvågen.  Det vart her meldt om liten til full storm. Sambandet vart ikkje opna i løpet av kvelden og mange bilar valde å køyra Ryfylkevegen.

Underteikna saman med fleire andre fekk ei reis på inntil 7,5 time då ein også måtte innom Aksdal for å henta den parkerte bilen. Langs Ryfylkevegen, og særleg frå Sand og Ropeid fram til Vikedal var det kome ein del snø utan at vegen var brøyta.  Snøføyka over vegen gjorde at sikten var dårleg.

På Skartland kom ei stor ventilasjonskanal frå driftsbygning fykande fleire hundre meter.  Andre stader i bygda melde dei om rundballar som trilla avgarde med vinden.  Mange stader tok bosspanna ut og vart slengde rundt omkring.


Bosspann fekk  hard medfart


Fleire tre rotvelta



Gamle hustak får hard medfart

Straumbrot i Vikebygd
Nordabygda utan straum i mange timar

av Steinar Skartland 19.1.2014

Tidleg søndag morgon forsvann straumen i Vikebygd, kanskje så tidleg som klokka tre.  Delar av bygda fekk tilbake straumen etter kort tid, men i Nordabygda måtte ein venta til klokka 10:00 før det igjen var lys i lampane og bøndene kunne ta til med arbeidet i fjosane.

Den kraftige vinden held fram også søndag, men det er varsla at den skal løye noko frå natt til måndag. Sjå langtidsvarslet for veka her.

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg