Godt Nytt År i Vikebygd

 

Godt Nytt År 2014  -  Nyttårsfest i Ølen

Sida er sist endra 5. januar 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Ordførar inviterte til
NYTTÅRSFEST på
Ølen Kulturhus

søndag 5. januar kl. 15:00

av Steinar Skartland 5.1.2013

Totalt var det omlag 100 som møtte til denne første nyttårsfesten i Vindafjord, ein søndag ettermiddag.

Les ordførar Vierdal sin nyttårstale her.

På programmet stod:

- Ordføraren sin nyttårstale
- Utdeling prisar og kulturstipend
- Kulturelle innslag med kulturskulen
- Torbjørn Gunnarson Sandvik: Frå Bjoa til vårt første  
   Storting. Forteljing av bibliotekar Guri Ravatn.
- Kor'e Vindafjord.
- Pause med kaker og kaffi

Kulturskulen innleia festen.
først tre unge jenter som dansa, før
Vegard Skartland opptråtte med song og musikk.  Det vanka mange gode lovord frå dei som sat i salen for dette.  Han har både sunge seg til vinnar av "Stjernå" og opptrått på ei lang rekkje arrangement lokalt, til stor glede og gode omtalar.

Vegard Skartland

Ordføraren rosa Vikebygd Grendautval
I nyttårstalen trekte ordførar Ole Johan Vierdal fram både mykje av det som har skjedd i året som gjekk.  Særleg rosa han Vikebygd Grendeutval som han viste til som eit førebilde for korleis grendeutvala bør arbeida.  Gjennom sin innsats har de både fått i gong arbeid med fjerning av nabbane langs vegen, trafikksikring og positive tiltak i bygda. Han nemnde også opninga av utandørs trimpark på den gamle skuletomta.  

Nyttårstalen
Ordføraren tok også fram kvar bygd med det som har skjedd der gjennom året. Han var innom opning av næringshage, samferdsels-prosjekt som nå er i gong, namn på lokale vegar og regjeringsskiftet.  Den tragiske dødsulykka på slutten av året var og noko som har oppteke tankane hos mange. Så takka han det lokale næringslivet, alle dei frivillige som gjer stor innsats for levande bygder og kommunen sine tilsette.  -2014 blir eit jobbeår.  Mange store prosjekt skal jobbast med, men dei vert ikkje ferdige før seinare. 

Prisutdelingar
I tillegg til talar og musikk så vart det delt ut fleire prisar til folk frå Vindafjord.

Kari og Leiv Tindeland
Kari og Leiv Tindeland fekk kulturprisen 2013 for sitt store engasjement både i Bjoa og utover dette, med dugnad og leiaroppgåver innan idrett og med tiltak i bygda.  Leiv responderte på prisen med å stille opp saman med  Leif Rørtveit på trekkspel og Anne Lise Brekke Lien på sang og gitar.  Saman framførte dei fleire nummer til stor applaus.

Andre prisar:

Tora Hustveit, Imsland, fekk omsorgsprisen.

Knapphus Kjøkkensenter, ved Øyvind Nortveit og Kjetil Ohm fekk næringsprisen

Jarle Nordtveit Åsheim fekk kulturstipendet på 15.000 kroner for si satsing og resultat innan idrett.  Denne dagen kunne han ikkje koma då han deltok i skirenn på Austlandet så trenaren hans stilte opp og takka.

Drude Isene fekk Kjerringprisen
 


Tora Hustveit

Drude Isene driv Søre Skogen Gard i Skjold.  Her driv ho økologisk jordbruk og har eit tett samarbeid med Vindafjord kommune om "Inn på tunet".  Eit tiltak for vaksne som treng ekstra hjelp i livet.  Ho har også spesialisert seg på pilefletting.

Før nyttårsfesten hadde ho lese seg opp på dei mange begrep som ber namnet kjerring.  Alt frå skjellsord på kvinnfolk, via ei kone som har fått minst tre born, til ein krok å hengja kaffikjelen på.  Ho var stolt av å få denne tittelen sa ho og måtte også koste på seg ein spøk om at: - Bak ei stor kvinne står alltid ein liten mann (noko ho trekte rett etter at det var sagt).  (Tydinga av kjerring1, kjerring2)

Frå Napoleon til Bjoa-bonden som fekk gull-dåse av kongen
Guri Ravatn
Bibliotekar Guri L. Ravatn imponerte med å framføre heile historia frå Napoleons krigane, overføring av Noreg frå Danmark til Sverige, grunnlovsforsamlinga og det første stortinget då ho fortalde med utgangspunkt i Bjoabuen og bonden, Torbjørn Gunnarson Sandvik.  Han vart utvald til det første stortinget og i komiteen som skulle på audiens til den nyvalde kongen for Noreg og Sverige, Karl Johan.


Dette arrangementet markerte også at det var 200 år sidan grunnlova vart laga.  Kor'e Vindafjord

Arrangementet vart avslutta med fleire nummer med kommunen sitt eige kor: 
Kor'e Vindafjord.

 


(Arrangementet)

 

 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jul i Vikebygd 2013
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg