Vikebygd - klkk her for å gå til framsida

 

Litt som skjedde i Vikebygd i desember

Sida er sist endra 4.jan. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

12.995 besøk på Vikebygd.org i desember 2013
Gj.snitt 419 "visits" pr dag.

Totalt i heile året: 123.076 besøk og 3.347.356 treff på søk (Hits)

Romjulsidyll ved Vasslivatnet
av Steinar S 28.12.13

 

Flokken på 11 songsvaner beita i sivet sør i Vasslivatnet.  Langs stranda på austsida og mellom sivet opp mot Vasslia, fann dei livd frå vinden. Nok til å symja makeleg i lag langs landet, og til ein liten kos av og til.  Desse store fuglane som lever saman i sine parforhold livet til endes.  Mon tru om nokre av dei var ungdommen i neste generasjon, som dei gamle hadde med seg?


  Klikk kartet for å gå til digital utgåve
Vasslivatnet, som også vert kalla Skartlandsvatnet fordi det ligg mot Skartlandsgardane (Grensa mellom Skartlandsgardane og Veastad går midt på vatnet).

I sør går vatnet over i ei myr som strekkjer seg heilt forbi Vasshaugen og til Grunnhammar ved Veastad.

Les meir i temaet Miljølære, etter undersøkingar gjort av elevar ved Vik skule i 1990, 1992 og 1994.

Sjå detaljar i Fylkesmannen sitt digitale kartverk frå Vikebygd.
For å lesa namna på kartet i Større utgåve, klikk her

Eller les om bygdenamna her

 


I'm Dreaming of a White Christmas
av Steinar Skartland 26.12.2013

Slik lyder det i Irving Berlin sin song, mest kjend med Bing Crosby si røyst. 

Men slik vart det ikkje i Vikebygd i år.   Temperaturar mellom 5 og 10 plussgrader, regn og storm, det vart julevêret.  Skitur, akebrett og glitrande snø på bakkane i lyset frå stjernene, det får vi berre frå julekorta. Undrar meg mange gonger over dei som sukkar kvar gong dei ser litt kvitt på bakkane og ynskjer at det snart må forsvinne.  Alternative til kvite bakkar med barnelatter og blå himmel, det er vind, regn og sludd på våre kantar.  Sol og varme - det må vi til andre stader i verda for å finne. 

Dei sa i gamle dagar at dersom isen på Vasslivatnet kunne bera ein hest før jul, så vart det mildvêr etter nyttår. Så kan det vel vera von om flott vinterføre likevel då - når mildvêret alt har vore? 

White Christmas
Men tilbake Irving Berlin sin song.
"White Christmas" er ein song som mirar om jul i gamledagar.  I følgje Guinness Rekordbok vart den versjonen som Bing Crosby spela inn, den mestseljande singelen opp gjennom tidene med meir enn 50 millionar selde eksemplar på verdsbasis.  Legg vi i tillegg til dei versjonane som andre musikkarar har spela inn, kjem salet opp i over 100 millionar kopiar.

Du kan høyre songen her   
(Kjelde:  Wikipedia, the free encyclopedia)

 


Hus øydelagd av brann på Alna
Ein trist start på julefeiringa
av Steinar Skartland, 23.12.2013

Heldigvis kom ingen til skade i brannen som totalt øydela eit bustadhus på Alne tidleg på morgonen litle julaftan. Politiet registrerte brannmeldinga klokka 05:33.


Mannskap frå skadesikringsselskapet Coor Service Management AS held på med så sikra huset etter at politi og brannvesen har gjort seg ferdige.  Dei skal også stå for opprydding og registrering av alt som er skada.  Dag gir ei hjelpande hand oppe i stigen.

Bebuaren, som har soverommet sitt i sokkeletasjen i huset, vakna av lydar oppe i første etasje klokka halv seks.  Ho tok på seg morgonkåpa og gjekk opp trappa, men då ho opna døra til entreen vart ho møtt av ein vegg med røyk og kunne skimta flammar.  Ho stengde døra og kom seg ut gjennom utgangen i kjellaren.  Herfrå sprang ho over til nabohuset og vekte sonen som ringde til brannvesenet. Dei var på plass på under ein halv time.

Les meir her

Les også om brannen på Grannar.no    og i Haugesunds Avis 

 


Feil plassert spesialavfall
Bilbatteria ved bedehuset forsvann igjen
av Steinar Skartland, 22.12.2013, Oppdatert 25.12.13

Einkvan plasserte to utbrukte bil-/båtbatteri ved bedehuset sin søppeldunk.  Etter at dette vart kommentert på Vikebygd.org, vart batteria fjerna.  Det er flott. 

Blybatteri er definitivt spesialavfall som skal leverast inn til godkjent mottak.  Dette kan enten vera ved Toraneset eller til bensinstasjonar og andre som sel denne type batteri.   Normalt vil ikkje søppelbilen som hentar restavfall ta med seg slikt spesialavfall, og resultatet er at det er den som eig søppeldunken som vert sitjande med problemet.  Difor oppfordra vi dei som sette frå seg batteria til å henta dei igjen og levera dei inn dit dei skal. 

Blybatteri er Farlig avfall
Eks: Maling, lakk, lim, bilbatteri, sprayboksar, plantevernmidler, olje, bensin, tynnar, hobbykjemikaliar og elles alle produkt som er merka med faresymbol.  Isolerglasvindauge, asbesthaldig materiale og impregnert trevirke er også farleg avfall.
sorter.no står flg.: Blybatteri er mellom anna startbatteri som bil- og båtbatteri, og er farleg avfall. Batteriforhandlarar pliktar å ta i mot brukte miljøskadelege batteri gratis. Slike batteri kan og leverast på kommunale mottak for farleg avfall.

Last ned HIM sin sorteringsguide - om du er i tvil 

 


Folk i Vikebygd mista straumen fredag
Lynnedslag på Dommersnes
av Steinar Skartland, 21.12.2013

Fredag kveld slo lynet ned i ein straumstolpe på Dommersnes industriområde med eit kraftig smell, skriv Haugesunds Avis.  Stolpen som lynet trefte vart splintra. Det var framleis liv i linja og eit tre fungerte som provisorisk løysing som stolpe til kraftlaget fekk ordna dette.

Løysninga i treet fungerer til kraftlaget får ordna med en permanent stolpe over helgen.

Lynnedslaget førte også til at ein høgspentsikring rauk og nokre abonnentar var utan straum i ein halvtime.

Også på laurdagskvelden var det lyn og svært kraftig toreskrall i bygda omlag i sekstida.

 


Klikk her for å laste ned og lese bladet som pdf fil.Julenummeret av kyrkjebladet kom i postkassane, torsdag 12. desember.  Sjå det også på internett.
av Steinar Skartland 14.12.2013

Denne gongen har skuleborna teikna juleevangeliet. Av dei mange flotte teikningane har redaksjonen valt ut nokre av dei beste, som er presentert i bladet.  Det er mange tilbakemeldingar på at folk som er utflytta frå kommunen set pris på å kunna lesa også kyrkjebladet på internett.  Det fortel ikkje berre om det som skjer i kyrkja, men har med mykje frå bygdene i Vindafjord.

Du kan lesa kyrkjebladet ved å klikke her.

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Juletrefesten
Jul i Vikebygd
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Rogerr
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg