Vikebygd - klkk her for å gå til framsida

 

Musikalsk julegudsteneste i Vikebygd

Sida er sist endra 29. des. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Tradisjonell Juletrefest på bedehuset
av Steinar S 29.12.13

 
Søndag 29. desember samla fleire familiar seg på bedehuset til juletrefest.  35-40 vart dei i alt med store og små. Det var laurdags-klubben som stod for juletrefesten.

Tradisjonelle julesongar, andakt, mat, konkurransar og utlodding stod på programmet før alle samla seg om juletreet i to ringar.  Her song dei julesongar i lag.

Før i tiå
Før var det mange juletrefestar i bygda.  Gjerne både ein og to på kvart bedehus eller forsamlingslokale. På Årvik bedehus, Vik


Kjersti Bjerga las ei forteljing frå ei gammal bok om det som hendte då ein familie skulle henta seg juletre.

bedehus, Bygdahuset og den tidlegare skulen på Øvrebø.  Mange minnest ennå dei faste juletrefestane til Frelsesarmeen.  Desse måtte ha festen på bygdahuset for det var ikkje nok plass i bedehuset til alle som ville vera med. 

Hugsar også juletrefestar som ein hadde i kjellaren på skulen. "Tante Bekka" med søndagsskulen var sentral i denne.   Seinare bruka musikkorpset å stella i stand juletrefest.  Også dette med mykje folk på bygdahuset.     


Konkurransar og leik er også kjekke innslag på ein juletrefest.

Julatraskjeva, egg og sild
Til Årvik bedehus kom dei frå heile bygda.  Det var fullt i alle benkene og endå til i trappa opp til loftet sat folk. Då var nok ikkje dei talde med som var på kjøkkenet i kjellaren for å laga til maten. To bordsetjingar var ikkje uvanleg ved langborda i kjellaren på Årvik bedehus.  Skive med egg og sild var standard.  Vi gutane kunne eta mange av dei.  Men har var også anna pålegg og i tillegg "julatreskjeva" som vi kalla dei med rosiner og sukat inni.  Har visst eit finare namn nå.  Å gå på juletrefest var som eit stort familieselskap med folk i alle aldrar.  Men det var både juletrefest for familiar og eigne for vaksne. 5-6 juletrefestar kunne det vera i bygda, men me var ikkje på alle.

Eit ope familieselskap
Tidene har endra seg.  Det er ikkje så mange juletrefestar igjen og ikkje så fullt som det bruka vera. Men kjekt er det for dei som kjem.  Når dei gler seg så er det også kjekt å laga til juletrefesten.  Eit stort familieselskap, ope for alle.  Ennå vert tradisjonen halden oppe i bygdene rundt omkring.  Eg har mange gode minne der ifrå. 
 
 


Julefeiringa starta i kyrkja
Ei musikalsk oppleving i kyrkja
av Steinar Skartland, 24.12.2013

Å starta julefeiringa med gudsteneste i Vikebygd kyrkje er noko spesielt.  At benkene vart fylte av 285 festkledde menneske som såg ut til å kosa seg - det talar for seg sjølv.

Søstrene Marie og Astrid Mortveit i duett til musikk av Arne Tveit på piano
Marie og Astrid Mortveit i duett til musikk av Arne Tveit på piano.

Helge Veastad på gitar i samspel med orgelet er eit flott innslag i denne Gudstenesta. Søstrene Astrid og Marie Mortveit er to unge jenter som vi er heldige som får ha i Vikebygd. Mange meiner dei begge har røyster som kan gi dei ei karriere innan musikk om det er den vegen dei vil satse på.  Musikk av Arne Tveit på piano løftar dei endå høgare.  Kyrkjelyden sin applaus etter alle desse musikkarane viser at dei trefte rette strenger hos dei som valde å starta julefeiringa med ei musikalsk gudsteneste i Vikebygd kyrkje.

Vikebygd Skule- og Ungdomskorps, dirigert av Andreas Ulveraker
Så var det Vikebygd Skule- og Ungdomskorps som fekk sleppa til under den røynde musikaren og dirigenten, Andreas Ulveraker, si leiing. 

19 musikkarar, med eit vesentleg større spenn i alder enn namnet tilseier.  Dei varierer frå skuleborn til røynde foreldre der vi gong på gong blir overraska over kor godt dei handterer instrumenta i samspel slik eit korps skal gjera.  Toppen av kransekaka er når fem, svært unge, aspirantar stiller seg opp og får framføra "Bjelleklang" (Jingle Bells av James Lord Pierpont).  Dei har i grunnen halde på å lære seg blåseinstrumenta i mindre enn eit år.  Likevel var dei utruleg flinke til unge musikarar å vera.  Applausen både til korpset og til aspirantane synte at dette likte folket å høyra.  Denne opplevinga fekk nok også fram tårene i augnekroken på mange, både stolte foreldre, besteforeldre og andre i kyrkja. 

Så fekk også kyrkjelyden vera med å syngja, både til orgelet og til samspel mellom orgel og korps, fleire kjende julesongar:  Å, kom nå med lovsang; Eg er så glad kvar jolekveld, for då vart Jesus fødd; Ei krubbe var vogga som venta han her; Stille natt, heilage natt; og til slutt ståande på: Deilig er jorden, prektig er Guds himmel. Over 200 røyster som syng med glede til tonane frå orgel og korps.  For underteikna som har vakse opp med talemålet frå vestlandske foreldre, var det ekstra flott at dei fleste songane også var på vårt eige talemål.  Det kling flott i salmesongen.Jon Ådnøy 

Juleevangeliet høyrer med denne kvelden.  Det fekk sokneprest Jon Ådnøy fortelja om. Dei kjende orda frå Lukas evangelium i Bibelen, om Maria og Josef som fekk eit lite barn å ta seg av i ein stall. Gjetarane på marka, som i følgje Jon hadde gjort ei ROS analyse på kva som kunne gå gale om løvene kom.  Dei fekk høyra engelen helsa dei med: Ver ikkje redde.  Og dei fekk sjå det vesle barnet i krybba.  Før soknepresten heldt talen sin oppfordra han alle til å ta dei som stod nærast i handa og ynskja God Jul.  Det slo an og julehelsingane lydde i heile kyrkja.

På veg ut og heim til julemiddag fekk dei 258 som hadde vore saman i kyrkja gi ei gåve til hjelp med landsbybygging i Bara-provinsen på Madagaskar.  Over 7000 kroner vart lagde i offerposane ved utgangsdøra.

 


 
Konfirmantar og speidarar deltok

Lysmesse i kyrkja 15. desember
av Steinar Skartland 15.12.2013

Speidarane med levande lys i gudstenesta
Det er ein stor flokk speidarar i Vikebygd.  Når alle har eit lite lys så blir det også litt lyst inne i kyrkja. 

Det var mørkt i kyrkja.  Klokkene ringde inn og opningsordet vart lese.  På altaret vart det tent ljos av konfirmantane og nokre speidarar vart sende ut gjennom midtgongen med levande ljos som var tende.  Så kom dei inn i to lange rekkjer.  Alle speidarane i Vikebygd.  Kvar med sitt levande ljos.  Kyrkja var halvfull.  I bakre halvdel var benkene nesten fulle, men fremre halvdel var det tomt.  Koret (trappene framfor altarringen) vart derimot fulle av speidarar med sine levande ljos.  Saman med kyrkjelyden song dei om ljoset:  La oss vandre i lyset liksom, vandre i Guds lys.  .. La oss tilgi kvarandre liksom Han har tilgitt oss.

Også presten, Jon Ådnøy, snakka om lyset.  Han fortalde om molbuane som såg lyset frå månen spegla seg i vatnet.  Dei ville berga lyset av månen.  Men det gjekk ikkje.  Heller ikkje då dei ville bera lyset inn i huset som var så mørkt fordi det ikkje hadde vindauge. Presten minte oss om at dei kunne jo ha tent et lys inne i huset, slik som dei lysa speidarane bar.  Då ville det blitt lys inne.  Vi kan få tenna lys for andre.  Vera der for dei.

Også konfirmantane fekk vera med og tenna lys mellom kvar av bønene som skulle lesast. 

 

 

Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Juletrefesten
Jul i Vikebygd
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Rogerr
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg