Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Jubilanten Per Dommersnes 9.12.2013

Sida er sist endra 9. des. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
 
Per Dommersnes feira 85 år
Musikkorpset gledde ein overraska jubilant

av Steinar Skartland 9.12.13

Korpset spelar for Per

Han Per inviterte til ope hus på Dommarsnes. Smilande tok han i mot den eine etter den andre som kom på døra.  Dei første kom i tolv tida, og så skiftast dei på utover dagen og kvelden.  Smørbrød hadde han bestilt og kake på bordet. Men det han ikkje visste var at Skule- og ungdomskorpset i bygda hadde planlagt å æra han med musikk.

Då klokka nærma seg halv åtte var det nokre gjester som bemerka at dei hadde sett så mange bilar som stansa opp nede ved vegen.  Per måtte bort i glaset og sjå ut.  Forundra vart han då han såg mange lys på veg oppover mot huset. -Dei går visst i fakkeltog! utbraut han.  -Kan det vera speidarane? 

Ein rørt jubilant
Då ein overraska og tydeleg rørt Per kom ut på trappa saman med fleire gjester og familiemedlemmer, fekk dei sjå sjølve musikkorpset oppstilt.  Dei spela fleire songar for han medan fyrverkeri vart sendt opp.  Først som ein liten start-salutt før musikken frå hornmusikken fekk fylla tunet.  Så vart også heile batteriet av fyrverkeri som Per sjølv hadde kjøpt inn for snart eit år sidan, fyrt av.  Applaus og endå meir musikk følgde etter.
 

Oppe på trappa stod jubilanten rørt og glad og tok i mot både klemmar, musikk og gratulasjonar.  Smilande som alltid inviterte han alle som ville til å koma inn.  Korpset måtte nok vidare for å øva på julesongar, men stova vart fylt av slekt og vener som ville sjå innom. 

I Stova var juletreet pynta.  Per viste stolt fram både flott tre og den fine pynten.  Då eg ville fotografera han ved juletreet så ropa han på to jenter som var på familiebesøk hos jubilanten.  - Dei må vera med på bildet, smilte han.

Med bil og motorsykkel
På bordet inne i stova låg eit stort bilde som Nils Halvorsen hadde teke med seg. 

 Per Dommarsnes på hans 85. fødselsdag.
Det synte Per i yngre dagar med sin nye VW 1300 bil. Ja, han har hatt fleire bilar

Per Dommarsnes saman med Kristi og Gina.
Per er syskenbarn til bestemora.  Nå fekk dei
vera med og feira Per sin store dag.

og også ein 125 kubbikkar motorsykkel, kunne han fortelja.  -Me fekk lokka Per til å ta oss med på turar i bilen hans, fortel Halvorsen.

Vikebu og telemontør
Per vart fødd på Dommersnes i Vikebygd for 85 år sidan.  Mora døydde i barsel og faren sat att med ein nyfødd son og dei fire systrene hans. Faren jobba i Televerket og måtte reisa på arbeid så faren sine søstrer tok seg av borna i vekene.
 
 

Då Per var 17 år, i 1946, fekk faren ordna arbeid for han i Televerket.  Der var han til han vart pensjonist.  Han har nok ikkje høgde-skrekk, telemontøren som var van med stolpesko og høge stolpar.  Og då han slutta fekk han medalje og diplom med takk for lang teneste. På veggen heng også innrama diplom frå LO, der han hadde sitt medlemsskap i eit langt yrkesliv.

Så var tida til å takka for seg hos jubilanten.  Nye gjester kom stadig og mange i bygda ville innom for å helsa på Per og gratulere han med dagen. 

 


 
Velstelte hagar i Vikebygd
Førsteinntrykket - når ein kjem til Vikebygd
Steinar S. 15. juni 2013

Førsteinntrykket er viktigast, høyrer ein ofte. Det første ein møter når vegfarande kjem til sentrum av Vikebygd, er haus og gardar på Dommersnes. Ein legg lett merke til ein stor hage med velstelt plen, fleire Rododendronar som blømer i juni.  Og ser ein nærare etter så er her også fleire skulpturar av dyr som passar hagen.


Velstelt hage ved inngangen til Vikebygd.

Her ligg hagen og huset til Per Dommersnes.  Sjølv om han er i sitt 85. år så har han både interesse og helse til å jobbe med hagen.  Ein stor plen som tek si tid å få klypt.  Han likar å gå bak grasklypparen og held seg i form med hagearbeidet.

Per Dommersnes
Per er oftast eit stort smil og spreier glede til folk i alle aldrar.  Her er han ved ein av dei store rododendronar som veks i hagen hans. Store og fargerike med ulike kulørar på blomane. Rosa, lilla, kvite står dei og lyser i hagen til Per.

- Eg har fleire batterier med rakettar klar, fortel Per.  Han førebur 85-års dagen som han skal feire i desember. Då skal det smelle skikkeleg. Bak seg har Per ei lang yrkeskarriere i Televerket. 

- Eg tok til i Televerket i 1946. Så arbeidde eg der til eg vart pensjonist, ler han og viser fram medalje og diplom med takk for lang teneste.  På veggen heng også innramma diplom frå LO, der han hadde sitt medlemsskap i eit langt yrkesliv.  Han har ikkje høgdeskrekk, telemontøren som var van med stolpesko og høge stolpar.  På veggen heng mange bilete av Per frå arbeid i Televerket, men også av mange familiemedlemmer som han set stor pris på. På mange av bilete er også Per med, som oftast med eit stort og varmt smil.

Inn for landing - klikk for stort bilete

Nede ved vegen er ei einsleg humle i aktivitet. Bier og humlar likar seg nå når dei kan samla nektar frå plantene, men dei er få i år etter ein hard vinter.  Ho får det travelt med alle dei blømande Rododendronane hos Per. 

Rundt omkring i hagen finn eg fleire dyrefigurar. Dei pyntar opp.

 


Huset til Per er fint og velstelt.  Varmepumpe syter for å halda god og stabil varme i dette huset som truleg er frå før 1900.  Per overtok huset i vaksen alder og syner biletet av eit hus som tidlegare låg litt ovanfor dette huset.  Der er han fødd.  Men det var vanskeleg for faren å kunna skaffa inntekt til å fø heile familien, så Per vaks opp hjå ein familie på Koløyholmen på Fitjar.  Slik var det nok for mange i dei tronge åra før krigen, med krise i verdsøkonomien.

Per viser fram den store CD samlinga si.  Musikk er hans store interesse og noko han ofte lyttar til.  I det siste har nok helsa blitt dårlegare.  Før sykla han mykje når han skulle nokon stad, eller på butikken.  Etter å ha fått tre anfall og falle av sykkelen, har han måtta slutta med det. Når det skjedde fekk han god hjelp av andre i bygda.  - Rolf på butikken måtte hjelpa han ein gong, nemner han og er takknemleg for hjelpa. 

Men Per er ikkje rådlaus.  Han viser stolt fram brosjyre og bilete av den nye sykkelen han har tinga frå ei bedrift lenger nord på Vestlandet.  Den har to hjul bak og eitt framme.  Skulle noko skje når han syklar vil han ikkje kvelva med den.  Slik skal han nok koma seg til butikken også i  framtida.  Kjekt med ein tur innom drøsestova der.

 

 
 
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygdd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Rogerr
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg