Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Jul i Vikebygd

Sida er sist endra 8. des. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Juletrefesten
Ei musikalsk julefeiring
I'm dreaming
Frå advent til jul
Svaner og romjulsidyll
Snø og vinterglede
Desember med uvêr
Julemesse og korpsmusikk
Korpset opna "julegata"
Jubilanten
 
Tradisjonell Juletrefest på bedehuset
av Steinar S 29.12.13

 
Søndag 29. desember samla fleire familiar seg på bedehuset til juletrefest.  35-40 vart dei i alt med store og små. Det var laurdags-klubben som stod for juletrefesten.

Tradisjonelle julesongar, andakt, mat, konkurransar og utlodding stod på programmet før alle samla seg om juletreet i to ringar.  Her song dei julesongar i lag.

Før i tiå
Før var det mange juletrefestar i bygda.  Gjerne både ein og to på kvart bedehus eller forsamlingslokale. På Årvik bedehus, Vik


Kjersti Bjerga las ei forteljing frå ei gammal bok om det som hendte då ein familie skulle henta seg juletre.

bedehus, Bygdahuset og den tidlegare skulen på Øvrebø.  Mange minnest ennå dei faste juletrefestane til Frelsesarmeen.  Desse måtte ha festen på bygdahuset for det var ikkje nok plass i bedehuset til alle som ville vera med. 

Hugsar også juletrefestar som ein hadde i kjellaren på skulen. "Tante Bekka" med søndagsskulen var sentral i denne.   Seinare bruka musikkorpset å stella i stand juletrefest.  Også dette med mykje folk på bygdahuset.     


Konkurransar og leik er også kjekke innslag på ein juletrefest.

Julatraskjeva, egg og sild
Til Årvik bedehus kom dei frå heile bygda.  Det var fullt i alle benkene og endå til i trappa opp til loftet sat folk. Då var nok ikkje dei talde med som var på kjøkkenet i kjellaren for å laga til maten. To bordsetjingar var ikkje uvanleg ved langborda i kjellaren på Årvik bedehus.  Skive med egg og sild var standard.  Vi gutane kunne eta mange av dei.  Men har var også anna pålegg og i tillegg "julatreskjeva" som vi kalla dei med rosiner og sukat inni.  Har visst eit finare namn nå.  Å gå på juletrefest var som eit stort familieselskap med folk i alle aldrar.  Men det var både juletrefest for familiar og eigne for vaksne. 5-6 juletrefestar kunne det vera i bygda, men me var ikkje på alle.

Eit ope familieselskap
Tidene har endra seg.  Det er ikkje så mange juletrefestar igjen og ikkje så fullt som det bruka vera. Men kjekt er det for dei som kjem.  Når dei gler seg så er det også kjekt å laga til juletrefesten.  Eit stort familieselskap, ope for alle.  Ennå vert tradisjonen halden oppe i bygdene rundt omkring.  Eg har mange gode minne der ifrå. 

Til toppen


Julefeiringa starta i kyrkja
Ei musikalsk oppleving i kyrkja
av Steinar Skartland, 24.12.2013

Å starta julefeiringa med gudsteneste i Vikebygd kyrkje er noko spesielt.  At benkene vart fylte av 285 festkledde menneske som såg ut til å kosa seg - det talar for seg sjølv.

Søstrene Marie og Astrid Mortveit i duett til musikk av Arne Tveit på piano
Marie og Astrid Mortveit i duett til musikk av Arne Tveit på piano.

Helge Veastad på gitar i samspel med orgelet er eit flott innslag i denne Gudstenesta. Søstrene Astrid og Marie Mortveit er to unge jenter som vi er heldige som får ha i Vikebygd. Mange meiner dei begge har røyster som kan gi dei ei karriere innan musikk om det er den vegen dei vil satse på.  Musikk av Arne Tveit på piano løftar dei endå høgare.  Kyrkjelyden sin applaus etter alle desse musikkarane viser at dei trefte rette strenger hos dei som valde å starta julefeiringa med ei musikalsk gudsteneste i Vikebygd kyrkje.

Vikebygd Skule- og Ungdomskorps, dirigert av Andreas Ulveraker
Så var det Vikebygd Skule- og Ungdomskorps som fekk sleppa til under den røynde musikaren og dirigenten, Andreas Ulveraker, si leiing. 

19 musikkarar, med eit vesentleg større spenn i alder enn namnet tilseier.  Dei varierer frå skuleborn til røynde foreldre der vi gong på gong blir overraska over kor godt dei handterer instrumenta i samspel slik eit korps skal gjera.  Toppen av kransekaka er når fem, svært unge, aspirantar stiller seg opp og får framføra "Bjelleklang" (Jingle Bells av James Lord Pierpont).  Dei har i grunnen halde på å lære seg blåseinstrumenta i mindre enn eit år.  Likevel var dei utruleg flinke til unge musikarar å vera.  Applausen både til korpset og til aspirantane synte at dette likte folket å høyra.  Denne opplevinga fekk nok også fram tårene i augnekroken på mange, både stolte foreldre, besteforeldre og andre i kyrkja. 

Så fekk også kyrkjelyden vera med å syngja, både til orgelet og til samspel mellom orgel og korps, fleire kjende julesongar:  Å, kom nå med lovsang; Eg er så glad kvar jolekveld, for då vart Jesus fødd; Ei krubbe var vogga som venta han her; Stille natt, heilage natt; og til slutt ståande på: Deilig er jorden, prektig er Guds himmel. Over 200 røyster som syng med glede til tonane frå orgel og korps.  For underteikna som har vakse opp med talemålet frå vestlandske foreldre, var det ekstra flott at dei fleste songane også var på vårt eige talemål.  Det kling flott i salmesongen.Jon Ådnøy 

Juleevangeliet høyrer med denne kvelden.  Det fekk sokneprest Jon Ådnøy fortelja om. Dei kjende orda frå Lukas evangelium i Bibelen, om Maria og Josef som fekk eit lite barn å ta seg av i ein stall. Gjetarane på marka, som i følgje Jon hadde gjort ei ROS analyse på kva som kunne gå gale om løvene kom.  Dei fekk høyra engelen helsa dei med: Ver ikkje redde.  Og dei fekk sjå det vesle barnet i krybba.  Før soknepresten heldt talen sin oppfordra han alle til å ta dei som stod nærast i handa og ynskja God Jul.  Det slo an og julehelsingane lydde i heile kyrkja.

På veg ut og heim til julemiddag fekk dei 258 som hadde vore saman i kyrkja gi ei gåve til hjelp med landsbybygging i Bara-provinsen på Madagaskar.  Over 7000 kroner vart lagde i offerposane ved utgangsdøra.

Til toppen


I'm Dreaming of a White Christmas
av Steinar Skartland 26.12.2013

Slik lyder det i Irving Berlin sin song, mest kjend med Bing Crosby si røyst. 

Men slik vart det ikkje i Vikebygd i år.   Temperaturar mellom 5 og 10 plussgrader, regn og storm, det vart julevêret.  Skitur, akebrett og glitrande snø på bakkane i lyset frå stjernene, det får vi berre frå julekorta. Undrar meg mange gonger over dei som sukkar kvar gong dei ser litt kvitt på bakkane og ynskjer at det snart må forsvinne.  Alternative til kvite bakkar med barnelatter og blå himmel, det er vind, regn og sludd på våre kantar.  Sol og varme - det må vi til andre stader i verda for å finne. 

Dei sa i gamle dagar at dersom isen på Vasslivatnet kunne bera ein hest før jul, så vart det mildvêr etter nyttår. Så kan det vel vera von om flott vinterføre likevel då - når mildvêret alt har vore? 

White Christmas
Men tilbake Irving Berlin sin song.
"White Christmas" er ein song som mirar om jul i gamledagar.  I følgje Guinness Rekordbok vart den versjonen som Bing Crosby spela inn, den mestseljande singelen opp gjennom tidene med meir enn 50 millionar selde eksemplar på verdsbasis.  Legg vi i tillegg til dei versjonane som andre musikkarar har spela inn, kjem salet opp i over 100 millionar kopiar.

Du kan høyre songen her   
(Kjelde:  Wikipedia, the free encyclopedia)

Til toppen


Advent gjekk over til julefeiring

Det fjerde lyset brenn.  Eitt etter eitt vert dei mindre og mindre og sloknar til slutt i staken.

Minner oss om at det nærmar seg tida for å feire Jesu fødsel.  Feiringa tek til med gudsteneste i Vikebygd kyrkje den 24. desember klokka 16:00.  Velkommen skal du vera.  Det er plass til deg og.

Lys i huset

 


Romjulsidyll ved Vasslivatnet
av Steinar S 28.12.13

 

Flokken på 11 songsvaner beita i sivet sør i Vasslivatnet.  Langs stranda på austsida og mellom sivet opp mot Vasslia, fann dei livd frå vinden. Nok til å symja makeleg i lag langs landet, og til ein liten kos av og til.  Desse store fuglane som lever saman i sine parforhold livet til endes.  Mon tru om nokre av dei var ungdommen i neste generasjon, som dei gamle hadde med seg?


  Klikk kartet for å gå til digital utgåve
Vasslivatnet, som også vert kalla Skartlandsvatnet fordi det ligg mot Skartlandsgardane (Grensa mellom Skartlandsgardane og Veastad går midt på vatnet).

I sør går vatnet over i ei myr som strekkjer seg heilt forbi Vasshaugen og til Grunnhammar ved Veastad.

Les meir i temaet Miljølære, etter undersøkingar gjort av elevar ved Vik skule i 1990, 1992 og 1994.

Sjå detaljar i Fylkesmannen sitt digitale kartverk frå Vikebygd.
Større utgåve

Eller les om namn på bygda her


  Flokk på 11 songsvaner
Til toppen

Kortvarig vinterglede
Blå himmel, sol og kulde laurdag - mildvêr søndag

av Steinar Skartland 7.12.13

7 kuldegrader over Vikevik og båthamna
Ein rundtur i bygda midt på laurdagen viste varierande temperaturar.  Medan dei fleste hadde 6-7 kuldegrader, seig termometeret til 11-12 grader i Kvamme.  På bakkane var det omlag 25 cm med laus nysnø, men og ein del fenner etter vinden som var.  Men laurdag var det stille vêr.  Ein og annan hadde funne fram ski eller akebrett og kosa seg med vinteren.
Blå himmel og sol, med gradestokk på - 6 grader

Men vêrmeldinga lovar oss ikkje at dette flotte vintervêret skal vara.  Alt søndag kjem mildvêret med opp i 6 varmegrader og regn.
Til toppen


Vestlandsvêret
Så kom snøen og vinteren
av Steinar Skartland 6.12.2013

Første veka i desember kom stormen.  Hagl følgde etterpå utover torsdagen.  Fredagen vakna vi opp til rein og kvit snø.  25 cm på flatmark. Søndag steig temperaturen til fleire plussgrader og regnet kom tilbake.  Det når snøen får lagd seg og borna kan gle seg med akebrett og ski.  Sikkert er det at det då dukkar opp ein og annan snømann også.


Mange vart vêrfaste då fly, ferjer, bruer og fjellovergangar måtte stengja.  Men så langt er det ikkje meldt om særlege skader lokalt.  Eit og anna tre har nok  lagt seg flate.  Vonar at ingen har fått skader på hus og heim. 
Til toppen


Fylkesmannen si beredskapsavdeling åtvarar
Avlyste ekstremvêret - varslar høg flo
av Steinar Skartland 5.12.2013

Fylkesmannen i Rogaland si beredskapsavdeling sende først ut varsel om ekstremvêr torsdag, men nedgraderte dette torsdag morgon til nordvestleg full storm på Rogalandskysten med vindkast på 35 m/sek. over land.  Utover dagen torsdag kom kraftige byer med hagl som gjorde vegane kvite og glatte.

Torsdag åtvara vêrvarslinga for Vestlandet om høg vasstand fredag 6.12. Vinden frå nord vil mange stader merkast godt gjennom natta og utover fredag  Met.no
 


Den indre sjømannsmisjon
ELIESER 6
Kjem til Haraldseidvågen

Ope skip med møter:
Onsdag 4. og torsdag 5. desember
klokka 19:00 kvar kveld.

Tale og song ved Georg Kallevåg
Mannskapet deltek
Bevertning og utlodding.        
Les om skipet her

 


Bygdefest, musikk og underhaldning, salsboder, kafé og prisen: 'Årets Vikebu'
Arrangert av laget: Vikebuen.
av Steinar Skartland 30.11.2013


Les meir om julemessa her

Til toppen


Per Dommersnes feira 85 år
Musikkorpset gledde ein overraska jubilant

av Steinar Skartland 9.12.13

Korpset spelar for Per

Han Per inviterte til ope hus på Dommersnes. Smilande tok han i mot den eine etter den andre som kom på døra. Stor var overraskinga då også Vikebygd Skule- og Ungdomskorps dukka opp.    Les meir om dette her.

Til toppen

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Juletrefesten
Jul i Vikebygd
Lysmessa 15.12.13
Jubilanten Per Dommersnes
Vinter i Vikebygd
Julemessa 2013
Årets Vikebu kåra
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergingsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommersnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org