Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

November i Vikebygd

Sida er sist endra 1. des. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Dyreliv i Vikebygd
Svanene er på plass igjen
av Steinar Skartland 24.11.2013


Gjennom mange år har ein flokk svaner vore faste vintergjester i Vikebygd.  Dei kjem sørover når kulden nærmar seg og dreg nordover att når våren kjem.  Nå kan vi igjen observera dei i Vasslivatnet, Lisstjørn og Bruarvatnet, der dei skifter på å ha tilhaldstaden sin.  Men flokken som på det meste vart tald til over 60 svaner har dei siste åra vore redusert til nokre få par.  Årsaka er uviss, svanene er eit flott innslag i bygda så vi vonar Sangsvaner i Vikebygd i 2006. Nå er dei tilbake igjen.dei ikkje vert skremde bort herfrå.  Saman med dei var også ein stor, grå fugl, truleg ein hegre. 
Les om observasjonane i 2010, 2006

Songsvanene er den største ande-fuglen og kan vega opp til 15 kg. Dei lever saman i monogane parforhold som varer i mange år, gjerne livet ut. Om sommaren hekkar dei i Troms, Finnmark, heilt oppe ved Barentshavet og på Island. Så kjem dei attende til fast stad om vinteren. Songsvanene er kjenneteikna av sitt karalteristiske gule nebb.  Biletet til høgre er arkivbilete frå 2006, mens biletet over er teke søndag 24.11.2013.  Dessverre er kvaliteten litt dårleg her, teken med mobilkamera.

 


Speidarane arrangerte
Fullt hus på Global Kafé 13. november

av Arne Tveit 13.11.2013

Det var fullt hus på bedehuset onsdag kveld, då speidarane inviterte til Globalkafe. Praten gjekk godt og salet var godt. (Foto: Arne Tveit)

Som seg hør og bør var det óg litt typisk speidarprogram med andakt, sketsjar og konkurransar.

Småspeidarane gjekk og rundt i bygda på ettermiddagen med bøsser og samla inn pengar. Til saman på innsamling og kafésalg kom det inn kr. 11.700,- som går uavkorta til KFUK sitt arbeid blant jenter i Bangladesh.

Takk til alle som gav, og til alle som var innom og handla.  Arne.

Les meir her 


Våt haust og helg i Vikebygd
av Steinar Skartland 9.11.2013


Bakkafossen går skumkvit laurdag etter ei regntung veke med kraftige byer som av og til gjekk over i hagl.  Søndag er det meldt nordavind, kjølig og solskin.  Nyt turvêret.
Måndag snur vinden på sør igjen og vi kan vente frisk bris og regnbyer utover veka.
 

 


Vikebygd motorbåtforeining: 
 
Yngve Kolltveit (arkivbilde 2013)Utviklar eiga webside
www.vikebygd-motorbaatforening.no

9.11.13 SS

Yngve Kolltveit, som i motorbåtforeininga har tittelen: Dugnadsansvarleg, fortel at han nå  har teke til med å laga eiga web-side for motorbåtforeningen.  Det er eit spennande prosjekt som også vil vera med å løfta opp gode aktivitetar i bygda. 

Her skal det vera mulig å finna informasjon om foreininga og mellom anna priser, kontaktinformasjon og vedtekter

Ein av utfordringane med ei web-side er få folk til å finna vegen innom rett adresse.  Derfor vil det bli lagt link til den sida her frå vikebygd.org.  Det gjer eg svært gjerne også for andre lokale nettstadar for lag og foreiningar.  Så ta kontakt.
 

 


Utruleg positiv respons på websida
Over 300 ser innom vikebygd.org - kvar dag!

av Steinar S 9.11.2013

I Vikebygd er det omlag 560 fastbuande.  Kor mange det er som kjem i tillegg i helgane på hytter, feriebustader og besøk, det veit vi ikkje heilt talet på, men dei utgjer etter kvart ei stor gruppe. Når så statistikken for unike besøk ("visits") på websida: vikebygd.org syner eit gjennomsnitt på 366 (september) og 348 (oktober), ja då syner det at dei fleste hus med pc i Vikebygd er innom websida.  Til nå i år har det vore 102.722 besøk på nettstaden.

2,8 millionar treff til nå i år,
over 1/2 million i september.

Ser vi på kor mange "hits" det er per månad (dvs kor mange som søker på internett og får opp vikebygd.org på treff-lista), så var det heile 500.464 i september og 333.528 i oktober.  Dette utgjer 8994 kvar dag!  Over ein halv million treff på ein månad var eit interessant tal å oppleva i september.  Det er det største snitt-talet på treff pr dag som denne nettstaden har hatt frå oppstarten i 2006. 

I heile 2012 var treff-talet: 2.528.792.  Det talet vart passert alt eit par veker ut i oktober i år, og syner i skrivande stund ein sum tett på 2,8 millionar treff til nå i 2013.  Gjennomsnittleg besøk (visits) er til nå i år 330 pr dag.  Det største besøkstalet var i mars 2013 med 426 pr dag (i  snitt).

Statistikk utført av One.com
Målingane vert utført av den danske leverandøren av web hotell-tenester:  One.com, der fleire lokale websider har avtale.  Underteikna er veldig nøgd med oppfølginga derifrå. 

Frå One.com siterer eg:
One.com har i løpet av årene oppnådd stor anerkjennelse fra webhosting-bransjens mest grundige og krevende tester. Framtredende eksperter i bransjen har blant annet uttalt:
(Editor’s Choice - PC Magazine Nederland & Belgia - juli-august 2009)

"I denne testen kom One.com best ut, ikke bare fordi du får et stort webhotell , men også fordi alt er ubegrenset (trafikk, mail-kontoer) og prisen kan ikke slås" "Spesielt den perfekte uptime på 99,99 % i løpet av 979 dager er verdt å nevne."

Enkelt og rimeleg å leige serverplass
Ynskjer du sjølv å leige plass på web-hotell (serverplass til å lagre data, webside eller fotoalbum), så klikk her: http://one.me/noazemab

Finansiering av vikebygd.org
Nettstaden vikebygd.org er dreven av rein idealisme, utan reklameinntekter eller noko offentleg stønad.  Ynskje er å få ta fram litt av alt det positive som skjer i bygda.  For her er verkeleg mange fine menneske som bidrar og skaper liv, fellesskap og glede. Litt kostnadar er det, men mest i form av tidsbruk. Andre utgifter går av web-redaktøren si eiga lomme.  Det er vanskeleg å nå over alt som skjer i bygda, men då er det veldig flott at mange i bygda sender inn stoff, bilete og kunngjeringar om det som skal skje. Det er flott og viktig, så fortsett med det.

 


 

Laurdagsklubben inviterer til familiemøte på bedehuset søndag 1. desember klokka 15:30..

Alle som har lyst kan bli med.

(PS.  Ikkje laurdagsklubb på laurdag. 
Då går vi på julemessa på Bygdahuset)

 

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Julemessa 2013
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg