Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Vikevegen

Sida er sist endra 22. okt. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Grendautvalet jublar
Arbeidet med utbetring av Vikevegen er i gang

av Steinar Skartland 22.10.2013

Arbeidet med nabbane er starta ved BuholmenGrendautvalet i Vikebygd sette fokus på dei farefulle områda på fylkesveg 734 frå Vikebygd til Skjold.  Etter fleire møter med politisk leiing i kommunen og synfaring saman med Statens Vegvesen, så er utbetringsarbeidet kome i gang.

- Dette er ein merkedag !! jublar Frantz Lea, nestleiar i Grendautvalet og skriv i ein epost: 
- Vikebygd Grendautvalg jublar på vegne av bygdafolket, vegvesenet er i gang med fjerning av nabbane !!!
  


Arbeidet har starta med ein nabbe ved Buholmen og held fram rundt Skjeljavik-svingen.
- Så skal du se på det at de allerede utborte steinane som er klar til sprenging ved Dommarsnes, forsvinne også, seier Frantz.

Det har i tillegg vore fagpersonell frå Vegves-enet som har sett på brua ved Vossasvingane. Grendautvalet peikar på den òg både skal og må det det gjerast noko med.  Dei arbeider aktivt med at Fv. 734 blir oppgradert vidare for å gjera vegen meir trafikksikker.

Fylkesveg 734 er nok vesentleg meir trafikkert enn folk andre stader er klar over.  Dette gjeld særleg tungtransport der fleire bedrifter i Vikebygd dagleg transporterer tømmer, plast og knuste stein og sandmassar.

3000 vogntog og 60.000 tonn i året
Dei viktigaste transportørane kan vise til følgjande tal for transport siste året:

Ståle Jordal i SJ-Pokk & Grus EP
Produserer 15 - 20.000 tonn grus og pukk som vert transportert.
I tillegg mottek han 400 tonn myse og 300 tonn kraftfôr til svineproduksjon på Skartland. Her er også uttransport av slakt og livdyr.  Det meste går Fv.734 til Skjold.

Gangstø Transport AS
Dette firmaet køyrer årleg 2880 vogntog på Vikevegen Fv 734 mellom Skjold og Dommersnes.  Totalt utgjer dette 30.500 tonn.  det meste er tømmer, men også store mengder plastråstoff som skal til andre fabrikkar, brukte dekk og rundballar.

- Gjennomsnittet hadde vore høgare om ikkje kaien hadde vore stengt på Dommersnes i 8-9 månader dei siste tre åra, skriv Kjell Gangstø i brev til Grendautvalet.  For tida jobbar han med ein plastkontrakt med Slovenia og ein med Frankrike.  Dette vil auka tonnasjen med opp i mot 3000 tonn pr. år, eller ein auke på totalt 300 vogntog i året.  Gangstø peikar også på det faktum at flesteparten av alle vogntog som kjem inn på fylkesvegen også køyrer ut same veg igjen.

Utover dette kjem mjølketankbilar, kraftfôrtransport og dyretransport til og frå alle dei andre bøndene i bygda.  Her er også vare- og godstransport til fleire mindre firma i Vikebygd og Bjoa, betongbilar til byggjeprosjekt osb.  Totalmengda gjennom eit år er formidabel i forhold til standard på denne fylkesvegen, og då har vi ikkje teke med alle dei privatbilar som ferdast her gjennom veka.  Både med bygdefolk frå Vikebygd og Bjoa, men også ferjetrafikk frå Kvinnherad og ei mengd med hyttefolk gjennom helgene.  Og morgon og ettermiddag går rute- og skulebussane same vegen.

Det arbeidet som nå er sett i gang er i hovudsak fjerning av nokre nabbar og enklare trafikksikringstiltak.  Utbetring av brua ved Vossaplasset og nokre tiltak med kantrekkverk er det von om å få til.

Likevel, denne vegen som vart bygd for hest og kjerre som ein grusveg, har fått oljegrus på toppen.  Svingane går der som i gammal tid.  Underlaget er for det meste som det var.  Reparasjonar bør ein sjølvsagt gjera der det er alvorlige feil farlege plassar.  Men med den trafikkmengd som det er på denne vegen og den tonnasjen som vert transportert her, er ein ny og oppgradert veg noko som bør koma nå.  Vikebuen har venta lenge og industriområdet med djupvasskai gror igjen.  Vegen har ikkje akkurat fremja etablering her som den 120 meter høge og 5o meter i diameter store Ekofiskveggen i si tid vart bygd.  Ekofiskfeltet er under demontering etter endt levetid.  Vikevegen skal ennå føra gods og passasjerar.

 

 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg