Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Kystvakta på bergingsoppdrag i Vikebygd

Sida er sist endra 21. okt. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Les artikkelen i Grannar:
Bergingsoppdrag i Ålfjorden
Link:
Grannar.no 24.10.2013


Mannskap frå kystvakta saman med konstituert brannsjef Ottar Krakk og hans mannskap heva motorbåten og frakta den til Dommarsnes Industriområde.


Kystvaktskipet KV Tor deltok i bergingsaksjon
To båtar sokk ved kaiar i Vikebygd

av Steinar Skartland 21.10.2013

Mannskap og utstyr frå kystvaktskipet KV Tor deltok måndag 21. oktober i bergingsaksjon i Vikebygd saman med personell frå brann og redningstenesta i Vindafjord.  - Me var i Bergen og har ein hurtiggåande bergingsbåt som kan gjere 40 knopp, fortalde sjøoffiseren Jan Erik Stople som leia bergingsoperasjonen.  - Med denne gjekk vi i førevegen, så kjem KV Tor etterpå.


Mannskap frå KV Tor i ferd med å heve den seks tonn tunge trebåten.

Bygdefolk kan fortelja at båten kom til Vikebygd for nokre veker sidan og vart først fortøydd ved ein privat kai.  Då han måtte flytta derifrå vart båten fortøydd i ei boye like ved land i Naustvika.  Båten var for stor og tung til at dette festet klarte å halda båten, som etter nokre dagar vart observert inne i fjøresteinane der han låg og dunka i botnen.  Det kan vera her at båten fekk skadane sine.  Eigaren skal så ha flytta båten nokre meter og fortøydd han ved naustet til Vidar Wennevik, før han reiste frå bygda.  Då det ikkje lukkast Vidar å få kontakt med eigaren av båten etter fleire forsøk, sette han opp ein plakat med påskrifta: "Båten må flyttes umiddelbart fra vår brygge og fortøyningsplass." Her sette han også sitt eige namn og telefonnummer. Før helga oppdaga fleire at båten var i ferd med å søkkja.

Vidar melde forholdet til politiet, utan at det ga reaksjon.  Natt til søndag sokk båten og la seg på botnen utanfor naustet hans.  Ny kontakt med politiet førte til at dei kontakta kystvakta og brannvesenet.  Nå viste det seg at KV Tor var i Bergen og skulle gå til Sandnes.  Dei sendte ein hurtiggåande båt med mannskap og utstyr i førevegen og saman med brannvesenet sitt personell starta dei heving og berging av båten måndag ettermiddag.

- Båten er ein dory, slo den tidlegare sjømannen Rolf Alne fast.  Mannskapet frå KV Tor fekk tetta holet i botnen med nokre sekkefiller og pumpa han tom for vatn slik at den 6 tonn tunge fritidsbåten kunne slepast til Dommersnes industriområde.  Her leigde Vindafjord kommune ein mobilkran frå Nordic Crane som heiste båten på land.

- Kystvakta sender normalt ikkje rekning for slike oppdrag, fortel fungerande brannsjef Oddvar Krakk, men kommunen vil truleg krevja kostnadane sine dekka.  Her er det snakk om både tre mann i mange timar og leige av mobilkran.

I mellomtida var KV Tor komen inn i Ålfjorden og heiste ombord dei to mindre båtane til kystvakta før den sette kursen til eit nytt oppdrag langs kysten av Rogaland.

 

Les artikkelen i Grannar:
Bergingsoppdrag i Ålfjorden

Link: Grannar.no 24.10.2013

 

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg