Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Innsamling til Ukraina

Sida er sist endra 19. okt. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Vindafjord kommune, formannskapet.  Høyringssvar.
Endra prioritet for Vikevegen (Fv. 734)
til 3. og 5. plass på prioriteringslista for utbetring av Fylkesvegar. 
av Steinar Skartland, 19. okt. 2013

Rogaland fylkeskommune har utarbeidd ”Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland 2014
– 2017”. Handlingsprogrammet er sendt ut på høyring til kommunane.  Planen er forholdsvist detaljert for korleis midlar er tenkt nytta. Kommunen er beden om å gi prioriteringar slik: Samla for alle tiltak og i tillegg for ulike programområde. Denne er nå handsama politisk og høyringssvar frå Vindafjord er vedteken av Formannskapet.

Rådmannen innstilte Vikevegen (FV 734) til 12. plass på prioriteringslasta for tiltak langs fylkesvegar i kommunen.  Politikarane i DUK og Formannskapet endra dette til 3. og 5. plass etter fellesforslag frå partia: SP, KrF, SV og BBL.  Dette betyr at utbetring langs Vossaplasset vart gjeve 2. prioritet for mindre utbetringar og 3. prioritet for GS-veg.   Mindre utbetringar langs FV 734 vart gjeve prioritet 3.

Dette er berre eit høyringssvar frå kommunen.  Det er Fylket som vegeigar som vedtek den endelege planen.  Den skal handsamast i Samferdselsutvalet i Rogaland i november og i Fylkestinget i desember.  Den endelege prioriteringslista som kommunen sender inn er då:

  1. Eiodalen, Ølen, Fv 514, (prioritet 1 store investeringar)
  2. Kaien i Sandeid, Fv 46, (prioritet 1 for mindre utbetringar)
  3. Utbetring av veg og GS- langs Fv 734 i Vikebygd,
    (prioritet 2 for mindre utbetringar) (prioritet 3 for GS-vegar)
  4. Planlegging av ny veg mellom Sandeid og Vikedal, Fv 46 og Fv 520,
    (prioritet 1 for planlegging)
  5. Generell opprusting av Fv 734, (prioritet 3 for mindre utbetringar)
  6. GS-veg frå Vikedal sentrum til Søndenåfeltet, Fv 46 (prioritet 1 for GS-vegar
  7. Toranesvegen, Fv 735, (prioritet 5 for mindre utbetringar)
  8. GS-veg frå Håkull til Trovåg i Skjold, Fv 734 (prioritet 2 for GS-vegar)
  9. GS-veg frå Sandeid kyrkje til Økland, Fv 514. (prioritet 4 for GS-vegar)
    (prioritet 2 for planlegging)
  10. Bygging av miljøgate i Vikedal sentrum , Fv 46.
    (prioritet 1 for miljø- og servicetiltak)
  11. GS-veg frå Knapphus til Kårhus i Vats, Fv 46, (prioritet 5 for GS-vegar)
    (prioritet 4 for mindre utbetringar)
  12. Utbetring av kryss mellom Fv 514 og Fv 742 ved Sandeid kyrkje,
    (prioritet 2 for miljø- og servicetiltak)
Les saksdokumentet her. Framlegget til Handlingsprogram for fylkesvegar.

 


Synfaring på vegen med Statens Vegvesen, kommunen og Grendautvalet
Ser etter løysingar i saman
av Steinar Skartland 30.9.2013

Etter initiativ frå Grendautvalet i Vikebygd vart det halde synfaring på farlege trafikkpunkt mellom Vikevik og Svendsbø måndag den 30. september.  Vindafjord kommune har leigd inn tidlegare teknisk sjef, Tor Gunnar Skaar, for å hjelpa til med å få fortgang i sakene og som ein katalysator for å få knytta kontaktar mellom etatane.

Franz Lea orienterer vegvesenet og deltakarar på synfaringa.
Nestleiar i grendautvalet, Franz Lea, orienterer her ordførar Ole Johan Vierdal, Einar Stange og Leiv Hanasand frå Statens Vegvesen om dei trafikkfarlege nabbane og svingane, før synfaringa.  Her saman med Lauritz Bjørnevik (leiar i grendautvalet), Jens Morten Koltveit (grendautvalet), Tor Gunnar Skaar,  Even Bjørnevik (Grendautvalet) og varaordførar Steinar Skartland.   

Representantane frå vegvesenet var klare i sin tale og uttrykte at det dei fekk sjå var både uhaldbart og på fleire punkt i strid med regelverket.  -På sida av vegen skal det vera ein sikringssone på 4 meter i 60 sone og 6 meter i 80 sona, kunne Leiv Hanasand fortelje.  Han jobbar med trafikksikkerheit i Statens Vegvesen.  -Tre som veks i desse sonane skal ikkje ha større diameter enn 15 cm.  Dei var overraska over den tilstand brua sør for Vossaplasset er i. -Slik skal det ikkje vera, sa dei. 
Store steinblokker i vegkanten på Dommersnes
Her ved dei store steinblokkene på Dommersnes, som vart bora for nokre år sidan.

-Når vi skal gjera utbetringar er det viktig å starta med det som er risiko først, peika Hanasand på.  -Høgg vi vekk skog eller rettar ut svingar blir farten høgare og dermed risikoen for ulykker større.  Først må nabbane sprengast bort.

-Me har alt sprengt budsjetta for i år, sa Hanasand og Stange. Men mange av dei tiltaka som det var peika på var enkle tiltak.  Einar Stange frå vedlikehaldsavdelinga i vegvesenet, meinte at han kunne raskt få sett ei maskin på å starta med mange av dei enklare punkta som Grendautvalet hadde peika på. -Så er vi i alle fall i gong.  Dei rosa Grendautvalet for å ha gjort ein god jobb med utgreiing av dei farlege punkta på vegen og å sikra samtykkeerklæringar frå dei som eig inntil vegen desse stadane. -Å få samtykke av naboane er ein stor del av jobben, sa Stange.

Inspeksjon av brua sør for VossaplassetDet var eit optimistisk møte der vegvesenet registrerte i loggen dei områda på vegen der det må gjerast noko fort.  Både kommunen og vegvesenet har fokus på å finna gode løysingar og antyda at det kunne vera aktuelt å nytta overskottsmassar frå Skjold også til forsterkning av Vikevegen.  Utfordringane var at mange stader der det heilt klart er trong for rekkverk, så er kantane så svake at det er utfordrande å kunna festa noko rekkverk der.  Gjennom mange år har ein fylt på masse på kantane, for så å asfaltere oppå.  Stadig lengre ut, utan at dert er skikkeleg vegfundament under. Med ein kostnad på 1150 kroner + moms pr meter for å setje opp rekkverk, og i tillegg kostnader med å forsterke underlaget for å feste stolpar og rekkverk, vil det Grendautvalet har skissert vera snakk om eit prosjekt på fleire millionar. - Sjølv om me har rammeavtale med dei som leverer rekkverk, så har med fleire stader i nordfylket fått til alternative løysingar med føringskantar i betong, til ein vesentleg lågare kostnad, fortalde Hanasand, som heilt klart var løysingsorientert og hadde tru på å få til ein del utbetringar.  Refleksstolpar langs vegen var noko dei ga uttrykk for at ein raskt kunne få til.

Tor Gunnar Skaar hadde gode erfaringar med å samarbeida med lokale krefter som Grendautval og grendalag frå andre delar av kommunen.  Det var ein optimistisk tone då dei reiste kvar til sitt etter synfaring og møte i Vikebygd.

Les også her 

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg