Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Grendautvalet

Sida er sist endra 8. des. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Årsmøte i eit målbevisst Grendautval
Attval på Laurits Bjørnevik som leiar
av Steinar Skartland 28.11.2013
 

"Never change a winning team."  Eit sitat frå den legendariske: Alfred Ernest Ramsey, manager for Englands herrelandslag i fotball frå 1963 til 1974, høver godt på dette årsmøtet.  Lauritz Bjørnevik vart attvald som leiar av Vikebygd Grendautval for eit nytt år utan motkandidatar.  Han var også den sjølvsagde leiar av årsmøtet. 

Sjå sakslista for årsmøtet her

Leiar i Grendautvalet, Lauritz Bjørnevik
 

Grendautvalet hadde benka seg i panelet fremst i salen på bygdahuset torsdag 28. november.  Nær 20 bygdefolk hadde funne seg stolar i salen.  Den valde sekretæren i utvalet, Bergfrid Kolltveit, kunne lesa opp ei grundig årsmelding med rikesleg av oppgåver dei har jobba med og ikkje minst, fått gjennomslag for.  Veg - er eit stikkord som har vore i fokus dette året.  Også Bergfrid Vart attvald for to år.  Ny varamann vart Jakob Rødde.

Gjennomslag for mange prosjekt.
Grendautvalet har ikkje sete på gjerdet.  Dei har aktivt vore initiativtakarar, pådrivarar og utøvarar i ei rekkje prosjekt for Vikebygd. Lista over desse synte fleire både utførte og pågåande prosjekt.  Nestleiar Frantz Lea kunne verkeleg visa til resultat då han orienterte om desse prosjekta:
  • Skoging v/stien til skulen: Utført

  • Sikringsgjerde ved skule: Utført

  • Lys ved trimparken:
    -Godkjent av kommunen

  • Lys langs sti: 
    Søkt om støtte frå SØK (tilsagn 50 %)

  • Fjerning av 10 nabbar langs vegen: Utført

  • Autovern Ulvebne:  Pågår

  • Vossasvingane:  Pågår

  • Vossaplassbrua:
    - Ventar rapport frå St.Vegv.

  • Bryggjebakken:  Pågår

Frantz Lea

Av oppgåver framover så står dei på for utbetring av Vossaplassvingane og gang og sykkelsti til butikken, men også vidare til hyttefeltet ved Dommersnes og fleire utbetringar på fylkesvegen mot Skjold. Her har grendautvalet alt gjort ein stor innsats og teke initiativ overfor både kommunen og vegvesenet. 

Frantz etterlyste også tiltak som kunne skapa kontakt med ungdommen som er ferdig på skulen i Vikebygd og hadde fleire innspel med kreative idear for bygda.

Å byggja kontakt med ungdommen var noko han fekk positiv tilbakemelding på også frå kommunen sin "Folkehelseinspirator", Elisabeth Kallevik Nesheim.  Ho er den einaste i sitt slag i landet.  Elisabeth understreka at det var viktig å skapa møteplassar t.d. der småbarnsforeldre kunne møtast sosialt og til tur i lag.  Dei fleste aksepterer å reisa Elisabeth Kallevik Nesheim - Folkehelseinspiratortil helsestasjonen i Ølen, men det er det sosiale som det er mest trong for. 

Gunn Vikingstad meinte at bygda burde ha ein "helseminister" ned oppgåve å ta vel imot og helsa på nye som flytta inn til Vikebygd.  Rolf Alne var samd i dette og oppfordra Grendaut-valet til å arbeida med ei brosjyre med oversyn over alle lag, organisasjonar og gode aktivitetar i bygda.  Den kunne vera god for rekruttering og informasjon til nye i bygda.


Tur te Frantz
Eg opplever mykje positive energi i dette årsmøtet, sa Elisabeth som peika på kor flott det var med mange interesserte vaksne som var møtt fram på møtet.  Både i årsmeldinga og innspela frå Frantz Lea fann ho så bra at ho konkluderte med -Eg må ta meg ein tur te Leuritz overrekkjer takk til Steinar SkartlandFrantz.  I ideane såg ho muligheiter for positiv utvikling, også for folkehelsa.

Takk for arbeidet med web
Den attvalde leiaren i Grendautvalet, Lauritz Bjørnevik, kalla fram redaktøren for websida vikebygd.org, Steinar Skartland, og takka frå Grendautvalet for arbeidet som er lagt ned med denne lokale websida for Vikebygd.

Statistikkane viser at svært mange er innom dagleg og les om bygda.  Både dei som bur her, men også utflytta Vikebuar som på denne måten held kontakt med det som skjer lokalt.  Og for dei som ikkje nyttar internett så mykje sjølv, så kan dei fortelja om at borna som har flytta til andre stader ofte veit meir om det som rører seg i Vikebygd enn dei som bur her.  Dei les det på vikebygd.org.

Fleire nytta også høvet til å takka Grenda-utvalet for innsatsen deira.     

LAST NED/LES ÅRSMELDINGA HER

 


Valde for å tala Vikebygd si sak
Grendautval som set spor etter seg.

av Steinar Skartland 2.10.2013

Vikebygd har svært mange engasjerte menneske.  Dei deltek i musikkorps, fotball, orientering, speidararbeid eller med Badminton.  Ja, lista stoppar ikkje her.  Eit aktivt Vikebuen-lag med kvinner er på banen titt og ofte og førebur i desse dagar den årlege julemessa som skal gå av stabelen laurdag 30. november.  Det er mest farleg å starta med å nemna dei mange ulike aktivitetane som har sitt utspring og aktivitet i Vikebygd, for det som her er nemnd er berre starten på ei lang liste. 

Når vi veit at det ikkje berre er dei som har vakse opp her ved Ålfjorden som står på. Mange av dei aktive har faktisk flytta til bygda, og då kan det vera grunn til å spørja oss sjølve:  Kva er det med denne bygda som dreg til seg så mange kreative og aktive menneske i stor stil?  At trivselen og dugnadsånda er stor, er det ikkje grunn til å tvila på.  Både tilflytta og dei som er fødde her drar i saman for å skapa eit godt samfunn i ei flott bygd. 

Grendautvalet i møteMellom desse flotte menneska er det peika ut ei lita gruppe kvinner og menn. Grendautval kallar vi dei.  Opp gjennom tidene har grendautvalet i Vikebygd markert seg som høyringsinstans eller som initiativtakarar i spennande saker. Men sjeldan har eit slikt utval fått sett så mange fysiske spor etter seg som dei som set i dette utvalet nå.

Sikring ved skulenLangs Vikevegen vert nabbar, som vi har irritert oss over i mannsaldrar, fjerna.  Tre vert hogd ned langs stien mellom bustadfelt og skule, og når Grendautvalet seier i frå at eit gjerde er ramla ned, -ja, så gjer byråkratiet eit hopp.  Ikkje berre kastar kommunetilsette seg i bilen for å få setja opp ei midlertidig sikring eller litt netting.  Jammen kjem det også spesialistar og byggjer eit solid autovern langs vegen der det ein gong var eit flatt gjerde.

Me lar oss imponere!

 


Grendautvalet inviterer til årsmøte
Det blir kalla inn til årsmøte i Vikebygd Grendautval
Tid: Torsdag 28. november kl. 19.30
Stad: Vikebygd Bygdahus.
Les saksliste og innkalling her

Grendautvalet i møteForslag som ein vil behandla på årsmøtet må vere styret i hende seinast 14. november 2013. 

Etter årsmøtet vil Grendautvalet orientera om saker som gjeld alle i bygda vår.

 


Utbetring av Vikevegen
"Ein merkedag i Vikebygd"

av Steinar Skartland 17.11.2013

- Då for den siste nabben ved Dommarsnes te «himmels» !!! Fantastisk bra, var kommentaren frå Franz Lea i Vikebygd Grendautval.  Dei har jobba iherdig for å få sikra denne bygdevegen som vart laga i 1876. 

Denne gongen var det ein del farlege bergnabbar og store steinar som skulle til pers.  Sikring av vegkantar og farlege svingar står også på agendaen.  Og dei har fått det til.  Statens vegvesen fann pengar og arbeidet kom i gong.  Men også denne gongen er det mindre utbetringar som ein har kunna gjera.  Ei større utbetring og fornying av vegen ligg nok lengre inn i framtida.  Likevel, Vossaplass svingane er det von om å få gjort noko med om ikkje så lenge.


Den store steinen på Dommersnes har lege der i vegkanten frå vegen vart til.  For mange år tilbake vart den bora for å sprengjast, men det skjedde ikkje.  For nokre år sidan vart det sett nye plasthylser i borehola, men heller ikkje det vart det meir av.  Nå har innsatsen frå Grendautvalet ført til  at dynamitten kom på plass og steinen er delt i småbitar.  Ein merkedag for vikebygd og trafikktryggleiken på fylkesvegen.

Vikevegen, eller fylkesveg 543, er Rogaland Fylke sitt ansvar.  Ein skulle tru at det var ei prioritert oppgåve å sikra alle fylkesvegar.  Men om viljen er der, så er det ikkje like romsleg med finansane.

- Forfallet på fylkesvegene i Rogaland er på hele 2,4 milliarder kroner, og når Rogaland fikk kun tildelt 21,9 millioner i 2014 (fra den forrige regjeringen), så blir det ikke lystelige utsikter til bedring, sa Ellen Solheim, leiar i samferdsels-utvalet i Rogaland. 

Så vil framtida vise om ei ny regjering vil prioritere mindre fylkesvegar meir, eller om det vert med vegane mellom dei store byane.  I Vikebygd står i alle fall grendautvalet på saman med lokale politikarar, for tryggare vegar.

Les meir her 


Folketalsutviklinga
Stabilt folketal i Vikebygd

av Steinar Skartland 9.11.2013
 
Folketalet 1.januar 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013
Vikebygd 527 518 526 537 563 563 562 561
Vindafjord kommune 8119 8111 8084 8161 8197 8298 8447 8615

Folketalet i Vindafjord har vore jamt aukande og passerte i haust 8700.  Held trenden fram når kommunen 9000 innbyggjarar innan eit par år. Stort og attraktivt byggjefelt på Vikaneset i Skjold vil truleg bidra til dette.

I Vikebygd har folketalsutviklinga stagnert på same tal fastbuande dei siste fire åra.  Med 19 ledige, byggjeklare tomter bør det vera grunnlag for å sjå ein auke også her i bygda.  Grendautvalet sin fokus på vegen, gangstiar, å rydde skog for å opna opp bygda osb. er med og fører bygda i positiv retning.  Det kan ein også trygt seia om aktiviteten i alle dei lag og foreiningar som driv i Vikebygd.  La oss vona at nokon ser verdiane som ligg i bygda og vil ta del i desse ved å sjå nærare på ein av dei ledige tomtene, like ved skule, barnehage og butikk.  

Og for dei som vil vita meir om det som skjer, så kan ein tur på Grendautvalet sitt opne møte 28. november vera ein ide. 



Grendautvalet ynskjer Lyssetjing langs gangsti frå Lio til skulen. 
Les meir her.


Grendautvalet tok saka
Kommunen var snar med å sikra muren ved skulen1. sept. 13
Les meir her


Vikevegen
av Steinar S, 21.9.13
Grendautvalet tar opp saka med kommunen for å få utbetring av farlege parti.
Les meir her

 



Endra prioritet for Vikevegen (Fv. 734)
av Steinar S, 19. okt. 2013
Politikarane løfta Vikevegen oppover på prioriteringslista i høyringssvar til fylket.
Les saka her

Utbetring av nabbane langs Vikevegen
Grendautvalet jublar
Arbeidet med utbetring av Vike-vegen er i gang
av Steinar Skartland 22.10.2013

Møter med politisk leiing i kommunen og synfaring saman med Statens Vegvesen. Nå er utbetringsarbeidet kome i gang.  Les meir her


Franz Lea orienterer vegvesenet og deltakarar på synfaringa.
Synfaring på vegen med Statens Vegvesen, kommunen og Grendautvalet
Ser etter løysingar i saman

av Steinar 30.9.2013


Les meir her 

 

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg