Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Sikrare vegar i Vikebygd

Sida er sist endra 7. jan. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Synfaring   Lyssetting   Muren
Endå eit resultat av Grendautvalet sitt arbeid
Vegen sør for Buholmen blir sikra

av Steinar Skartland 7.1.2014

Autovern vert montert langs fylkesvegen i Sørabygda.
Etter at Grendautvalet har hatt fleire møter med kommunen og Statens Vegvesen, er nå arbeid i gang med å setja opp autovern langs vegen sørover til Ulvebne.  Arbeidet tok til måndag 6. januar og vil pågå denne veka.

Tidlegare er det gjort eit godt arbeid med å sprengje vekk bergnabbar og utbetre sidene av fylkesvegen inn mot Vikebygd.


Utbetring av Vikevegen
"Ein merkedag i Vikebygd"

av Steinar Skartland 17.11.2013

- Då for den siste nabben ved Dommarsnes te «himmels» !!! Fantastisk bra, var kommentaren frå Franz Lea i Vikebygd Grendautval.  Dei har jobba iherdig for å få sikra denne bygdevegen som vart laga i 1876. 

Denne gongen var det ein del farlege bergnabbar og store steinar som skulle til pers saman med sikring av vegkantar og farlege svingar.    Statens vegvesen fann pengar og arbeidet kom i gong med mindre utbetringar. 

Ei større utbetring og fornying av vegen ligg nok lengre inn i framtida.  Likevel, Vossaplass svingane er det von om å få gjort noko med om ikkje så lenge.

Den store steinen på Dommersnes har lege der i vegkanten frå vegen vart til.  For mange år tilbake vart den bora for å sprengjast, men det skjedde ikkje.  For nokre år sidan vart det sett nye plasthylser i borehola, men heller ikkje det vart det meir av.  Nå har innsatsen frå Grendautvalet ført til  at dynamitten kom på plass og steinen er delt i småbitar.  Ein merkedag for vikebygd og trafikktryggleiken på fylkesvegen.

Vikevegen, eller fylkesveg 543, er Rogaland Fylke sitt ansvar.  Ein skulle tru at det var ei prioritert oppgåve å sikra alle fylkesvegar.  Men om viljen er der, så er det ikkje like romsleg med finansane.
 


Synfaring på vegen med Statens Vegvesen, kommunen og Grendautvalet
Ser etter løysingar i saman
av Steinar Skartland 30.9.2013

Etter initiativ frå Grendautvalet i Vikebygd vart det halde synfaring på farlege trafikkpunkt mellom Vikevik og Svendsbø måndag den 30. september.  Vindafjord kommune har leigd inn tidlegare teknisk sjef, Tor Gunnar Skaar, for å hjelpa til med å få fortgang i sakene og som ein katalysator for å få knytta kontaktar mellom etatane.

Franz Lea orienterer vegvesenet og deltakarar på synfaringa.
Nestleiar i grendautvalet, Franz Lea, orienterer her ordførar Ole Johan Vierdal, Einar Stange og Leiv Hanasand frå Statens Vegvesen om dei trafikkfarlege nabbane og svingane, før synfaringa.  Her saman med Lauritz Bjørnevik (leiar i grendautvalet), Jens Morten Koltveit (grendautvalet), Tor Gunnar Skaar,  Even Bjørnevik (Grendautvalet) og varaordførar Steinar Skartland.   

Representantane frå vegvesenet var klare i sin tale og uttrykte at det dei fekk sjå var både uhaldbart og på fleire punkt i strid med regelverket.  -På sida av vegen skal det vera ein sikringssone på 4 meter i 60 sone og 6 meter i 80 sona, kunne Leiv Hanasand fortelje.  Han jobbar med trafikksikkerheit i Statens Vegvesen.  -Tre som veks i desse sonane skal ikkje ha større diameter enn 15 cm.  Dei var overraska over den tilstand brua sør for Vossaplasset er i. -Slik skal det ikkje vera, sa dei. 
Store steinblokker i vegkanten på Dommersnes
Her ved dei store steinblokkene på Dommersnes, som vart bora for nokre år sidan.

-Når vi skal gjera utbetringar er det viktig å starta med det som er risiko først, peika Hanasand på.  -Høgg vi vekk skog eller rettar ut svingar blir farten høgare og dermed risikoen for ulykker større.  Først må nabbane sprengast bort.

-Me har alt sprengt budsjetta for i år, sa Hanasand og Stange. Men mange av dei tiltaka som det var peika på var enkle tiltak.  Einar Stange frå vedlikehaldsavdelinga i vegvesenet, meinte at han kunne raskt få sett ei maskin på å starta med mange av dei enklare punkta som Grendautvalet hadde peika på. -Så er vi i alle fall i gong.  Dei rosa Grendautvalet for å ha gjort ein god jobb med utgreiing av dei farlege punkta på vegen og å sikra samtykkeerklæringar frå dei som eig inntil vegen desse stadane. -Å få samtykke av naboane er ein stor del av jobben, sa Stange.

Inspeksjon av brua sør for VossaplassetDet var eit optimistisk møte der vegvesenet registrerte i loggen dei områda på vegen der det må gjerast noko fort.  Både kommunen og vegvesenet har fokus på å finna gode løysingar og antyda at det kunne vera aktuelt å nytta overskottsmassar frå Skjold også til forsterkning av Vikevegen.  Utfordringane var at mange stader der det heilt klart er trong for rekkverk, så er kantane så svake at det er utfordrande å kunna festa noko rekkverk der.  Gjennom mange år har ein fylt på masse på kantane, for så å asfaltere oppå.  Stadig lengre ut, utan at dert er skikkeleg vegfundament under. Med ein kostnad på 1150 kroner + moms pr meter for å setje opp rekkverk, og i tillegg kostnader med å forsterke underlaget for å feste stolpar og rekkverk, vil det Grendautvalet har skissert vera snakk om eit prosjekt på fleire millionar. - Sjølv om me har rammeavtale med dei som leverer rekkverk, så har med fleire stader i nordfylket fått til alternative løysingar med føringskantar i betong, til ein vesentleg lågare kostnad, fortalde Hanasand, som heilt klart var løysingsorientert og hadde tru på å få til ein del utbetringar.  Refleksstolpar langs vegen var noko dei ga uttrykk for at ein raskt kunne få til.

Tor Gunnar Skaar hadde gode erfaringar med å samarbeida med lokale krefter som Grendautval og grendalag frå andre delar av kommunen.  Det var ein optimistisk tone då dei reiste kvar til sitt etter synfaring og møte i Vikebygd.

 


Vikebygd Grendautval lagar frokostmøte om Vikevegen
Får med ordførar og vegvesen på synfaring
av Steinar S. 26.9.2013

Grendautvalet gir ikkje opp kampen for ein betre veg frå Vikebygd og fram til E-134.  Måndag 30. september har dei invitert med seg Leiv Hanasand frå statens vegvesen, prosjektleiar Tor G Skaar frå kommunen, saman med ordførar og varaordførar, på befaring langs Vikevegen. 

Franz Lea har skreve fleire brev til kommunen på vegne av Grendautvalet.  -"Vikebygd Grendautvalg takker ordfører og varaordfører for konstruktivt møte i Vikebygd 6/8-13 hvor bl.a trafikksikker veg var tema," skriv han i følgjebrev til ei saksutgreiing Grendautvalet har laga, kalla: "Nabbane og Autovern".  Denne inneheld skildring, kart, og samtykkeerklæringar frå grunneigarar som grenser til "Nabbane" langs Vikevegen.  Eit godt arbeid er gjort her for å få til ei løysing.

Framlegget er at dei vil få kommunen og vegvesenet til å samarbeida om å få sprenga bort fjellnabbar som stikk ut i vegen og er årsak til trafikkfarlege situasjonar.  I tillegg har dei peika på trongen for å få sett opp refleksstolpar langs vegen frå Isvik til Vikebygd, autovern frå Øvrabø til Svendsbøbrua og beskjering av kratt/skog ved Svendsbøbrua og krysset til Bjordal.  Les utgreiinga om nabbane langs Vikevegen her

Det ein nå vonar er at vegvesenet kan finna tilgjengelege midlar på vedlikehaldsbudsjettet for lokale vegar, til å ta denne kostnaden på fylkesvegen.  Vikebygd treng ein sikrare veg.  Fleire stader er det lokale løysingar som må finnast slik at både dei som bur langs vegen og dei som ferdast der, kan ha ei trygg reise.  Ikkje minst gjeld dette borna som skal på skulen og som syklar til ulike aktivitetar i bygda.  Vossaplass-svingane er eit av områda der nøkkelen til utbetring ligg lokalt i bygda dersom løyvde midlar, m.a. frå Vindafjord Arbeidsgjevar foreining, ikkje skal gå tapt og vegen verta liggjande trafikkfarleg.

Lyssetting langs gangsti frå Lio til skulen
Klikk for større bildeAlt i 2012 sende Grendautvalet brev til kommunen om moglegheit for å få gatelys i gongvegen oppe ved skulen og ned til brannstasjon. - Denne vegstrekninga er i dag mørk. Arbeidet er påbegynt, er det mogleg og få dette ferdig stilla, skreiv Grendautvalet i sitt innspel til trafikksikringstiltak i 2012. Vidare skreiv dei: - Dette er ein veg som skuleborna ferdast på til og frå skulen og om hausten og vinteren er det mørkt, her finnest ikkje noko lys i det heile take

Det nye Grendautvalet har teke dette opp igjen nå, etter at dei har gjort stor dugnad på å hogge og rydde langs gangstien.  Kablar til lys ligg alt langs stien.

- Våre ønsker er nå at kommunen kan ordne dette før høstmørkret setter inn, slik at elevene kan ferdes trygt til skolen gjennom den mye brukte snarvei og gangsti, skriv dei i brevet, datert 9.9.2013 til ordførar.  Brevet inneheld bilete og er ei god orientering i saka. Så står det att å sjå om kommunen kan finna pengar noko av dette.

 


Verdien av å ha eit aktivt Grendautval
Kommunen var snar med å sikra mur ved skulen
av Steinar Skartland 21.9.13
 

Etter at Grendautvalet i Vikebygd skreiv brev til ordførar og rådmann, og bad om møte med ordførar og varaordførar, vart det fart i sakene.  Gjerdet som i tre år har vore usikra og flata ned etter snøbrøyting, vart raskt sikra. 

Gjennom god og positiv dialog er Grendautvalet ein viktig medspelar som i lag med kommunen kan få gjennomført mykje bra for bygda.  Dei skal ha ros for initiativ og innsats.

Dei har vidare teke opp med kommunen om å få sett opp lys langs gangstien frå Liofelta og opp til skulen.  Her ligg mykje til rettes alt.  Les heile brevet frå Grendautvalet her
Vikevegen har mange smale og svingete område med stor trafikkLes meir om saka her

Vikevegen
Grendautvalet har engasjert seg i saka med betring av vegen frå Vikebygd mot Skjold og skreve fleire brev til kommunen.  Etter møte med ordførar og varaordførar er det håp for at tiltak skal la seg gjennomføra.  Kommunen og Grendautvalet arbeider vidare med saka.
Les meir her

 


Trafikkuhell
av Steinar Skartland 15.9.2013
Ein bil hamna utfor vegen sør for Skartland søndag ettermiddag, og kvelva rundt.  Sjåføren var til kontroll på sjukehuset, men fekk reise heim etterpå. 
Les også her 

I Haugalandspakken
Sykkel og gangsti frå Isvik til Trovågsfeltet
SteinarS 21.8.2013

I samband med Haugalandspakken og bygging av tunnel i Skjold, er det meininga at overskottsmassar frå prosjektet skal nyttast til bygging av sykkel og gangsti frå Isvik til Trovågsfeltet.  Det er ikkje planar om å gjera noko med vegen elles.

- Me har sykkel og gangsti.  Det er veg me treng, og det heilt fram til Vikebygd, vart det sagt av fleire frå Vikebygd som deltok på møtet kommunen og vegvesenet hadde invitert til i Skjold hallen onsdag 14. august.  Det møtte mykje interesserte både frå Skjold og Vikebygd.  Ei sak som grendautvalet har engasjert seg sterkt i.  Det er Rogaland Fylke som er eigar og ansvarleg for fylkesvegen frå Skjold til Vikebygd.  Interesse der har vore laber for å gjera noko med sjølve vegen.  Eit lokalt press frå m.a. grendautvalet og politikarar i Vindafjord kan kanskje få endra prioriteringane på denne smale vegen som er sterkt trafikkert av både privatbilar skulebussar og eit stort tal med lastebilar.  Tømmertransport utgjer ein stor del av tungtransporten.

Grendautvalet har engasjert seg i saka med betring av vegen frå Vikebygd mot Skjold og skreve fleire brev til kommunen.  Etter møte med ordførar og varaordførar er det håp for at tiltak skal la seg gjennomføra.  Kommunen og Grendautvalet arbeider vidare med saka.
Les meir her

 

Les meir om vegar i Vikebygd her

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Julemessa 2013
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg