Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Sprell levande Gudsteneste

Sida er sist endra 22. sept. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Haustfest og jubilantar i kyrkja
Born, ungdom og vaksne feira i kyrkja
av Steinar Skartland 22.9.2013

Det vart ein flott kyrkjesundag med jubilantar, barnekor og ein prest i bandasjar.  På Haustfesten i kyrkja der Laurdagsklubben, fireåringane, konfirmantane og 50-års jubilantane feira i lag. Jon Ådnøy er ein prest som veit å fanga interessa når han talar klårt og forståeleg for alle.

Borna kom togande inn, berande på korger med grøda frå jord og hagar.  Fremst i prosesjonen vart krossen boren av Vilde. Dei som var fire år hadde vore der alt dagen før for å bli kjent med kyrkja.  I gudstenesta fekk dei koma fram og få barnebibelen. Dei andre borna hadde vore på Laurdagsklubben og øvd.  Søndag fekk dei framføra fleire flotte songar, heilt framme i kyrkja. 


Laurdagsklubben song fleire flotte songar som dei hausta applaus for.  Også dei vaksne fekk vera med i songen

Kateketen, Britt Karstensen, måtte få hjelp av born og nokre vaksne til å framføre teksten for dagen.  Det gjorde det ekstra spennande. Og når ho opna skattekista, som stod der framme, var det mange som var spente.  Kva var det oppi den, mon tru? Her fann ho bandasjar.  Så måtte presten få bandasjar på seg.  han hadde visst vondt både i hovudet og i armen.  Teksten var om nokre menn som var sjuke.  Spedalske, var dei visst. Så kom dei til Jesus og bad om hjelp, og han gjorde dei friske.  Men berre ein av dei huska på å koma tilbake for å takka.  Han fortalde om det som hadde hendt, og då kom det mange folk for å sjå Jesus. 

Jubilantar
Nokre av dei som var festklede, var fire menn og ei kvinne, som denne dagen ville feira at det var 50 år sidan dei vart konfirmerte.  Det skjedde i året 1963. Då var dei 10 ungdommar i lag.  To av dei er nå døde, men for dei fem høvde det å koma. Ikkje verst å få feira jubileet med barnekor.  Så må vi også skryta av kantoren, Jury Kotkowitch, som sørgde for fantastisk flott pianomusikk denne dagen.  Det gjorde at songen også vart lett og glad.


Jubilantane:  Åge Øvrevik, Stein Anton Hetland, Kitty Hjartnes Henjum, Johannes Børtveit og Gunnar Birkeland

Gudstenesta vart avslutta med både bønevandring og offer til søndagsskulearbeidet før folket kunne reisa seg og få med seg kaker, saft og kaffi i midtgongen.

Ei gledeleg melding var elles at nå skulle Tripp-Trapp starta opp igjen den  3. oktober. Då kan borna som er frå 0 - 6 år ta med seg foreldra og komma på bedehuset klokka 11:00. Linda Langeland og Gunbjørg Tyssebotnen har teke ansvaret for dette populære opplegget.
 


Ei aktiv kyrkjehelg for heile familien
Haustfest med born og konfirmantar 
av Steinar Skartland 22.9.2013

Søndag 22.september inviterte soknerådet alle til hausttakkefest i kyrkja kl.11.00. 
- Det blir ei familiegudsteneste med utdeling av biblar til 4 åringane, presentasjon av konfirmantane i år og 50-års konfirmantane. Rett etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi, fortalde Kjersti Hausberg Bjerga i programmet ho sende rundt i bygda.

Men borna starta alt laurdag.
4 åringane hadde si eiga samling i kyrkja og vart kjent med henne på laurdag ettermiddag. Dette er ein del av kyrkja si trusopplæring.

Men også Laurdagsklubben hadde si samling på Bedehuset laurdag kl.15.30. Dette er søndagsskulen i Vikebygd for alle ungar mellom 4-12 år. Her syng dei mykje, høyrer om Jesus, les i Bibelen, lagar noko, leikar i lag, og denne gongen øvde dei til Hausttakkefesten i kyrkja på søndag.  Så nå er nok foreldre, tanter og onklar spente på å få sjå borna i aksjon.

Jens og Kjerst står for loddtrekningaBasar
Kanskje var det nokre som såg at det var lys på bedehuset alt på fredagskvelden? Omlag 30 store og små var samla til basar der inntekta går til Normisjon sitt arbeid. 

Gjermund Lygre som har erfaring frå misjonsmarka, deltok med andakt og forteljing frå Mali.  Og det var mykje song som alle kunne delta i.  På veggene var det hengt opp gevinstar, mange heimelaga.  På eit bord framme stod også mange fine ting som skulle fordelast på dei som kjøpte lodd eller årar.
 

Normisjon arbeider i fleire land utanom Noreg, men har og leirplassen Stemne-staden på Grinde som mange barn i Vikebygd reiser og har reist til, på leir. 

  Jens Tveit stod for trekkinga mens Kjersti Hausberg Bjerga viste fram premiane.  Borna fekk æra av å bera gevinstane bort til vinnarane denne kvelden.

 

 

 
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygdd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg