Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Trening for alle i Vikebygd

Sida er sist endra 18. sept. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Offisiell opning av trimparken
Fredrik klypte snora saman med ordføraren
av Steinar Skartland 18.9.2013

Så er det offisielt.  Med musikk frå korpset der 17 musikkantar hadde stilt seg opp inne i trimparken, og med velkomstord frå Gunn Vikingstad, vart Nord-Rogaland og Vindafjord sin fyrste utandørs trimpark er opna. 
Vikebygd Skule- og Ungdomskorps spela

Ordførar Ole Johan Vierdal hadde æra av å halda opningstalen og rosa det lokale initiativet.  -Dette vert ein møteplass for folk i bygda, trudde han.  - Hadde det vore eit innandørs anlegg som ein måtte betala for å koma inn på, ville det ha vore kø for å få komma inn.  Nå håpar eg denne trimparken blir like godt brukt, sa ordføraren og oppfordra folket til å bruka apparata og får ei god helse, men også nytta staden som ein møteplass og for sosiale samvær.
Ole Johan og Fredrrik klypper snora og opnar trimparken

Fredrik var utpeika til å bæra saksa på eit fat fram til opningsseremonien, men Vierdal bad han om å leggje fatet ned på bakken og vera med på klyppa snora saman med han.   

Robert Gausvik, formann i elevrådet takka dei som hadde arbeida med parken.

Etterpå var det formannen i elevrådet på skulen, Robert Gausvik, som fekk ordet.  Han takka alle som har hatt arbeidet med parken.

Bak initiativet står Gunn Vikingstad, Ola Harald Alne, Solveig Hortman, Dag Hans Nagel-Alne, Hanne Jorunn Helgeland og Jarle Årvik.  Under ferietur i utlandet hadde dei kome over ein slik park og fått ideen til, at dette ville dei få til også i Vikebygd.  På tomta etter gamleskulen var ein høveleg plass.  Midt i sentrum og like ved skule og barnehage.

Middag, kaffi og kake høyrde med etter opninga.

På opningsarrangementet var det 130 som deltok.  Desse var i alle aldrar.  Mange av borna prøvde dei ulike apparata, men dei vaksne var meir reserverte.  Nokre var bortom og prøvde så vidt, men elles var det lapskaus, kaffi og kaker som freista dei mest.  Ordføraren måtte sjølvsagt testa ut ein del av utstyret, og det såg ut til at han trivdes godt der. Kanskje han tek turen oftare til bygda for å få seg trening.  Skuleborna har alt nytta apparata ei god stund.

Ole Johan Vierdal testar trimutstyretEtter ei stund var mange av borna samla inne i ballbingen der dei ivrig spela fotball.  Og samspel er viktig for ei bygd som vil få noko til.  Nå er det også mogeleg for fleire som ynskjer å få del i noko av det som denne bygda står for.  Det er 19 ledige og byggjeklare tomter få hundre meter frå skule, barnehage, trimpark og butikk.  Og bygda tar gjerne imot fleire innbyggjarar.

Ettermiddagstimane kan lett blir hektiske for familiane når dei skal rekke å lage middag, lese lekser m.v. etter arbeidstid - og før ungane skal vidare på trening, speidar eller anna. Dermed vart opninga lagt til kl 17:00.  Då kunne lekser m.v. gjerast ferdige først, og middagen den dagen tok bygdefolket ved trimparken denne dagen. (plakaten)

 

 


Trimpark på skuletomta i Vikebygd
Treningsapparat på plass i friluft
Av Steinar S. 31.8.13

Vi har lenge hatt treningsstudio i Joker-kjellaren, men nå har desse fått konkurranse, eller kanskje eit utfyllande tillegg?  På tomta etter "Gamleskulen" er det nå montert proff treningsapparat.  Desse kan nyttast av alle som kjenner trong for å røre på seg.  Ei initiativ som er i tråd med tankane i tida med at folk skal koma i form og førebyggje sjukdom både i kropp og sinn.

hrJoakim
Joakim Koltveit var i full gong med å prøve ut treningsapparata på laurdag. 
Nå venta han berre på at fleire ville koma og prøva.

Fredag vart det arbeid med å montera og leggja på grus som dempar fallet om noko skulle falla av treningsapparata.  Her er også rasteplassbord på plass ved sida av.  Kanskje ta med niste og leggja turen bortom skuleområdet for trening og treff av naboar og vener?

- Me har kjøpt inn treningsapparat for 190.000 kroner, fortalde Ola Harald Alne då tidlegare i sommar.  Det er støypt solide fundament med fester så då var det fort å montera apparata.  Dei har ein solid kvalitet som skal tole både å brukast og å stå ute.
- Opninga skal finna stad seinare, men nå er parken klar og det var mange som prøvde apparata første dagen, fortel Ola Harald som har vore aktiv med på mykje av arbeidet.  Han reknar med at verdien av utført dugnad og reduserte prisar utgjer omlag 100.000 kronar.

Mange forskjellige treningsapparat
Entusiastane bak prosjektet har sett på Sandve-parken ved Sandnes og fått inn tilsvarande treningsapparat.  I Vikebygd fekk dei også godkjent ei ordning med at denne parken skal vera ein demonstrasjonspark som skal visast fram til andre aktuelle som vil investera tilsvarande.   Dette ga dei rimelegare prisar.  Gjennom sponsorar er apparata alt finansierte.

Dette er eit flott initiativ.  

Les meir her  

 
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygdd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg