Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Vikestølen

Sida er sist endra 1. sept. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Vikestølsmarsjen 1. september
Regn, søndag og godt humør
av Steinar Skartland 1.9.2013 

Den som trur at Vikebu og Bjoabu held seg inne i omnskroken ein regntung september dag, har i grunnen litt rett.  Men omlag 60 personar frå desse bygdene valde å setja seg i omnskroken på Vikestølen, ein times gange inn over fjellet.  "Ut på tur, aldri sur", er eit ordtak som kan nyttast om desse som valde å kle på seg regntøy, støvlar og ryggsekk.

Ei open hytte i Vikefjellet
Oppe på Vikestølen rauk det av skorsteinen.  Utanfor hytta var sett opp eit telt med registrering av marsjdeltakarar og utskriving av diplom.  Ola Harald var i full gong med å måla opp resultata i den lokale meisterskapen i hesteskokasting, då underteikna nådde fram til stølen saman med dei blide turgåarane Gerd Kleppe og Inger Bjordal.  Det kan ta på i muskulaturen og pusten å streve seg opp dei bratte bakkane frå Djupavad.  Men på Gerd og Inger kunne ein ikkje merka den slags der dei stråla som sola over å ha nådd fram til hytta.


Gerd Kleppe og Inger Bjordal gledde seg over å vera vel framme på Vikestølen

60 personar deltok i regnvêret.
Var vi dei einaste? Det var ikkje mange å sjå utanfor hytta, bortsett frå dei to under telttaket og 2-3 som bala med hesteskokast.  Men inne i hytta var det godt med folk. Dei hadde benka seg rundt borda.  Her nytte dei lapskaus, kaffi og kaker som Rita og Øystein selde gjennom luka i kjøkkenveggen.  Oppå den varme vedomnen stod dei ei stor gryte med lapskaus.

Det er ikkje oppvaskmaskin på Vikestølen.  Men med papptallerkenar og drikkebeger så var det nok med ein søppelsekk for avfallet.  På langbordet i stova var det lagt ein haug med flotte ting som skulle loddast ut.  Det var alt seld mange lodd i bygdene Vikebygd og Bjoa, og hadde ein ikkje nådd borti loddboka før, så vart det ei råd inne i stølshytta.  Idrettslaga i dei to bygdene har sett ned ei nemnd med tre personar frå kvar.  Frå Bjoa er dette Jarle Sandsgård (leiar), Rita Bjørnø og Nils Terje Oma.  Frå Vikebygd er det Ola Harald Alna og Anna Langhelle.

- Me har totalt fått inn 18.000 kroner på lodd- og matsal, fortel Ola Harald Alna.  - Etter at utgiftene er dekka vil vi ha 14 - 15.000 netto til drift og vedlikehald av hytta.  Han var ikkje heilt nøgd med frammøtet, men vêret kan vi ikkje gjera noko med.  I grunnen er det sant som det er sagt:  "Det finnes ikkje dårleg vêr, berre dårlege klêr." Det var truleg mottoet til dei 60 som, trass i regn, ikledde seg regntøy og la ut på turen.  Dei minste kom i beremeis. Andre born gjekk på eigne bein.  Familiar og endå til folk som lukta på pensjonsalderen tok ut.  Det var fantastisk flott og lett å gå oppover skogsveiene.  Temperaturen var akkurat passeleg og mellom byene letta det opp.  Jo, det var ein flott og vellukka dag - for oss som la i veg.

Meisterskap i hesteskokast
Øystein Sandsgård oppnådde heile 34 poeng i hesteskomeisterskapenUnderteikna måtte, til likes med dei andre mannfolka som prøvde hesteskokast, sjå seg slegen av Øystein Sandsgård som sigra med heile 34 poeng.  I dei andre klassane vann Elisabeth Lunde (10 poeng), Mathilde Alne (11 poeng) og Andreas Lunde (24 poeng).

Mellom dei som gjennom året har lagt turen innom Vikestølen og skreve seg i gratis loddbok og gjestebok, vart det trekt ut ein ryggsekk til Anna Steinsland og kikkert til Kjartan Innbjo.

Diploma som deltakarane fekk var i år teikna av Andreas Lunde, 5. kl. Bjoa skule.

 

 
 
 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Vikestølsmarsjen
Trimpark i sentrum
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg