Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Vikebygd kyrkje

Sida er sist endra 11. aug. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Ljosgloben i kyrkja
Smeden besøkte kyrkja
av: Steinar Skartland 11. aug 2013
 

Det var ikkje lett oppgåve han tok på seg då han sette i gong å laga ljosglobe til Vikebygd kyrkje.  Den skulle formast slik at den mest mogeleg var like smijarnet som pryda ljose-krunene og langs talarstolen.  Langs midten (ekvator) er ein dobbel sirkel hjarter og krossar forma og påsette.  Mellom desse sirklane går eit sikk-sakk band i støypejarn.  Kvar del måtte lagast til for seg i bitar på 8-10 cm og formast i bølger.  Etterpå vart dei sveiste saman i si endelege form.  Slipte og pussa slik at sveisane ikkje synest.  Oppgåva tok fleire år før globen endeleg kunne pryda kyrkja våren 2012. I Gudstenesta 11. august i år var første gong smeden, Paul Magne Storebø frå Stord, hadde høve til sjølv å vera til stades og sjå globen i bruk.


Paul Magne Storebø ved sida av ljosgloben.

Paul Magne har laga mange ljosglobar etter kvart, heile 9 skal det vera i tillegg til ljosestakar og anne av smijern.  Men det han er mest kjend for er som knivsmed.  Han er fast på Etnemarknaden og andre arrangement, der han stiller ut prydknivar som m.a. kan gå inn som del av bunadspryd. 

Kyrkjekaffi i VikebygdEtter Gudstenesta denne søndagen samla kyrkjelyden seg til kyrkjekaffi på kyrkjebakken.  Dei skulle eigentleg ha vore samla til friluftsgudsteneste ute, men regn gjorde at gudstenesta vart flytta inn i den flotte og nyleg oppussa kyrkja.  Den nye soknepresten, Jon Ådnøy er godt likt og talar på ein folkeleg måte


Omlag 50 fann vegen til gudstenesta

 
 

Kyrkja ikkje lengre synleg frå fjorden
Fjorden er ikkje synleg lengre frå kyrkjebakken.
Då kyrkjene vart bygde var det viktig at dei skulle sjåast frå sjøen.  Eit landemerke eller om vi skal seia eit fyrtårn som viste veg.  Nå er trea og skogen så tettvaksen og høg på vestsida av kyrkja at ein korkje kan sjå fjorden frå kyrkja, eller kyrkja frå fjorden.  Mange har nemnt på at det er på tide at trea vert tynna ut her slik at den staselege kyrkja, som av og til blir omtala som 'katedralen i Vindafjord', atter kan verta synleg frå fjorden. 

I gamle dagar kom folk til kyrkje med båt langs fjorden eller over fjorden frå Vestre Vikebygd.  Presten kunne også koma sjøvegen og la til ved prestebryggja.  Etter at bilvegar er komne er det langs landevegen folk kjem når dei skal til kyrkje.  Ein reiser ikkje lengre over fjorden i det ærendet. Men mange nyttar fjorden til fritid og fiske.  Kyrkja ville vore eit flott syn når dei kom inn over vika. 


Ei flott båthamn, men kyrkja er ikkje lengre synleg for dei som kjem fjordalangs.

 

Kyrkja er gjort tilgjengeleg for fleire
Ved sida av trappa opp til kyrkjedøra er det komen ein solid rullestolinngang.  Ikkje berre for dei som brukar rullestol eller gåstol, men også dei som treng noko å stø seg til.  Eit solid Ny og solid rullestolinngong er ferdighandreil i plastbelagt jarn er på plass langs veggen.  Den skrå banen for rullestol er så flott laga langs bygget at folk uttaler at:
- Det ser ut som om han alltid har vore der.

Så vurderer også soknerådet om det kan la seg gjera å ta bort eit par benker bak slik at her kan bli plass til både ljosgloben og rullestolar. 

Det som ennå manglar er å få tilrettelagt eit handikapp toalett ved kyrkja. 

 

 
 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Roger
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg