Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Loppemarked til inntekt for Bygdahuset i Vikebygd

Sida er sist endra 13. juli 2013

 

Auksjonarius Gunn Vikingstad

LOPPEMARKED LAURDAG 
av Steinar Skartland 13.7.2013

"Loppis" var det skreve med store bokstavar på T-skjorter over vegen ved kyrkja. Laurdag 13. juli var det loppe-marked på Bryggjebakken ved båthamna i Vikebygd til inntekt for Bygdahuset. Her var noko for ein kvar smak.
 (Plakaten)

I tillegg til det styret i Bygdahuset hadde for sal så var det mange private som hadde bagasjeromsal, noko dei sjølve fekk inntektene for.

Trass i vekslande vêr mellom yr og opphald, så var det ein god del som tok turen til Bryggjebakken denne dagen.  Eit flott tiltak som både var sosialt, underhaldande og ga midlar til drifta av bygdehuset.  Det var sett opp fleire telt slik at loppene og kundane kunne vera tørre.   Klokka to var det auksjon der Gunn Vikingstad var auksjonarius og Jarle Årvik synte fram tinga som skulle seljast.  Litt trått med buda ei stund, men så kom det litt konkurranse mellom fleire om same ting.  Det fekk også opp underhaldningsfaktoren.  Då loppemarkedet skulle stengja var det ennå mykje useld.  Det fekk litt bein å gå på med posesal for kr 50,- pr pose.  Fritt val.

Geir får kaffi av Solveig Fredrik, Alida og Hellen sel lopper frå bilen Vivian Hauge  (klikk for stort bilde)
Solveig Hortman i Strandloppekaféen serverer kaffi til Geir Vårvik.  Her var nysteikte lappar, kaker, kaffi og lapskaus.  Saman med Ramona skapte ho både god mat og flott stemning i huset til båtlaget.   Fredrik, Alida og Hellen hadde loppesal i bagasjerommet.  Både ting dei ikkje hadde bruk for lengre, og forskjellig dei hadde laga sjølv.  Dei hadde tenkt at dei i alle fall skulle behalda halvparten av pengane sjølv.  Dei hadde fått seld masse.  M.a. ein kjempestor bamse som dei ville ha 50 kr for.   Vivian Hauge hadde samla saman alle leste bøker som ho hadde og selde desse frå bilen sin.  Ein del vart seld denne dagen, men mange måtte ho også ha med seg heim igjen.  Så kanhende det blir fleire loppisar?  Vivian var flytta til Vikebygd for eit år sidan og hadde fått seg hus i Naustvika

Per Dommarsnes

Heile styret i Bygdahuset var med på dugnad for loppemarkedet, men det var ikkje tvil om at primus motor og eldsjeler bak arrangementet var Gunn Vikingstad og Hanne Jorunn Helgeland.  Dei var svært nøgde med oppslutnaden desse to bygdekvinnene som veit å engasjera seg i både det eine og andre
som skjer lokalt.
 

Per Dommersnes hadde funne seg ein fin skulptur til å pynta med i stova

Gi bud på symaskin!  (Klikk for stort bilete)

Marlin D. Einarsen og Eva Dommersnes (klikk for stort bilete)

Ingrid Graue med ei mengd fine ting (klikk for stort bilete)

Jarle Årvik med ei gammal Singer symaskin som vart auksjonert bort.  Vigdis Veastad fekk tilslaget for kr 200. Dette skulle vera eit minne frå systova på Veastad, sa ho.  Då ho var ung hadde ho sydd fleire bukser på ei liknande symaskin som denne.  For sikkerheits skuld følgde det med ei oljekanne, men om mekanikken elles var i orden skal vera usagt.   Marlin D. Einarsen og Eva Dommersnes hadde tømd klesskåpa for ting dei ikkje lengre hadde bruk for.  Her var stort utval i klede og ikkje minst i sko.  Litt fekk dei selja. 
- Mest gjekk det av smykke til borna, kunne dei fortelja.
  Ingrid Graue hadde funne fram ei mengd med fine keramikkgjenstandar. Her var fat, skåler og fine koppar og kanner.  Men ho hadde også mange fine dokker, broderi og stoff.  Ingrid kunne fortelje at ho gjennom mange år hadde reist som kokke på anlegg der vegar og tunnelar vart bygde av Veidekke.  14 dager på og 14 dagar fri.  Ei tid også 12 - 9 skift. 
- Det var eit kjekt liv, særleg når slitne anleggs-arbeidarar kom til middag og ga ros for god mat, fortalde ho.
VISIT VIKEBYGDD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Kyrkja i Vikebygd

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 
 
 
 
 

STRANDLOPPER
på Bryggjebakken i Vikebygd
Laurdag 13. juli kl 11:00-15:00

Førehandsinformasjonen på Vikebygd.org:


Fredagskvelden var det mottak av lopper og aktivitet med å montere opp store telt.  Dei satsar på sol og fint vêr, men om det skulle bli nokre regndropar så er det tak over hovudet også på Bryggjebakken i Vikebygd laurdag.  Her opnar loppemarkedet klokka 11:00.

LOPPEMARKED LAURDAG 
Laurdag 13. juli: Loppemarked på Bryggjebakken ved båthamna i Vikebygd til inntekt for Bygdahuset.

Dei som hadde lopper dei ville bli kvitt kunne levera desse på Bryggjebakken fredag 12.7., klokka 17:00 - 19:00. 
Sjå plakaten her.

- Dei som har lopper å gi kan levere dei på Bryggebakken fredag 12.07.13. mellom klokka 17 og 19, fortel Gunn Vikingstad. - Då er me på plass og tar imot - og håpar at mange kjem!

Inntektene går til oppussing av Bygdahuset.
- Me har fått inn ein del lopper allereie frå folk som ikkje er heime på laurdag og satsar slik sett på at det er ein god start! fortel Gunn og legg til: -I tillegg til lopper vil me gjerne ha parkeringsplassen full av bilar som har bagasjeromsalg! Me veit at det kjem nokre bilar, men plassen er stor og me oppfordrar alle som har "litt lyst" til å ta Bryggjebakkensjangsen og prøve det ut! Tenk kor stilig det kan bli! Inntektene av salet går til seljaren.

Strandloppekafé
Strandloppene opnar kl 11 på laurdag og salet vert avslutta kl 15. Det blir og "Strandloppekafé" med lapskaus, kake, nystekte lappar og kaffi. Veret blir sjølvsagt bra (... ) og alt ligg til rette for ein fin dag på Bryggebakken! 
Sjå plakaten her.

 

 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Loppis for Bygdahuset
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland</.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg