Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

I hagen hos Per Dommersnes

Sida er sist endra 15. juni 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Velstelte hagar i Vikebygd
Førsteinntrykket - når ein kjem til Vikebygd
Steinar S. 15. juni 13

Førsteinntrykket er viktigast, høyrer ein ofte. Det første ein møter når vegfarande kjem til sentrum av Vikebygd, er haus og gardar på Dommersnes. Ein legg lett merke til ein stor hage med velstelt plen, fleire Rododendronar som blømer i juni.  Og ser ein nærare etter så er her også fleire skulpturar av dyr som passar hagen.


Velstelt hage ved inngangen til Vikebygd.

Her ligg hagen og huset til Per Dommersnes.  Sjølv om han er i sitt 85. år så har han både interesse og helse til å jobbe med hagen.  Ein stor plen som tek si tid å få klypt.  Han likar å gå bak grasklypparen og held seg i form med hagearbeidet.

Per Dommersnes
Per er oftast eit stort smil og spreier glede til folk i alle aldrar.  Her er han ved ein av dei store rododendronar som veks i hagen hans. Store og fargerike med ulike kulørar på blomane. Rosa, lilla, kvite står dei og lyser i hagen til Per.

- Eg har fleire batterier med rakettar klar, fortel Per.  Han førebur 85-års dagen som han skal feire i desember. Då skal det smelle skikkeleg. Bak seg har Per ei lang yrkeskarriere i Televerket. 

- Eg tok til i Televerket i 1946. Så arbeidde eg der til eg vart pensjonist, ler han og viser fram medalje og diplom med takk for lang teneste.  På veggen heng også innramma diplom frå LO, der han hadde sitt medlemsskap i eit langt yrkesliv.  Han har ikkje høgdeskrekk, telemontøren som var van med stolpesko og høge stolpar.  På veggen heng mange bilete av Per frå arbeid i Televerket, men også av mange familiemedlemmer som han set stor pris på. På mange av bilete er også Per med, som oftast med eit stort og varmt smil.

Inn for landing - klikk for stort bilete

Nede ved vegen er ei einsleg humle i aktivitet. Bier og humlar likar seg nå når dei kan samla nektar frå plantene, men dei er få i år etter ein hard vinter.  Ho får det travelt med alle dei blømande Rododendronane hos Per. 

Rundt omkring i hagen finn eg fleire dyrefigurar. Dei pyntar opp.

 


Huset til Per er fint og velstelt.  Varmepumpe syter for å halda god og stabil varme i dette huset som truleg er frå før 1900.  Per overtok huset i vaksen alder og syner biletet av eit hus som tidlegare låg litt ovanfor dette huset.  Der er han fødd.  Men det var vanskeleg for faren å kunna skaffa inntekt til å fø heile familien, så Per vaks opp hjå ein familie på Koløyholmen på Fitjar.  Slik var det nok for mange i dei tronge åra før krigen, med krise i verdsøkonomien.

Per viser fram den store CD samlinga si.  Musikk er hans store interesse og noko han ofte lyttar til.  I det siste har nok helsa blitt dårlegare.  Før sykla han mykje når han skulle nokon stad, eller på butikken.  Etter å ha fått tre anfall og falle av sykkelen, har han måtta slutta med det. Når det skjedde fekk han god hjelp av andre i bygda.  - Rolf på butikken måtte hjelpa han ein gong, nemner han og er takknemleg for hjelpa. 

Men Per er ikkje rådlaus.  Han viser stolt fram brosjyre og bilete av den nye sykkelen han har tinga frå ei bedrift lenger nord på Vestlandet.  Den har to hjul bak og eitt framme.  Skulle noko skje når han syklar vil han ikkje kvelva med den.  Slik skal han nok koma seg til butikken også i  framtida.  Kjekt med ein tur innom drøsestova der.


Les også om då Per feira 85-års dagen 9. desember 2013

 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Jubilanten Per Dommersnes
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg