Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Vikevegen treng utbetring nå

Sida er sist endra 15. juni 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Følg på Twitter i 2013 - klikk her


Grendautvalet ber om utbetringar på Vikevegen nå
av Steinar Skartland 5.5.13

Det har i mange år vore ynskje om både ny veg frå Vikebygd til Isvik og til utbetringar av den eksisterande vegen.  M.a. har det vore arbeida for ny veg forbi Vossaplasset.  Mens tida går aukar både personbiltrafikken og tungtransporten på denne vegen.  Industrifeltet på Dommarsnes ligg godt til rette for å etablera fleire arbeidsplassar, m.a. då det her er stor djupvasskai.  Men det strandar ofte på fylkesvegen som bitt bygda saman med europaveg E-134. 

Nå har Grendautvalet i Vikebygd laga ei utgreiing og peikar særleg på fem område på denne vegen som dei ber om utbetring på.  Dette er:

  • Ei stor steinblokk ved Domamrsnes
  • Bergvegg ved Skjeljavika som stikk ut mot vegen
  • Bergnabbar som gjer vegen smal sør for Skjeljavika
  • Trong for autovern frå møteplassen ved Ulvebne og fram til brua før Tønnes Tønnesen sin eigedom.

Som strakstiltak ber Grendautvalet om at nabbane blir sprengde bort og at det vert montert autovern.  Brevet er sendt til kommunen og vil i første gong verta handsama der, men då dette er ein fylkesveg er det Rogaland fylke og vegvesenet som har ansvaret for denne strekninga.  Kommunen kan årleg søkja om trafikksikringsmidlar frå fylket til lokale vegar. 

I samband med  utbygginga av veg og tunnel i Skjold vert det elles arbeida med planlegging for å nytta overskottsmassar frå tunnelen til å byggja sykkel og gangsti frå Isvik til Trovågsfeltet.  Dette vil ikkje medføra ny veg, men sykkelsti langs eksisterande veg.

Varaordføraren har i samband med dette brevet sendt grunngjeve spørsmål til ordføraren og bede om orientering i Formannskapsmøtet om korleis kommunen kan gripa fatt i dette for å få utbetra dei trafikkfarlege punkta langs denne fylkesvegen. 

 


Fylkesveg 743 - Vikevegen
"Noko av det  verste vi har i kommunen", sa ordførar
Steinar S. 5. juni 13

Grendautvalet vil ha vegutbetring nå
Nestleiar Frantz Lea i Vikebygd Grendautval sendte  brev og ei utgreiing om sikringstiltak som grendautvalet meiner bør gjerast for å sikra Vikevegen, inn til varaordføraren med bøn om at dette måtte vidareformidlast til rette instans.  Grendautvalet peika på 5 stader langs vegen frå Vikevik til Isvik som er ekstra farlege.  Sjølvsagt bør her gjerast ei større oppgradering og delvis omlegging av vegen, men dette ser ut til å bli langt fram i tid.  Difor ynskjer grendautvalet nokre strakstiltak. 

Vel vitande om at dette er ein fylkesveg, valde varaordførar å sende brevet vidare til både rådmann og ordførar i kommunen.  Samstundes vart det sendt inne eit såkalla grunngjeve spørsmål til ordføraren med oppfordring til å svara i Formannskapet, noko som også vart gjort. Ordførar ga eit grundig, munnleg svar i møtet den 28. mai.  Men svaret var ikkje varaordførar nøgd med og forventar ei litt meir offensiv haldning frå kommunen overfor vegeigar, Rogaland Fylkeskommune. 

Ordførar svara m.a.:
Fondsmidlar:  Der berre eit fond i tilknyting til Industriområdet. Dette er øyremerka oppgradering av industriområdet og er nå på om lag 985.000 kroner.  Andre fondsmidlar kjende ikkje kommunen til. 

Grendautvalet skal ha fått lovnad om midlar frå Vindafjord arbeidsgjevarforum (VAF) til delfinansiering av Vossaplass svingane.  Her er utfordringa at kommunen la ned fleire hundre tusen kroner i planleggingsmidlar for prosjektet. Så har det ikkje vore mogeleg å få alle grunneigarane med på frivillig grunnavståing (Les her).  Nå er det gått over 10 år og dermed er desse planane ugyldige og midlane bortkasta.  Utan at grunneigarane vert samde om å frigi grunn til vegen ser det mørkt ut for det prosjektet.

Prioriteringsliste frå Fylket
I fylket fins ein plan for utbetring av fylkesvegar.  Denne vart laga i 2009, gjeldande for 2010-2019.  Vegvesenet sende i november i fjor ut eit brev til kommunen og bad om innspel på prioriteringslista for å revidere/rullere planen.  Dette vart svara på frå administrasjonen, utan at prioriteringslista vart lagt fram for politisk handsaming. På lista står utbetring av Vikevegen på 11. plass. Når ein ser kva som er på 1-10. plass, så blir dette langt inn i framtida.

Noko av det dårlegaste vi har
Ordførar uttalte i møtet at - Vikevegen er den dårlegaste fylkesvegen vi har i kommunen,
trass i høgt ÅDT
."  Men han kunne likevel ikkje lova noko som helst, og meinte varaordførar sjølv måtte ta dette opp med sine partifellar i fylket.  Underteikna har både i og etter møtet gitt uttrykk for å ikkje var nøgd med det svaret.  Dersom denne vegen og industrifeltet er like viktige for kommunen som det vert sagt i ulike samanhengar, så bør kommunen øva eit sterkare press på fylket for å få gjort noko her.  Det bør ikkje vera einskildpersonar i bygda som skal kjempa denne kampen åleine, men kommunen som lokal mynde og ordførar som øvste leiar her må ta ballen overfor vegstyresmaktene i fylket. Eg oppfordra ordførar om å vidaresenda brevet frå Grendautvalet til samferdselsutvalet i fylket.

Ordørar lova i alle fall å ha denne vegen oppe på dagsordenen i dei samanhengar der dette er naturleg, og øva press der han kan. Men er det nok?

Prioriteringslista for fylkesvegar.
Kommunen laga administrativt ei prioriteringsliste for handlingsplan for 2014-2017 og sende denne inn i januar 2013. Her er Vikevegen på 11. plass.
1. Eiodalen
2. Kai Sandeid
3. Sykkel og Gangsti
4. Toranesvegen
......
11. Generell oppgradering av FV 743 (Vikevegen)

Det ser ikkje ut som om denne prioriteringslista har vore til politisk handsaming etter 2009, noko varaordførar stiller seg undrande til og vil ta opp dette spørsmålet vidare.
Les heile prioriteringslista

Les meir her 


Fylkesveg 743 - Vikevegen
"Noko av det verste vi har i kommunen" - sa ordføraren
Steinar S. 5. juni 13

Grendautvalet vil ha vegutbetring nå
Nestleiar Frantz Lea i Vikebygd Grendautval laga og sende  brev og ei utgreiing om sikringstiltak som bør gjerast for å sikra Vikevegen. Dei peika på 5 stader langs vegen frå Vikevik til Isvik som er ekstra farlege.  Grendautvalet ynskjer nokre strakstiltak på fylkesvegen. Varaordførar fekk teke dette opp i Formannskapet og oppfordra ordførar om initiativ frå kommunen.  Men svaret var ikkje varaordførar nøgd med og forventar ei litt meir offensiv haldning overfor vegeigar, Rogaland Fylkeskommune. 

Les meir om saka og ordførar sitt svar, her.
Vegvesenet sende i november 2012 eit brev til kommunen og bad om innspel på prioriteringslista for å revidere/rullere plan for utbetring av fylkesvegar.  Dette vart svara på administrativt, utan politisk handsaming.  Her er Vikevegen på 11. plass og langt ut i tid.

Plan for utbetring av Vossaplass svingane er forelda på grunn av manglande vilje til grunnavståing, seier ordføraren.  Utan at grunneigarane vert samde om å frigi grunn til vegen ser det mørkt ut for det prosjektet, (Les her) som nå må gjennom ny planlegging dersom noko skal kunna gjerast her.   

 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Nasjonaldagen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org