Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Litt frå Vikebygd Idrettslag

Sida er sist endra 28. april 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
ee

Følg på Twitter i 2013 - klikk her



av Steinar Skartland 28.4.13

Born og vaksne som strøymde til Vikebygd laurdag 27. april fekk ei flott oppleving.  Sjølv om våren har lete venta på seg og ein så vidt kunne skifta grønskjeret i matta på fotballbanen, så slo i alle fall vêret til denne dagen.  Sola frå blå himmel fekk opp temperaturen i kroppane og smila fram på store og små. 

 

Fotballturnering:
Dato:  27. april 2013
Deltakarar:  gutar/jenter
Frå: Indre Haugalandet ++
Alder:  6-12 år
Lag som deltok: 74
Deltakarar:  ca  6-700 born
Kampar:  115
Arr.:  Vikebygd Idrettslag
Fotballgruppa
 

Full innsats av deltakarane på Vikeputten
Heile 74 fotballag deltok på dette årlege arrangementet på idrettsplassen i Vikebygd.
Vikebygd jente-12 stilte med to lag, så Vikebygd hadde 8 lag med på Vikeputten.

Idrettsbanen var delt inn i ei rekkje med små banar, alle med sine fotballmål, slik at fleire kampar kunne gå samstundes. Det regna ein del dagane før arrangementet, og veksten var ikkje komen i gong på grasmatta. Likevel tørka det opp så mykje den siste dagen at banen gjekk greitt å spela på.  To av banane var nok litt blaute, og etter som dei 1200 fotballskoa til spelarane trakka der undr kampane, vart det litt sørpete. 

Dugnadsfolk i arbeid under VikeputtenEit slikt arrangement krev mange dugnadsfolk, både som dommarar, arrangørar/sekretariat og sjølvsagt i kafé og pølsebod (omlag 80 vaksne).  I tillegg til folk i bygda som kom for å sjå kampane, så hadde sjølvsagt kvar spelar med seg fleire familiemedlemmer.  Kor mange som var innom idrettsplassen er ikkje enkelt å fastslå, men var det i gjennomsnitt 2 vaksne for kvar spelar, så har det totalt vore 1500-2000 personar her, og kanskje fleire?

Arrangementet gjekk veldig bra og utan alvorlige skader. Nokre blåmerker her og der må ein rekna med i ein slik aktivitet der smil og glede er dei mest synlege teikna i tillegg til sveitte born som er ferdige med sine kampar.

Når eit lag hadde spelt sine kampar, var det tid for fotografering. Alle fekk diplomar med bilete av laget som eit minne frå Vikeputten 2013.

Her laga frå Vikebygd oppstilt.  Vikebygd jente-12 stilte med to lag, så Vikebygd hadde 8 lag med på Vikeputten.
Vikebygd Gutelag 11 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd G 11
Vikebygd Gutelag 12 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd G 12
Vikebygd Gute-Jente lag 7 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd G-J 7
Vikebygd Gute-Jente lag 8 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd G-J 8
Vikebygd Jentelag 10 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd J 10
Vikebygd Jentelag 12 år - klikk her for stort bilde
Vikebygd J 12
Sjå fleire bilete i fotoalbumet her Vikebygd Jenter 9 år.  Klikk her for stort bilde.
Vikebygd J 9


Den lokale Joker butikken ein viktig sponsor

Joker logoen viste godt igjen på banen der dei unge fotballspelarane boltra seg.
Les meir her
 

Joker butikken spanderte fotballdrakter
Foto: Marielle Legøy Årvik.  Fotballjentene mottar nye drakter.

23 mars feira Rolf Alne oppussinga av butikken med å overrekke 16 nye drakter til dei to jente-laga som driv med fotball i Vikebygd.

Les meir her

 

Idrettslaget arrangerer

Foto frå 2012fotballturnering for gutar og jenter 6-12 år,
Laurdag 27. april 2013, Kl. 09:30 – Kl. 16:30
på idrettsplassen i Vikebygd. 

I år er 71 lag påmeldt og desse skal spela 106 kampar denne laurdagen.  Dei fleste laga er frå indre Hauglandet, men også utover dette.

Gratis inngang for dei som vil sjå kampane!

Last ned plakaten her

Sjå også bileta frå 2012 her


Ny overtrekksdrakt for fotballgruppaTore Espeland, Vikebygd IL:
Fotballgruppa kjøper inn overtrekksdrakter

Vikebygd IL vil kjøpe inn overtrekksdrakter til klubben. Dei kjøper inn etter bestilling, og bestillingslister vil bli lagt ut på klubbhuset.  Det vil bli mulig å prøve og å bestille draktene etter treningane i veke 16:
Mandag kl 18:45 – 19:15
Tirsdag kl 19:00 – 19:30
Onsdag kl 19:00 – 19:30
Torsdag kl 18:45 – 19:15
Les meir om dette her 
12.4.2013 

 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Nasjonaldagen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org