Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Plassanaust eller pakkhus på dampskipskaien

Sida er sist endra 10. mai 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Følg på Twitter i 2013 - klikk her


Naustet nedanfor Plasset
Eit gamalt pakkhus frå dampskipskaien
av Steinar Skartland /Per Vik 10.5.13

Etter at vi skreiv om rivinga av Plassanaustet har vi fått korrigerande opplysningar frå Per Vik, som kan fortelje:
 
-
Plassanaustet (båtnaustet) vart brunne opp med tillatelse frå brannvesenet for 15-20 år sidan. Naustet stod der det nå er båtopptrekk.
Bygget som nå vert rive er eit gamalt sjøhus som tidlegare (før stormen i 1952) vart brukt som pakkhus i samband med dampskipskaien. Sjøhuset hadde då ein ekstra etasje og var utstyrt med vinde og vindehus. På 1960-talet vart sjøhuset reparert og samstundes redusert med ein etasje. I dei gode sildeåra vart bygget også i periodar brukt til tønnebøkring og sildesalting.  Bygget er altså ikkje eit naust, men eit SJØHUS.

Vi takkar for denne informasjonen og oppfordrar også andre i bygda som har informasjon om historiske hendingar eller bygningar i Vikebygd, om å skriva inn til vikebygd.org.  Bruk gjerne e-post:  tips@vikebygd.org  


Eit gamalt landemerke er borte
Plassanaustet vart reve

av Steinar Skartland 13.4.13
 

Fredag og laurdag (12.-13. april 2013) var folk og traktorar i arbeid på den gamle bryggja nedfor Plassabakeriet i Vikebygd.  Bjørn Vik hadde med seg arbeidsfolk som først fjerna taket på naustet og etterpå reiv ned sjølve naustet.

Bjørn Vik kvittar seg med det gamle naustet på plassakaien og vil setja opp eit nytt, like stort som det opphavelege.
At naustet er gamalt, er sikkert.  Det viser på foto frå eldre tid i Vikebygd, og tømra i den nederste etasjen ber preg av høg alder.  Bjørn Vik kjende ikkje til årstalet naustet var sett opp.  - Men i 1952 var det eit voldsomt uvêr som øydela naustet, kunne han fortelja. 
-Den øverste etasjen vart den gong borte og det vart bygd nytt tak. 

Nå er planane å byggja eit nytt og liknande naust på denne plassen, omlag slik naustet ein gong var, i to etasjar.  Bjørn Vik vil koma i gong med det så snart som mogeleg og har fått byggjeløyve.  Men det vil nok ta si tid og vil ikkje vera klart til fiskefestivalen.
- Vi får heller finna eit telt som Pøyken kan sitja inni med trekkspelet då, seier Bjørn.

Ei rad med vassklossett som stod inne i naustet har nå litt sett ute på kaien.
På kaien utanfor står ei rekkje med vassklosett. - Eg tenkte ein gong å montera desse i ein gammal lastebiltilhengjar og nytta dei til toalettbygg på arrangement, fortel Bjørn.  -Men så fekk eg tak i den toaletthytta som står der nå, så då var det ikkje aktuelt lengre.  Nå går dei ei uviss skjebne i møte, men om nokon treng nytt vassklosett så får dei kontakta Bjørn Vik på Plassabakeriet.

 

Berre den gamle tømra stod att av Plassanaustet 4. mai

Nedanfor er vist korleis Plassanaustet såg ut i juli 2011, då Vikebygdfestivalen vart arrangert der.

 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Litt frå Idrettslaget
Plassanaustet
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org