Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Vikebygd Landhandel fornyar seg 

Sida er sist endra 23. mars 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 

Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Vikebygd laurdag 23. mars
Joker Rolf spanderte fotballdrakter
Tekst: Steinar Skartland      Foto:  Marielle Legøy Årvik   24.3.2013 

Foto: Marielle Legøy Årvik.  Klikk for stort bilde
Nye drakter til jente-fotballaga i Vikebygd.             Foto:  Marielle Legøy Årvik
Fotballjentene: Tina Larsen, Cassandra Erdal Hoel, Alida Frøvik Svendsbøe, Martine Larsen Jordal,
Mathilde Alne og Mira Emilie Bjordal.

Jentene med nye fotballdraktar.
Rolf feira dagen med å overrekke 16 nye drakter til dei to jentelaga som driv med fotball i Vikebygd.  Draktane var sponsa av Jokerkjeden og den lokale kjøpmannen, med halvparten på kvar.  Utanfor butikken spela korpset og bygdefolket strøymde på i det fine vêret.  Mange vart verande og ville ville ikkje gå heim.  Rolf er øvegidde over alle gode tilbakemeldingar og dei som har stilt opp for å hjelpa til.  -Då me hadde dugnad på å tømma butikken for å få skifta ut innreiinga var det 10-12 personar som stilte opp på dugnad i tillegg til dei tilsette, fortel han. -Det tok under 3 timar så var alt ute.  Det er tydeleg at bygda set pris på den muntre kjøpmannen sin.

Foto: Marielle Legøy Årvik.  Klikk for stort bilde.
Kirsten Erdal mottar nye fotballdrakter frå Rolf Alne.               Foto:  Marielle Legøy Årvik
 
Foto: Marielle Legøy Årvik.  Klikk for stort bilde.  Foto: Marielle Legøy Årvik.  Klikk for stort bilde.

Fornya butikk
Inne er butikken fornya.  Det er romslegare ved kassen og den nye inngangen.  Mellom reolane er det også teke omsyn til at rullestolar skal kunna koma fram.  Universal utforming har vore grunnleggjande i prosjektet som har fått automatiske glasdører og inngang tilrettelagt rørslehemma.

Halvparten av reolane er skifta ut og i tillegg er frukt og grøntkjølane nye.  Sjølv om leverandørane Bama og Norgesgruppen sponsar kjølane må han dekka ein god del sjølv.  Butikken er godkjent 'Merkurbutikk' som gjer at han har fått støtte av statlege midlar til fornyinga.  -Totalt har dette kosta 450.000 kroner, men merkurprosjektet dekker halvparten, ca 178.000 + moms.  Dette er andre gongen at Vikebygd Landhandel får merkurstøtte.  Kjøpmannen har fått god hjelp av merkurkonsulenten, Lars Helgesen, for å få prosjektet godkjent.  -Ein kveld heldt eg på til klokka tolv med å bone golvet, så nå skine det, fortel Rolf, som har lagt ned mange timar i prosjektet.

Lokalt brødsortement
-Vareutvalet i hyllene blir bestemt av Joker Kjøpmannshuset, fortel Rolf, -men brødutvalet er lokalt frå bakaren i Skjold. Det er det folket likar best.  Elles er det likt i Joker butikkane over heile landet og annonserer dei same tilbod 

Trenar to gonger i veka.
Treningsrommet i kjellaren er mykje nytta.  -Det er 42-45 personar kvar veke som trenar fast, fortel Rolf.  Sjølv er han der ein time kvar måndag og torsdag. Dei yngste er 14 år og oppover til 60. Dei yngste må ha med seg ein over 16 år for å få lov.

 

Vikebygd laurdag 23. mars
Nyopning av butikken med korpsmusikk

Tekst: Steinar Skartland.  23.3.2013

Skule- og ungdomskorpset. Foto Fredrik Kvinnesland
Korpsmusikk ved nyopning av Jokerbutikken i Vikebygd.           Foto: Fredrik Kvinnesland
 
Jokerbutikken i Vikebygd vart fornya for ei veke sidan, og Rolf Alne kunne ynskja kundane velkomne til nyopning alt 13. mars klokka 15:00. Korpset hadde planlagt å ha den årlege basaren sin utanfor butikken på laurdag før Palmesundag. Dette såg Rolf som eit godt høve til å laga ekstra festivitas og opning med korpsmusikk og påskegjester.
 
Les meir på Aktuelt Haugalandet nå.


Vi har eit flott musikkorps i bygda i Vikebygd. Foto: Fredrik Kvinnesland
 
"Jammen er vi gode ;)" Vikebygd skule og ungdomskorps.  

Vikebygd Landhandel
Fornyar butikken innvendig

av Steinar Skartland 16.3.2013


Rolf Alne saman med kollegaen Solveig Rønstad ved den nye kassen.

Ein stolt kjøpmann viser fram butikken som fekk ny innreiing i løpet av to dagar. Onsdag 13. mars klokka 15:00 kunne han opna opp for kundane med alt på plass.

 - Kundane har vore tolmodige med meg, seier Rolf som måtte stengja daglegvare butikken i to dagar.  Leverandørane stilte opp med folk som demonterte, bar ut og rigga opp nye reolar i heile butikken. - Eg koka ein stor kjel med betasuppa til dei, og den gjekk med, smiler Rolf.  På laurdag gjekk praten som vanleg med bygdefolk og kjøpmann inne på drøsestova der han serverte kaffi og kake. Både bydefolk og hyttefolket set stor pris på Klikk her for stort bilde innefrå butikkenbutikken i bygda og mange nyttar den sjølv om dei dagleg køyrer forbi andre butikkar til og frå jobb eller på veg til hytta i helga.

Først bygde han nytt inngangsparti med automatiske dører. Nå har kassen fått ny plassering og slegen i saman med disken for Norsk Tipping.  Dette gjer det vesentleg romslegare når ein kjem inn og også meir tilgjengeleg for rullestolbrukarar.  Reolane inne er snudd om på og disk for grønt og frukt er komen like innanfor inngangen.  Men varene er dei same, om ein kanskje finn dei på litt andre stader enn før.  Nå planlegg Rolf opning i saman med korpset neste laurdag. 

Klikk for stort bildeI dag ventar folk å finna opne butikkar i ein større del av døgeret enn før.  Laurdagane har Rolf ope til klokka 16:00 og andre dagar til klokka 18:00.  Det blir lange dagar når han opnar klokka 08:00 alle dagar, men personalet byter på vaktene.  Ei stund vurderte han å selja butikken, men har i seinare tid fått med seg Roberta i tillegg til dei andre trufaste tilsette.  Ho er ein god kollega og avløysar så det kan bli litt meir fritid. 

Og i kjellaren - der er det treningsstudio som kundane kan få leiga seg inn på og koma i form.      Les meir om Joker

 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org