Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Ymse frå Vikebygd våren 2013

Sida er sist endra 16. mars 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Innhald:

 

Ein veg som treng fornying
Frå telehiv til telehiv på Vikevegen

8.3.2013 Steinar
 

Vikevegen - det er det nye namnet på fylkesvegen frå Utbjoa til Isvik.  Den er sterkt trafikkert både av personbilar på veg til arbeid, handel eller anna køyring, men også av ei stor mengd med tyngre køyretøy.  Her vert transportert varer til bygda, verksemder og industriområdet på nsport av grus og tømmer.  Underlaget er frå tidlegare tider då vegen vart laga av det ein fann av materialar lokalt.  Resultatet er at når tela et seg nedover i vegbanen, så ekspanderer dei tette massane.  Vegen kan løfte seg over 20 cm på det verste.  Ved stikkrenner og stader der det er grovare massar, held vegen seg meir stabil.  Derfor blir det reine berg- og dalbane på denne årstida.  Her må ein redusere farten etter forholda.

Telehiv i Vikebygd
Vikebuen vonar på ny veg - men det er ikkje noko som kjem over natta, ser det ut til.  Tunnelmassar frå vegprosjektet i Skjold vil bli nytta til å byggja sykkel og gangsti frå Isvik til Trovågsfeltet.  Men det er ikkje snakk om utbetring av vegen eller fornying av denne, får eg opplyst. Berre å byggja sykkel og gangsti på sida av den eksisterande vegen.

Men Vikebuen gir ikkje opp.  Dei vil ha veg så Vikebygd kan utviklast vidare.  Betre veg vil også auka sjangsane til å få nye etableringar av verksemder på Dommarsnes, eit opparbeida industrifelt med djupvasskai.  Ny veg forbi Vossaplasset er eit anna mål.  Stoppa fordi ein ikkje vert samd med alle grunneigarane. 

Vi har industrifelt, stort bustadfelt med ledige tomter, skule og barnehage, butikk, kafe, flott båthamn og fiskerik fjord.  Men treng ein betre fylkesveg, som m.a. er dagleg skuleveg for ungdommane som skal til ungdomsskulen i Skjold. 

Høyringsutkast:
Nye lokale vegnamn i Vindafjord


Utval drift, utvikling og kultur (DUK) legg forslag til høyringsutkast for namnsetjing av kommunale og private vegar i Vindafjord kommune, slik det framgår i saka, ut til ettersyn i 4 veker.  Saksdokumenta kan sjåast på Teknisk bygg i Sandeid, Rådhuset i Ølen og på kommunen si heimeside www.vindafjord.kommune.no

Fylkesvegen frå Utbjoa gjennom Vikebygd og til Isvik skal heitte: Vikevegen.  Sjå planlagde vegnamn på kommunevegane på kart over Isvik-Vikebygd-Bjoa-Ølensvåg

Kommunevegane i Vikebygd er føreslegne å heitte:
Gangstøvegen; Årvikvegen; Kvamsvegen; Alnavegen; Naustvikvegen; Sjurahagen; (Vegen opp i Liofelta har ikkje namne forslag ennå); Plassavegen; Dommersnesvegen; Kolthaugvegen; Skjeljavikvegen; Ulvebneneset; Svensbøvegen; Bjordalsvegen; Krekavegen; Trovågvegen; Søljevegen og Klovaberget (På Trovågfeltet).  Les meir her
 


Solhelg inviterte til fjellturar

av Steinar Skartland 10.3.2013


Flott dag på Vikestølen i strålande sol og med mange turgåarar frå både Vikebygd og Bjoa.

Også innehavarane av nutastavane var her denne søndagen og lurer du på kven det er, så kan du sjå oversikt over dei som vart premierte på speidarfesten, HER.

Etterlysning
Ungdomslaget sine protokollar

(23.2.2013 Steinar Skartland)

I tidlegare tider var det eit aktivt ungdomslag i Vikebygd.  Dei skreiv jamt og trutt ned i protokollar frå arbeidet og bygda.  Historiske perler, kan dette vera.  Men kor har det vorte av desse bøkene??

Dominikus Bjordal har undersøkt med fleire om dei kjenner til kor bøkene er lagra eller har teke vegen, men ingen kan gje eit fullgodt svar.  Nå rettar vis spørsmålet til deg som les dette:  Kjenner nokon til kor protokollane har teke vegen?

Kontakt vikebygd.org om du har informasjon om ungdomslaget sine handskrivne protokollar frå "gamle dagar."  E-mail
Steinar Skartland

 

Nye drakter til idrettslaget
av Steinar Skartland 25.2.2013
Fotballgruppa har behov for nye overtrekksdrakter og orienteringsgruppa har behov for drakter eigna for løping, skriv idrettslaget på web sida si. Styret i idrettslaget har ytra ynskje om at ein finn fram til drakter som gir ei einsarta profilering av idrettslaget så langt dette er mulig. På årsmøtet vil gruppeleiarane informere om status og presentere aktuelle drakttypar.

På årsmøtet i 2012 kom det forslag om å etablere et anleggsfond som ein tenkjer å nytta til tyngre investeringar innan vedlikehald og anleggsutvikling i framtida. Styret sitt forslag er at ein ved større inntektsbringande arrangement med overskott på meir enn 10.000 kroner overfører 20% av det totale overskottet til anleggsfondet. Etablering av anleggsfond vert nå sak på årsmøtet i februar, skriv idrettslaget.

Dette er på sakskartet til idrettslaget sitt årsmøte 25. februar.  Les her.
 

Statistikken seier: 

I 2013 var Vikebygd kyrkje ei av dei mest besøkte og med eit gjennomsnitt på 80 på alle gudstenester i året.   Les meir her

 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Nyopning av Landhandelen
Fasteaksjonen
Nye drakter til VIL
Ny sokneprest og årsmøte
Butikken fornyar seg
Graut og basar på bedehuset
4H Storkurs i Skjold Arena
Vikebygd i mars
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org