Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Mot vår i Vikebygd

Sida er sist endra 1. mars 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Songsvanene er igjen observerte i Vikebygd
(23.2.2013)
For nokre år sidan var det ein stor flokk songsvaner som hadde tilhald i Vikebygd gjennom vinteren.  Flokken minka og dei siste åra har berre nokre få vald Vikebygd som vinterheim.  Fire av dei fann vegen til Lisstjern ved Skartland denne helga.

  

Fullmåne over Vikebygd
måndag 25. februar.

Vanleg oppfatning er at endringar i vêret skjer ved fullmåne eller nymåne, og at vêret fylgjer desse syklusane. Men for dei som stoler meir på vitenskapen så kan du få lokal vêrmelding frå yr.no, HER 
Vikebuen sin aktivitetsplan for 2013
 
Klikk logoen for å sjå datoane

Datoar for

Strikkekafè
for 2013

   Klikk på logoen for å sjå datoane

Møteplan
Vikebuen 2013

Bygdahuset
kl 20:00

Klikk på logoen for å sjå planen   Klikk på logoen for å sjå planen
Fantastisk høgt nivå på
UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING I VINDAFJORD
av Steinar Skartland 2.2.2013

Vegard Skartland syng med Arne Tveit på el.pianoVegard Skartland på scenen under Ungdommens Kulturmønstring 1. februar.

Vindafjord si framtid stod på Scenen i Ølen kulturhus.  Og dette ser ut til å vera ei lysande framtid, særskilt innan musikk, kunst og kultur.  Dei var unge, men kvalitetsnivået var høgt på det dei framførte. Her ligg mange timar med både øving og god rettleiing bak slike presta-sjonar.  Her var det bikkje berre framføring av song og musikk, men ei innleving og kontroll over røyster og tonar som imponerte.

Vegard Skartland var ein av dei som verkeleg gjorde inntrykk på den fullsette salen i kulturhuset.  Så er han ikkje uvant med publikum.  For ikkje lenge sidan stod han på scenen som vinnar av "Stjernå", musikk konkurransen som vart arrangert av Haugesunds Avis.    Les meir her

 

Årsmøte i Vikebygd Idrettslag
måndag 25. februar 2013, kl.20:00 på Klubbhuset
Saksliste til idrettslaget sitt årsmøte kan du nå lesa på idrettslaget sin heimeside.

Nye drakter til idrettslaget
av Steinar Skartland 25.2.2013
Fotballgruppa har behov for nye overtrekksdrakter og orienteringsgruppa har behov for drakter eigna for løping, skriv idrettslaget på web sida si. Styret i idrettslaget har ytra ynskje om at ein finn fram til drakter som gir ei einsarta profilering av idrettslaget så langt dette er mulig. På årsmøtet vil gruppeleiarane informere om status og presentere aktuelle drakttypar.

På årsmøtet i 2012 kom det forslag om å etablere et anleggsfond som ein tenkjer å nytta til tyngre investeringar innan vedlikehald og anleggsutvikling i framtida. Styret sitt forslag er at ein ved større inntektsbringande arrangement med overskott på meir enn 10.000 kroner overfører 20% av det totale overskottet til anleggsfondet. Etablering av anleggsfond var nå sak på årsmøtet i februar, skriv idrettslaget.

Dette var på sakskartet til idrettslaget sitt årsmøte 25. februar.

 

Lauritz Bjørnevik, leiar i Grendautvalet for VikebygdGrendautvalet organiserer dugnad
Ei opnare og lysare bygd

av Steinar Skartland 17.2.13 / foto: Bergfrid Kolltveit

Skog gror fort i Vikebygd.  Grendautvalet har teke initiativ til å hogge skog og kratt for å opna opp bygda.  Denne gongen er det langs gangstien frå Liofeltet og opp til skulen innsatsen er gjort.
Rydding av skog på dugnad i Vikebygd
Yngve Kolltveit var ein av dei som tok på hjelm og arbeidshanskar for å bli med på skogrydding.

Grendautvalet inviterte til dugnad på gangvegen frå den tidlegare brannstasjonen og opp til skulen.  - Første laurdagen var vi berre tre, men denne dagen møtte 6-7 opp til dugnaden, fortel Lauritz Bjørnevik.  Han er leiar i grendautvalet og ansvar for å leia arbeidet. 
- Vi skreiv brev til kommunen og fekk lov å hogga ned denne skogen som ligg på kommunal eigedom, seier han og viser til at dei var fleire som deltok med profesjonelt skogsarbeidarutstyr. 

Også langs området langs Vikeelva vart peika på som ein stad der det er trong for å opna opp då det sist vart halde ope møte.  Men til nå har ikkje Grendautvalet registrert særleg respons på det.  Likevel er det nok områder i bygda der det er hogge på privat initiativ, både på Veastad og i Kvamme.  Dette er positivt for korleis dei som reiser gjennom bygda opplever staden.   Les meir her

 

Kyrkjeleg omorganisering
av Steinar Skartland 8.2.2013

Eit utval med representantar frå alle sokneråda skal dette året jobba fram eit framlegg om strukturendringar mellom sokna.  Skal det framleis vera eit sokneråd ved kvar kyrkje, eller skal det vera felles sokneråd for fleire kyrkjer?  Dette spørsmålet skal i første omgang utgreiast lokalt før det vert teke stilling i saka om framtidig organisering og inndeling i sokn i Vindafjord. 

I 2013 var Vikebygd kyrkje ei av dei mest besøkte og med eit gjennomsnitt på 80 på alle gudstenester i året.

 

Høgmesse i Vikebygd kyrkje
Med ny liturgi og barnedåp
Steinar Skartland 17.2.2013
Søndag 17. februar var det vanleg høgmesse i kyrkja klokka 11:00.  Sokneprest Johannes Nedrelid hadde regien og talen.  Kjekt å sjå at rundt 50 hadde funne vegen til kyrkja denne søndagen der det også var to barnedåpar.

Litt uvant var det med einskilde ledd i liturgien, då ein nå nyttar ny ordning som vart vedteken i fjor haust.  Opptrykt program var til hjelp, men litt usikkert var det for ein og annan inni mellom. Særleg når ein ikkje hadde klokkaren å kikke på denne dagen.

Etter tekstlesinga syng nå kyrkjelyden "Hallelujaomkvede" frå salmeboka.  Men då organisten heiv seg direkte på tonen i same stund som presten avslutta lesinga, var det få som rakk å bla opp på rett side i salmeboka før ein var komen til siste linje i songen.  Gjennom mange år har det også vore nytta salmar frå tilleggsboka: "Salmar 97".  Synd at kyrkja har for få slike bøker. Det burde vore nok til alle. Likevel, det er det for seint å gjera noko med, for nå er snart ny salmebok klar.  Til hausten kan vi ta den i bruk.  Vonar soknerådet prioriterer høgt å få kjøpt inn desse flotte nye salmebøkene, og attpå til nok.  Eller kanskje ha salmane på veggen med kanon i staden? Då kan vi sjå opp mens vi syng, og songen blir endå meir jublande og frisk.  Ein forsongar ville så absolutt vera med på å gjera lovsongen meir jublande.

Kanskje eg verkar litt gretten i dag.  Det var jo ei flott gudsteneste.  Likevel kan eg ikkje la ver å nemna at lovsongar bør ha fart og liv i seg. Ein song som verkeleg bør ha fart og liv er: "Om eg er liten eller stor - så er det best for meg på jord."

Men når songane i stor grad går i moll og subbar avgarde i sakte tempo, sig vi litt ekstra saman i benkene.  Jo, det er faste tid nå. Men mi meining er at dei som ein gong komponerte musikken hadde mykje meir jubel og kraft i kroppen enn det kyrkjesongane av og til blir.  Her er så absolutt eit område kyrkja og kantorane både bør og må bli betre på, meiner nå eg.

Så går eg spent til gudsteneste neste gong og lurer på om det er noko nytt å finna, sjå og høyra.  Noko som gjer at unge menneske seier, Jess! I kyrkja i dag var det flott.  Opplevde kanskje litt av den stemninga på G17 gudstenesta i Skjold kyrkje.  Det var til og med ein heil del eldre som møtte til jubel og lovsong saman med den yngre garde.

 

Nyt naturen og vinteren
Flott skiføre i Vikefjella
av Roald Årvik 8.2.13


-Hermed ei oppmoding til Vikebuen at dei treng ikkje dra langt vekk for å oppleva snø og flotte forhold, dei er nærare enn ein skulle tru, fortel Roald Årvik som har prøvd skiføret oppover til Vikestølen.
-Det er berre å komma seg opp til Vikestølen, det er skiløype i frå Kleivane og vidare, eller køyr inn til Eikås og gå derifrå. Så går ein mot Vats og fylgjer spora mine så ender ein oppe ved Morgonsvatnet, som er på det eine bilete her:

 


Nyt naturen og vinteren
Mange på tur til Olalia i helga
av Steinar Skartland 10.2.13

Sol og flott føre på fjellet innover til Olalia
Vêret var strålande i fjellet denne helga. Med temperaturar rett under 0 gr og sol.
Frå parkeringsplassen på Opheim og frå Sandeid var det mange familiar med barn som valde fjellet og skia. Nå er det vinterferieveke, og mogeleg å få flotte opplevingar både i Vikefjella og elles i kommunen.
Olalia
Den velkjende hytta i Olalia er mest heilt nedreven nå. Berre den gamle tømra står att. Her skal koma eit nybygg i løpet av våren.  Ei ny sikringshytte er alt reist ovanfor huset.  Likevel benka folk seg i solveggen utanfor gamlebygget slik tradisjonen har vore i mange år.

Les også i Grannar

 

 

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.

 

Link til FOTOALBUM

 
 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd.Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org