Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Kyrkjer og gudstenester

Sida er sist endra 18. febr. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Høgmesse i Vikebygd kyrkje
Med ny liturgi og barnedåp
Steinar Skartland 17.2.2013
Søndag 17. februar var det vanleg høgmesse i kyrkja klokka 11:00.  Sokneprest Johannes Nedrelid hadde regien og talen.  Kjekt å sjå at rundt 50 hadde funne vegen til kyrkja denne søndagen der det også var to barnedåpar.

Litt uvant var det med einskilde ledd i liturgien, då ein nå nyttar ny ordning som vart vedteken i fjor haust.  Opptrykt program var til hjelp, men litt usikkert var det for ein og annan inni mellom. Særleg når ein ikkje hadde klokkaren å kikke på denne dagen.

Etter tekstlesinga syng nå kyrkjelyden "Hallelujaomkvede" frå salmeboka.  Men då organisten heiv seg direkte på tonen i same stund som presten avslutta lesinga, var det få som rakk å bla opp på rett side i salmeboka før ein var komen til siste linje i songen.  Gjennom mange år har det også vore nytta salmar frå tilleggsboka: "Salmar 97".  Synd at kyrkja har for få slike bøker. Det burde vore nok til alle. Likevel, det er det for seint å gjera noko med, for nå er snart ny salmebok klar.  Til hausten kan vi ta den i bruk.  Vonar soknerådet prioriterer høgt å få kjøpt inn desse flotte nye salmebøkene, og attpå til nok.  Eller kanskje ha salmane på veggen med kanon i staden? Då kan vi sjå opp mens vi syng, og songen blir endå meir jublande og frisk.  Ein forsongar ville så absolutt vera med på å gjera lovsongen meir jublande.

Kanskje eg verkar litt gretten i dag.  Det var jo ei flott gudsteneste.  Likevel kan eg ikkje la ver å nemna at lovsongar bør ha fart og liv i seg. Ein song som verkeleg bør ha fart og liv er: "Om eg er liten eller stor - så er det best for meg på jord."

Men når songane i stor grad går i moll og subbar avgarde i sakte tempo, sig vi litt ekstra saman i benkene.  Jo, det er faste tid nå. Men mi meining er at dei som ein gong komponerte musikken hadde mykje meir jubel og kraft i kroppen enn det kyrkjesongane av og til blir.  Her er så absolutt eit område kyrkja og kantorane både bør og må bli betre på, meiner nå eg.

Så går eg spent til gudsteneste neste gong og lurer på om det er noko nytt å finna, sjå og høyra.  Noko som gjer at unge menneske seier, Jess! I kyrkja i dag var det flott.  Opplevde kanskje litt av den stemninga på G17 gudstenesta i Skjold kyrkje.  Det var til og med ein heil del eldre som møtte til jubel og lovsong saman med den yngre garde.

Ny felles sokneprest i Vikebygd, Skjold og Vats
Jon Ådnøy vert innsett i tenesta i gudstenesta
3. mars i Vats kyrkje klokka 11:00 

av Steinar Skartland 25.2.2013


Sokneprest Jon ÅdnøyJon Ådnøy (61) frå Haugesund skal innsetjast i tenesta som sokneprest for Skjold, Vats og Vikebygd, under gudstenesta søndag 3. mars i Vats kyrkje.  Han har det siste halve året vore fungerande sokneprest i Vats og Skjold. 

Då Ådnøy alt vikarierte i stillinga kunne han gå inn som fast tilsett kort tid etter tilsettinga var offentleg.  I tillegg til ein del år son journalist i NrK og Haugesunds Avis, har Ådnøy bak seg teneste som sokneprest i Florø (10 år), Torvastad og Utsira (9 år) og eit år på Jelsa. Han kjem nå frå teneste som sjømannsprest i byen Alanya i Tyrkia, der han har vore i tre år. Ådnøy fortel at han og kona har tre barn og fire barnebarn som alle bur i Rogaland. Han gler seg til å ta fatt på tenesta i Vindafjord.

-Erfaringa som sjømannsprest er god ballast i møte med nye menneske og liturgiar.
Eg er open for nye ting, seier Ådnøy.
  

Ådnøy bur i Haugesund, men har kontortid i Skjold kyrkje tysdagar kl. 9 – 15:00. Elles er han å treffa på mobiltelefon 932 45 645.  Les meir her

 
Kyrkjeleg omorganisering
av Steinar Skartland 8.2.2013

Eit utval med representantar frå alle sokneråda skal dette året jobba fram eit framlegg om strukturendringar mellom sokna.  Skal det framleis vera eit sokneråd ved kvar kyrkje, eller skal det vera felles sokneråd for fleire kyrkjer?  Dette spørsmålet skal i første omgang utgreiast lokalt før det vert teke stilling i saka om framtidig organisering og inndeling i sokn i Vindafjord. 

I 2013 var Vikebygd kyrkje ei av dei mest besøkte og med eit gjennomsnitt på 80 på alle gudstenester i året.

 

 
 
 
 
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Kyrkjelege endringar
Dugnad opnar opp bygda
Ungd.Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org